Kven er vi etter koronaen?

KOMMENTAR: Den einaste vegen ut av pandemien kan ikkje vera at absolutt heile folket må marsjera i same takt og sjå i same retning. For kven er vi då?

Vaksinegraden i Norge er skyhøg.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg får klump i magen av å lesa om dei uvaksinerte. Fleire klumpar. Ein av dei er frykt for kva det kan gjera med oss om vi gir ei gruppe ein merkelapp, skil dei ut frå oss, gjer dei til «dei andre», – og i neste omgang gir dei skulda for det som ikkje går opp.

Ein annan er rein irritasjon over kva dei høglydte blant dei kan få seg til å seia, ein tredje kva den irritasjonen kan få meg til å meina, ein fjerde kva eg dermed ikkje ser.

Kven er dei?

Nå er «heilt uvaksinert mot covid-19» sjølvsagt noko fleire faktisk har felles. Til saman 7–8 prosent av vaksne over 18 år her i landet. Men det er fort gjort å meina at dei har meir til felles enn akkurat det.

Forskarar har intervjua folk i Tyskland som har deltatt i demonstrasjonar, og latt andre svara på spørsmål på nett. Dei fann at vaksinemotstandarane (og det er det ikkje sikkert alle uvaksinerte er) held fram ansvar for eige liv som noko absolutt. Dei skal bestemma sjølv, det er individet som tel. Dei godtar berre reglar dei sjølv kjem fram til. Dei seier også at dei er opptatt av kritikk, og av sjølv å gå til kjeldene. Forskarane meiner dette ofte skjer i så stor grad at dei ser seg sjølv som spesielt innvigde, nærmast som utvalde. At dei rår over ein høgare kunnskap, sanninga om dei verkelege årsakene.

Vi har ikkje tilsvarande forsking frå vårt eige land. Men Vårt Land siterer frå ein studie av forskaren Tove Fjeld, som har sett på kven det er som held fram motforteljingar om koronaen. Hovudforteljinga, meiner Fjeld, er om viruset som ein enorm trussel, og vaksinen og ei rekke andre tiltak som redninga. I motforteljingane finn ho stemmer som spenner frå dei som avviser at viruset er farleg, til dei som meiner at ein elite står bak og vil ta kontrollen over heile verda. Også Fjeld finn at dei ofte vil framheva at dei er sjølvstendige, tenkande og opplyste, i motsetning til ikkje-tenkjande menneske.

Fleirtalet av oss, som har tatt vaksinen, er i desse bilda sovande sauer, vi har slutta å lytta til «vår indre stemme», som «Anne» i artikkelen til Vårt Land seier det.

Provoserande

Det er ein ganske provoserande gjeng. Sin eigen fridom, sine eigne reglar. Og gjerne nøkkelen til sjølve sanninga. Anten i form av Gud eller predikantens stemme, eller i ei slags overtyding om at du er din eigen lykkes smed. Viss du berre lever riktig, trener riktig, et riktig, er i pakt med deg sjølv, så blir du heller ikkje sjuk. Og kanskje mest provoserande – det der er nok. Sosialt ansvar er ikkje eit tema, heller ikkje om det finst grenser for eigen fridom.

Men dette er stemmene forskarane finn der høglydte vaksinemotstandarar gjerne samlast. Det er ikkje dermed sikkert dei utgjer så mange i gruppa uvaksinerte. Her finn vi kanskje også kvinner som nøler fordi blødingsforstyrringar er blant rapporterte biverknader, vi finn ei stor gruppe utanlandsfødde, og blant desse igjen, folk frå land der det absolutt ikkje er grunn til å lytta til dei som styrer. Og vi finn folk som ennå ikkje er sikre på om akkurat denne vaksinen er trygg nok.

Men til saman, til saman er dette altså berre 7–8 prosent av oss. Det bør vi ha rygg til å tola. Vaksinegraden i Norge er skyhøg.

Vegen ut

Den enklaste løysinga her og nå er jo at ein stor nok rest av den vesle flokken uvaksinerte lar seg overtyda, tar vaksinen og dermed får bort koronapresset på intensiven. Det hadde vore fint, det. Men eg trur det ikkje før eg ser det.

Eit alternativ er koronapasset, av den sorten ein ikkje kan testa seg bort frå. For det er ikkje så farleg om vaksinerte smittar kvarandre, det er i stor, stor grad dei uvaksinerte som blir så sjuke at dei hamnar på intensiven. Koronapasset vil gi svært mange kvardagen tilbake. Og dei fleste uvaksinerte kan velja seg ut, ved å ta vaksinen.

For om vi ikkje alle bør marsjera i takt, kan vi heller ikkje alle gå rundt i vår eigen absolutte fridom heile tida. Det går heller ikkje opp. Min fridom sluttar der din begynner. Det må det vesle, men svært høglydte mindretalet blant uvaksinerte også forholda seg til.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Koronatiltakene må ha tillit»

Kostnaden

Utgangen av pandemien kan ikkje vera at absolutt alle må festa blikket i same retning, før vi kan sleppa opp. Baksida av eit slikt bilde er mindre tillit, tillit av den sorten som er sjølve limet og drivkrafta i samfunnet. Baksida er også at vi rettar energien og kritikken mot ei gruppe utan ansikt, utan makt, utan felles agenda, i staden for å retta den mot dei som sit med politisk makt, pengemakt og helsemakt.

For vi stengde Norge for å redda liv. Så stengde vi Norge for at vi ikkje skulle sprenga kapasiteten på intensivavdelingane. Og vi stengde igjen, – for å bremsa smitte, vaksinera meir og verna om kapasiteten på sjukehusa.

Nå blir også sjukefråveret i helsetenestene, anten det er på sjukehusa eller i kommunane, trekte inn som noko vi på ein eller annan måte må stengja ned for.

Kan politikarane finna på å halda ungdommane våre heime på soverommet fordi sjukefråveret i helsetenestene er for høgt?

Kor høg kostnad har det for folkehelsa?

Kven er politikarane våre, viss dei kan dytta kven som helst av oss ut av kvardagsliva vi står i, når som helst og kor mange gonger som helst, og forventa betre fungerande helsetenester av det?

Og kven er vi då?

Les også

  1. «Vi skal ikkje bli vant til det. Ikkje denne gongen heller»

  2. – Ta vaksinen, når du kan

  3. 30 vaksinerte og ellers friske lagt inn på intensiv det siste året: – Det er svært sjeldent

  4. Nå trygler rektorer og elever om å få komme tilbake på skolen

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Kor stor og sterk skal Stavanger kommune gjera seg i møte med sårbare «Nora»?

  2. – Sjå for meg Jens Stolten­berg utan å ten­kja poli­tikk? Det går ikkje

  3. Den einaste vegen ut av pandemien kan ikkje vera at alle må marsjera i same takt og sjå i same retning. For kven er vi då?

  4. «Det er grenser for kor mykje risiko vi kan fjerna, før vi blir ståande heilt stille. Og det gjeld ikkje berre koronarestriksjonar»

  5. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  6. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Koronaviruset
  3. Covid-19