Norsk landbrukspolitikk må gå i ei ny retning

KOMMENTAR: Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) etterlyser høgare sjølvforsyningsgrad, men viser liten vilje til å gjere noko særleg med det.

Publisert: Publisert:

Høgare sjølvforsyningsgrad kan vanskeleg oppnåast med dei same, gamle verkemidla. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

  • Mikkjell Lønning
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Måndag 29. juli var landbruksminister Olaug Bollestad på besøk hos gulrotbonden Laurits Stokkeland på Brusand i Hå kommune. Der ville ho profilere arbeidet sitt som årsfersk minister. Blant anna oppmoda Bollestad norske forbrukarar til å kjøpe meir av norske grønsaker, slik at me kan få opp sjølvforsyningsgraden.

Ministeren fortalde vidare at produksjonen skal aukast, og at departementet har sett ned eit utval for å utgreie arbeidet med dette.

Les også

Bollestad ber nordmenn kjøpe mer norske grønnsaker

Dette er ikkje akkurat kontroversielt. Norske grønsaker er dyre samanlikna med utanlandske, men mange av oss kjøper allereie norsk dersom me har råd. At me bør vere sjølvforsynte, er det vel heller knapt nokon som er usamde med Bollestad om.

Det er kontinuerleg snakk om sjølvforsyningsgraden i norsk landbruk. Kanskje vil utvalet kome med nokre interessante forslag, men då må dei ta hardt i, og sjå til nokre av dei nye løysingane som er i ferd med å bli populære i landbruket.

Problemet er at det er mykje i den gjeldande landbrukspolitikken som bryt med oppmodinga til Bollestad. For kvart år får me nye meldingar om at fleire gardsbruk blir lagt ned. Det er blitt mindre attraktivt å halde fram drift for dei med odel, og norsk landbruk blir generelt smalare. Det å driva småbruk har mista status på grunn av ein lang periode med politisk og økonomisk press for å bli stadig større. Og ettersom det stort sett har vore småbruk landbruket i landet har bestått av, har ein altså gradvis saga av greina ein har sete på.

Les også

Naturrasering med skatterabatt

Les også

Frp har hamna i SV-fella

Det multifunksjonelle landbruket

At landbruk er multifunksjonelt, har det lenge vore relativt brei semje om i Noreg. Det er eit slags fundament i politikken på feltet. Landbruk skal gi livskraftige bygder og distrikt, verdiskaping, mindre tilgroing, og mattryggleik. Dette har blitt eit viktig argument for vern av norsk landbruk i Verdas handelsorganisasjon og i handelssamtalar med EU.

Likevel kunne SSB i fjor melde om at kvart femte norske gardsbruk er blitt lagt ned dei siste ti åra. Presset for at brukseiningane skal bli større og færre – noko som kom spesielt fram med Listhaug ved spakane – har gjort at norsk landbruk slik me kjenner det, er betydeleg svekka. Berre tre-fire prosent av norsk mark er dyrkbar, og sjølv om vern av matjord kjem opp i ordskiftet med jamne mellomrom, veit me at jordvernet ofte blir nedprioritert til fordel for andre interesser.

Les også

Norsk gass redder klimaet

Les også

Klimakampen bør starte i vår eigen hage

Større gard, større lån

Norsk landbruk blir og stadig meir forgjelda. Bøndene må intensivere investeringar i større maskinar, større driftsbygg og fleire dyr, alt for å halde på konkurranseevne. Det kostar pengar. Me har nok av døme på store konkursar dei siste åra. Gjeld for kvart bruk er firedobla sidan 90-talet, og mange vil slite viss renta går opp.

Stordrift har blitt det enkle svaret på det meste, men ettersom ein tilsynelatande aldri blir stor nok, blir dette ein evig runddans, der Noreg alltid vil tapa i tevlinga med europeiske konkurrentar.

Storskala industridrift verda over, er alt i dag blant dei fremste bidragsytarane til klimaendringar og tap av natur og biologisk mangfald. Allereie i 2015 viste forsking frå Universitetet i Sheffield at 40 prosent av verdas matjord var kraftig utarma. At me i Noreg går endå meir i denne retninga, vil ikkje gjera anna enn vondt verre.

Les også

Velg klimatiltak og dialog framfor skam

Framtidas landbruk

Det er rett og slett på tide å tenkja heilt nytt. I det nye, framveksande landbruket, er multifunksjonaliteten blitt breiare. Landbruk handlar om alt det har gjort før, men òg trivsel, om å redde klimaet med nye karbonbindande jordbruksmetodar, og om å skape nye sosiale fellesskap. Me ser at parsellhagar og andelslandbruk, utleige av landbruksjord på små einingar, har blitt enormt populært rundt byane. Her får byungdommen lære om landbruk, dei får vere del av eit fellesskap, og dei får kjenne mold mellom fingrane. NAV har blant anna brukt parsellhagar som utgangspunkt for integrering av innvandrarar.

I USA er det blitt særs populært med såkalla marknadshagar. Desse produserer mat på små areal i eige lokalsamfunn. Naboar kan abonnera på matkassar med lokale grønsaker, og slik sørger marknadshagen både for trygg kvalitetsmat, fellesskapsbygging, verdiskaping og sjølvforsyning. Dette blir gjort på tomter heilt ned mot eitt mål.

Ideen om at alt skal bli større og slåast saman er blitt hegemonisk. At landbruket skal bli meir moderne treng ikkje bety at ein må kjøpe den nyaste, kraftigaste traktoren, eller den mest avanserte plogen. Det kan òg bety å tenkje nytt rundt forretningsmodellen, og heller minske storleiken.

Viss sjølvforsyningsgraden skal opp, er det ikkje nok å la forbrukarane ta alt ansvaret. Me må satse på å gi nytt liv til landbruket vårt. Framtidslandbruket slik det veks fram i USA og i Europa, er i stor grad drive fram av yngre generasjonar. Landbruket kan bli hipt, spanande – men då må staten vere med på laget. Omlegginga vil kosta, men den er tvingande nødvendig.

Publisert:

Les også

  1. Det er fortsatt lov å både nyte godværet og snakke om godværet

Mest lest akkurat nå

  1. – Muligens en eller to flere som er positive

  2. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  3. Trump tar kraftig innpå Biden

  4. «Alle prestasjonene er hans egne, men vi har gjort det veldig lett for ham»

  5. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  6. Forbrukerrådet mistenker at Lyse driv prisjuks

  1. Landbrukspolitikk
  2. Olaug Bollestad
  3. Klimapolitikk
  4. Debatt
  5. Hå kommune