Skuggane frå Waco
GJESTEKOMMENTAR: 19. april 1993 brann det i hovudbygningen til Mount Carmel Center, der ei religiøs gruppe leia av David Koresh heldt til. Tragedien kastar framleis skuggar.
- Øyvind StrømmenForfattar og journalist

Sundag 28. februar det året skulle den føderale politieininga Bureau of Alcohol, Tobacco and Firearms, mest kjend som ATF, ransaka eigedomen til ei heller obskur religiøs gruppe som noko misvisande vart kalla Branch Davidians.
Bakgrunnen var i hovudsak mistanke om at gruppa hadde mengder av ulovlege våpen.
Skuldingane mot gruppa, leia av 33 år gamle David Koresh, var likevel fleire. Dagen før ransakinga hadde lokalavisa Waco Tribune-Herald trykt den fyrste i ein serie artiklar der Koresh vart skulda for overgrep mot og seksuell omgang med mindreårige.
Raidet gjekk gale. Det oppstod ei skotveksling, og fleire vart drepne, både ATF-agentar og medlemer av Koresh si gruppe.
Etter dette omringa FBI eigedomen i 51 dagar. Den 19. april forsøkte dei å få slutt på det heile ved hjelp av pansra køyretøy og store mengder tåregass. Rundt lunsjtider den dagen for 29 år sidan byrja det å brenna i hovudbygningen på eigedomen. 76 av Koresh sine tilhengjarar mista livet til flammane, som eit resultat av røykforgifting eller etter å ha vorte skotne. Ein 3 år gammal gut døydde etter å ha vorte stukke i brystet med kniv.
Amerikanske styresmakter meiner det var Koresh og tilhengjarane som starta brannen, som del av eit massesjølvmord. Mykje tyder på at det stemmer. Men ytst på den amerikanske høgrekanten byrja det fort å svirra påstandar om at det var FBI som hadde starta brannen.
Blodige konsekvensar
På dagen to år seinare gjennomførte Timothy McVeigh det til då blodigaste terroråtaket i amerikansk historie. Han sette av ei bombe ved ein føderal bygning i Oklahoma City. 168 menneske vart drepne, inkludert 19 born. Datoen var ikkje tilfeldig. McVeigh sitt terroråtak var meint som ei hemn.
McVeigh vert ofte framstilt som ein «einsam ulv». I røynda var han ikkje ein gong åleine om planlegginga av det grufulle terroråtaket. Vel så vesentleg i vår samanheng: McVeigh hadde delteke i og henta idéane sine frå ei breiare rørsle, den såkalla patriotrørsla. To år tidlegare hadde han drege til Waco medan FBI omringa eigedomen Mount Carmel. Til liks med mange andre i rørsla såg han på denne tragedien som ei massakre utført av føderale styresmakter, og som eit startskot på ein krig mellom amerikanske styresmakter og ekte amerikanske patriotar.
McVeigh ynskte å slå attende, også inspirert av boka «Turner Diaries», ein slags rasistisk fabelprosa der hovudpersonen, Earl Turner, deltek i ein ekstremt valdeleg revolusjon mot styresmaktene, og mellom anna gjennomfører eit åtak mot ein føderal bygning ved hjelp av bombe av same type som den McVeigh nytta i Oklahoma City.
Det er verdt å merka seg at McVeigh i enkelte høgreekstreme nettmiljø har ei høg stjerne den dag i dag. Det gjeld ikkje minst blant såkalla akselerasjonistar, som drøymer om å påskunda ein komande rasekrig gjennom ekstrem valdsbruk, og som hyllar ugjerningsmenn som både McVeigh og norske Anders Behring Breivik.
Øyvind Strømmen: «Draumen om ein rasekrig?»
Øyvind Strømmen: «I dårleg familie med ekstremisme og konspirasjonsteoriar»
Øyvind Strømmen: «Ytre høgre lurer i skuggen av koronaen»
Waco som startpunkt
Waco kastar lengre skuggar. Som forskaren Sam Jackson påpeiker i ei bok om militsgruppa Oath Keepers – ei av gruppene som i høgste grad var til stades i samband med storminga av den amerikanske kongressbygningen 6. januar i fjor – speler hendingane i Waco i 1993 stadig ei viktig rolle for mange i den amerikanske patriotrørsla.
Oath Keepers er blant dei som meiner at Waco illustrerer føderale styresmakter sine overgrep mot amerikanarar, mot Grunnlova og mot gudgitte rettar. Dei meiner også tilsvarande kan koma til å skje igjen. Ja, ordet «waco» har til og med vorte nytta som eit slags verb av gruppa, for å skildra slike overgrep mot sanne amerikanske patriotar.
Alex Jones
I patriotrørsla svirrar det sjølvsagt mengder av konspirasjonsteoriar, men Waco speler også ei rolle i breiare amerikansk konspirasjonsteori-kultur. Lite illustrerer dette betre enn forteljinga om ein ung og ganske ukjend radiovert som vitja åstaden for tragedien nokre år etterpå, i år 2000. Han omtala då staden som «eit monument over øydingane til politistaten», før han la til: «Velkomen til den nye verdsordenen».
Den unge mannen var Alex Jones. Han er i dag ein dei mest sentrale aktørane innan amerikansk konspiranoia. Via nettstaden Infowars og på The Alex Jones Show har han omfamna ei nær endelaus rekkje konspirasjonsteoriar: forteljingar om mørke, sataniske komplott; påstandar om at amerikanske myndigheiter sjølv stod bak terroren 11. september; «Pizzagate»; idéen om eit pågåande skjult folkemord mot kvite; førestillinga om at global oppvarming er ein slu svindel og så vidare. Jones har spela ei sentral rolle i å dra mange ned i konspirasjonsteoriane sitt djupe kaninhol.
Men det starta på mange måtar med Waco, og med ein kampanje for å bygga opp att Mount Carmel-senteret. Det var gjennom denne kampanjen at Jones fyrst klarte å få nasjonal merksemd i USA.
I dag vil mange vera samde i at både AFT og FBI handterte situasjonen i Waco elendig, og mange vil meina dei bar ein heil del av skulda for tragedien. Dei som har interesse av vanvit på den amerikanske høgrekanten – i ulike variantar – kjem samstundes ikkje unna arven etter Waco.