Eit fullstendig tankelaust forslag

KOMMENTAR: Frp vil at staten skal blande seg inn i sjølvstendig forsking. Her må innvandrings- og integreringsutvalet tilbake på teiknebrettet, og reflektere over kva det er dei faktisk har foreslått.

Publisert: Publisert:

Jon Helgheim meiner det bør stillast krav til meiningsmangfald blant forskarar. Foto: Åserud, Lise / NTB Scanpix

Nyheitsstraumen er treig om sommaren, men det endrar ikkje det faktum at det nærmar seg valkamp. Partia må profilere seg i media for å få napp i stemmefisket. Framstegspartiet er ikkje framande for populistiske utsegn, men har no klart å ta kaka i årets konkurranse om det mest tankelause forslaget.

Frp vil nemleg avgrense den akademiske fridomen i Noreg, noko som bryt med absolutt alle verdiar, prinsipp og normer me har for forsking her i landet.

Forslaget kjem frå innvandringstalsmann Jon Helgheim, som frontar partiets nye innvandrings- og integreringsutval saman med Sylvi Listhaug. Dette utvalet meiner at norsk akademia er for einsidig i innvandringsforskinga. Som eigentleg er ei grei meining å ha. Det er ingen løyndom at det er få forskarar som stemmer Framstegspartiet, men det gjeld vel strengt tatt alle akademikarar. Me har ikkje eksakte tal fordelt på ulike fagområde.

I eit intervju med Klassekampen sa Helgheim at forskarane er for venstreorienterte, og ønskjer å innføre krav om at fleire skal ha ein høgreorientert bakgrunn. Her høyrest det mest ut som Frp er irriterte over at norsk forsking ikkje passar med partiprogrammet deira.

Les også

Frp-topp Christian Wedler anmeldt etter bokettersyn

Forslaget vil forverre det utvalet ønskjer å løyse

Meir mangfald er alltid noko me bør fremme, sjølv om det verkar ein smule ironisk når det kjem frå Frp i ei sak om innvandring. Skal me derimot stille konkrete krav til mangfald, er me ute på langt tynnare is.

No er det slik at forskarens personlege, politiske meining, ikkje nødvendigvis har noko effekt på utfallet av eit forskingsprosjekt. Skal me begynne å tilsette forskarar på bakgrunn av politisk ståstad, blir det lite anna enn diskriminering.

Institusjonane våre har heller ikkje offisielle meiningar om det og det. Dei baserer seg på forskinga som blir gjort. Ein forskingsinstitusjon har gjerne ein visjon av noko slag som bestemmer kva den skal forske på og kva metode som skal nyttast, men administrasjonen har ikkje lov til å blande seg inn i det faglege innhaldet i eit prosjekt. Det ville skapt furore blant dei fagtilsette.

Dette er faktisk nedsett i lovverket. Universitets- og høgskulelovas paragraf § 1–5 om fagleg fridom, seier at universitet og høgskular skal fremme og verne om akademisk fridom, og at andre ikkje kan gi dei pålegg eller instruksar om tilsettingsprosessen. Det kjem òg eit forslag om lovendring til 2020, som sannsynlegvis vil auke vernet rundt akademisk fridom.

Frp sin påstand om at norsk innvandringsforsking er politisert, er òg problematisk, spesielt for deira eige forslag. Forslaget deira handlar trass alt om å gjere forskinga endå meir politisert. Det er heller ikkje noko belegg for å påstå at innvandringsforskinga er politisk i utgangspunktet.

Forskarane er naturleg nok inspirerte av fagretningane sine, men det handlar igjen først og fremst om metodikk. Det blir produsert mange rapportar her i Noreg som set spørsmål ved innvandring, spesielt knyta til kva effekt det kan ha for norsk økonomi.

Det vil uansett vere nærmast umogleg å bevise at ein forskars personlege meiningar har noko effekt på konklusjonane i eit prosjekt. Av og til, vil eit forskingsarbeid legge for mykje vekt på svar som bekreftar forskaren sin hypotese. Men det blir nok ein gong eit spørsmål om metodebruk, ikkje om bakgrunn.

Les også

Jensen og Listhaug avfeier at Frp er i krise

Som å opne Pandoras eske

Det å i heile tatt foreslå at staten på noko vis bør legge seg opp i forskinga til fagtilsette er håplaust. Heile poenget med akademisk fridom er nettopp å sikre at andre partar, slik som staten, ikkje skal få diktere resultatet i prosjekta. Det er ein ting å etterlyse meir mangfald, men når Frp ønskjer å stille konkrete krav om dette, blandar dei seg direkte inn i det faglege.

Det går sjølvsagt ei fin linje her mellom kva som har ein effekt på akademisk fridom eller ikkje, men med ein gong me tar denne debatten seriøst, har me feila. Dette blir som å opne Pandoras eske.

Det er heller ikkje til å kome unna at eit slikt forslag ikkje vil fungere i praksis, slik dagleg leiar ved Fafo påpeikar i Klassekampen-saka. Skal me ha politiske bakgrunnstestar for forskarar? Og kven skal bestemme kva ståstad som er den politisk korrekte? Må forskarane stemme Frp, eller er det innanfor å vere Høgre-veljar?

Sjølv det sentrale statsapparatet vårt er bygd opp rundt at byråkratane skal vere uavhengige av bakgrunnen sin. Om ein sit i departement, direktorat eller tilsyn, skal ein balansere fagleg sjølvstende opp mot forholdet mellom lojalitet og nøytralitet til den politiske leiinga. Slik sett bryt Frp ikkje berre med reglar for forsking, men òg for byråkratar som sit i statsorgan dei sjølv styrer over. Samstundes kan me trygt påstå at sjølvstende i forsking er viktigare enn det er i byråkratiet.

Med ein gong me tar avgjerder om at staten skal leike storebror for fagtilsette, har me politisert forskinga. Då gjer me nettopp det Frp meiner dei vil unngå. Det går rett og slett ikkje. Her må innvandrings- og integreringsutvalet tilbake på teiknebrettet, og reflektere over kva det er dei faktisk har foreslått.

Les også

Hvor blir det av ideene i politikken?

Publisert: