For far si grandtante var Amerika håpet

GJESTEKOMMENTAR: I 1903 reiste 28 år gamle Kari Hjorteland til vestkysten av Amerika. To timar etter ho kom fram blei ho gift med ein norsk nyryddar og busette seg i eit holt tre i storskogen i Oregon.

Kari Hjorteland emigrerte til Amerika i 1903. For henne symboliserte landet håp. No vurderer tippoldebarnet hennar å emigrera frå USA, for ho har mista trua på landet sitt.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Kari hadde aldri møtt Ole Anderson frå Numedal, men dei hadde brevveksla ein periode. Han betalte amerikareisa for brura si. Brudgommen åtte sin eigen kropp og 640 mål dyrkbar jord. Paret fekk etter kvart fem jenter og ein gut. Guten levde bare nokre timar, og dei måtte gravleggja han under eit tre i skogkanten, for det var for langt til næraste kyrkjegard.

I formoras fotefar

I sommar møtte dotter mi og eg ei ung kvinne frå Los Angeles på Sand. Ho er eit av Karis tippoldebarn. Den unge kvinna og kjærasten hadde komme til Suldal for å gå i fotefara til formora. Ho visste det stod ei statue av Kari på Sand, reist til minne om henne og andre utvandrarkvinner frå Suldal. Støtta har utsikt mot fjorden der Karis store reise begynte i 1903.

Etterpå køyrde amerikanarane til Hjorteland. Dei gamle husa er borte, men landskapet og nutane er dei same som Kari såg. Dei unge var overbegeistra. Dei følte dei hadde vore i kulissane til ein Julie Andrews-film. Og all villmarka dei hadde køyrt forbi på vegen dit! Slikt såg ein berre i nasjonalparkar i USA, kunne dei fortelja.

Kari Hjorteland emigrerte til Amerika i 1903. For henne symboliserte landet håp. No vurderer tippoldebarnet hennar å emigrera frå USA, for ho har mista trua på landet sitt.

Sjølv vurderer dei å emigrera til England på grunn av den politiske uroa og utviklinga i USA. Dei fryktar Trump skal komma tilbake til makta. Eg kjenner amerikanarar som har busett seg i Norge fordi dei ikkje ser noko framtid i heimlandet, dei vil bu i eit land med betre helse-og skulevesen.

Statsvitar Gunnar Grendestad skriv at amerikanarane si tillit til institusjonar har falle dramatisk, spesielt til USAs føderale høgsterett og presidentembetet. Amerika hadde ein heilt annan klang i Karis øyrer. For fjellbygdene i Norge var på Karis tid ingen musikal-kulisse for kvinner som hadde fått barn utanfor ekteskap.

Flytta frå lagnaden sin

Å dra til Amerika skulle gi henne ein ny start, i eit land ho frå brevvekslinga visste var raust med jord og på alle vis friare. Fullt av framtid om ein arbeidde hardt, noko ei kvinne frå ein fjellgard visste alt om.

I Amerika var kvinner i underskot, medan landet ho forlèt hadde for få menn, på grunn av den store utvandringa. Mellom 1820 og 1920 reiste om lag 800.000 nordmenn til Amerika. Dei aller fleste av desse var menn. Blant kvinnene som drog til Amerika, var det nok fleire som flytte frå sosial kontroll og vanære. Kari var blant dei som hadde hamna i «uløkka» og født eit såkalla uekte barn. Gutebarnet fekk diverre ikkje leva opp. Kari ville nok uansett hatt problem med å bli gift i gamlelandet, fordi landet mangla menn, men også fordi eit uekte barn hefte ved kvinners rykte på ein heilt anna måte enn ein mann.

Den nær 30 år gamle Kari stod dermed i fare for å enda opp som som gamal jente, der ho gjekk frå grend til grend med symaskinen på ryggen for å tena til livets opphald.

Kva tankar gjorde Kari seg før ho la ut på den uendeleg lange reisa over Atlanteren? Då skipet la til kai bar det med tog tvers over det amerikanske kontinentet, frå hav til hav. Ho visste at ho aldri skulle heim igjen. Å emigrera var å ta farvel for alltid, med gamle foreldre, søsken, vener, nutane, heiane og sauene ho likte så godt, for å bli kasta inn ein heilt ny kultur og levemåte, med eit heilt nytt språk som det tek lang tid å kle kjensler i. Så ho skreiv brev på norsk til dei heime, og dei skreiv til henne.

For Kari lengta og dei heime sakna. Tallause amerikabrev flagra att og fram over land og hav frå Oregon og til fjellgarden i Suldal. I rundt 50 år skreiv dei til ein annan, Kari i Oregon og slekta på Hjorteland. Basert på dei mange breva skreiv Jon Moe ein dokumentarisk roman om Kari Hjortelands utvandrarsoge. Det er ei forteljing om kvardagsliv ved Stillehavet, rikt på merkelege hendingar, hopehav med indianarar, bjørnejakt og laksefiske. Men det er også ei skildring av folk og tilhøve i gamlelandet.

Historia går i sirklar

Eg tok denne boka fram igjen då eg skulle møta den unge kvinna frå Los Angeles. Møtet og boka sette mange tankar i sving, både om tilhøva i USA, men også om menneske som er på flukt og om korleis alt, både historia og folk er i stadig rørsle. Snart kan det vera me som må bryta opp og dra frå alt det kjende.

Boka om Kari er dessutan eit viktig bidrag i å løfta fram kvinnene frå historias mørke. Som ei brosje låg historia om pioneren Kari og skimra mellom tynt brevpapir, klar til å plukkast fram av ein flink ordsmed med syn for kvinners kår.

Kari Hjorteland Anderson fekk eit betre liv i storskogen i Oregon. Mannen ho hastegifta seg med, viste seg å vera ein god og driftig mann. Saman arbeidde dei dag og natt, i eit land fullt av muligheter. For henne blei Amerika til fridom og opna vegen for eit nytt liv med større velstand enn eit liv som ugift kvinne i Norge ville gitt.

No er landet ho forlèt ein stad menneske søker til for å finna håp og framtid. Eg kikkar litt på støtta hennar, og ville gjerne spurt: Kva tenkjer du no, Kari Hjorteland?

Fjellbygdene i Norge var på Karis tid ingen musikal-kulisse for kvinner som hadde fått barn utanfor ekteskap. Å dra til Amerika skulle gi henne ein ny start, i eit land ho frå brevvekslinga visste var raust med jord og på alle vis friare.

Les også

  1. Velgerne i USA har omtrent ingen tillit til Kon­gressen. Falske anklager ødelegger demo­kratiet

Publisert:
  1. Suldal
  2. Los Angeles
  3. Stavanger
  4. Trump
  5. England

Mest lest akkurat nå

  1. Siktelsen utvidet - rettssaken utsatt

  2. Mann med finlandshette utløste bevæpnet politiaksjon i Stavanger sentrum

  3. Erling Braut Haaland har sendt Gabriel og kona opp og ned trappene i lang tid

  4. Dødsulykken i Strand: Laste­bil­sjåføren vil ha fører­kortet til­bake

  5. HRS: Båt skal ha kjørt på land i stor fart

  6. Viking og Bjørshol ble endelig enige - blir ut 2025