So long, Frankie boy

Nokre menneske får deg til å ville kjenna deg som ein betre person. Frank Aarebrot var mellom dei.

Publisert: Publisert:

Frank Aarebrot på eit treff for 250-årsdagen til Storebrand sist året. Sjølv vart han 70 år. Foto: Lise Åserud/ NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Han var mellom anna alltid stø på Arbeidarpartiet.

Han var alltid tilgjengeleg på mobil og mail.

Han var raus, røykte for mykje sjølvsagt, mista ein fot på såkalla røykebein, men nølte aldri med å dela ein kommentar eller ei meining. Han kunne mykje, men fekk meg aldri til å kjenna meg dum eller inkompetent.

Les også

Statsministeren takker Frank Aarebrot for hans livsverk

For oss som ikkje er så påkopla politikk: Frank Aarebrot var landets fremste valforskar gjennom 40 år. Han har gitt mange eit godt tilbod via Universitetet i Bergen. Han døydde denne helga 70 år gamal.

For meg var Aarebrot på mange måtar den klassiske bergensar: Han skarra, han hosta og han visste alltid, alltid best med eit såkalla glimt i auga.

Han etablerte eit utruleg klima for meiningsmålingar og politisk journalistikk.

No vil jo nokon meina at meiningsmålingar har teke heilt over i den politiske debatten, men Aarebrot var ein meister i å ta målingane ned og forklara kvifor tala gav desse utslaga.

Eg er berre ein meinig journalist, men eg veit at Frank skapte kolossal begeistring ved UiB gjennom fleire tiår. Han var ved Institutt for sammenlignende politikk ved Universitetet i Bergen i 40 år.

No er han død, etterlet seg kone gjennom eit langt liv og to barn. Han døydde av hjerteinfarkt etter ein tur til England førre veka.

Sjølv om han alltid var tydeleg på at han var på Ap-linja, var han aldri føreseieleg. Aarebrot hadde analysar av historia og politikken som få andre. Det var ikkje alltid me var samde, men han gav stor inspirasjon og vilje til ettertanke.

Tidvis tenker eg at eg er ein mann nær 50 som vert lei meg fordi David Bowie og Prince døydde for tidleg.

Eg trur at for nokon av oss så definerte Aarebrot meir av livet vårt. Han gav oss kunnskap, han skapte engasjement som bysbarn Erna Solberg (H) melder på NTB.

Mannen som vart årets bergensar i 2014 er ute av soga. Men me vil hugsa han som ein som kunne tenka annleis og ute av boksen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  2. Geir Zahl gir tilbake sparepengene fra Kaizers

  3. Legesenter holder stengt etter at pasient testet positivt for korona

  4. Politiet dro inn 231.000 kroner for ulovlig kjøring i Lindeveien

  5. Tenkte først «her kan vi jo ikke bo»: – Dette stedet, altså. Her har jeg funnet roen.

  6. Stadig flere gjør som Katinka. Forsker mener idretten svikter voksne kvinner.

  1. Frank Aarebrot
  2. Politikk