Abortlova: Høgres pirking i såret

KOMMENTAR: Eg trudde eg kunne klara å skriva om abortlova frå eit romsleg perspektiv. Eg tok feil.

Publisert: Publisert:

KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad skal forhandla om plass i regjeringa med statsminister Erna Solberg. Abortlovas paragraf 2c ligg på forhandlingsbordet. Foto: Terje Pedersen, NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Ei gravid kvinne er det synlege teiknet på seksuelt samkvem, det er eit livets under, om ein er religiøs eller ikkje, det er menneskas finaste teikn på at livet går vidare, at vi står i ein samanheng, at det finst ei framtid å tru på, ta ansvar for og beskytta. Det er menneska på sitt aller mest sårbare. Bare i møte med død og andre sterkt livsendrande hendingar er vi like såre. Like klare over kor skjørt livet er. Kor fort det kan endrast for alltid.

For kvinna har det også kunna enda i skam, i øydelagt helse, i fattigdom og urimelege livsvilkår pålagde henne av andre. Knytt til mannens, familiens, kyrkjelydens, moskeens, krigens eller samfunnets ønske om eigarskap til hennar kropp, seksualitet og ufødde barn.

Det er ikkje lite. Det er det aller såraste såret i kvinnehistoria. I alle samfunnslag, til alle tider, i alle land. Alle diskusjonar om abortlova pirkar i dette såret.

Litt mindre verd

Difor kjennes det for meg umogleg å gå tilbake dit der storsamfunnet pålegg kvinna å bera fosteret fram. Eller der utanforståande skal overprøva eller godkjenna ei gravid kvinnes eigne vurderingar. I den augneblinken vi gjer det slik, vi som er storsamfunnet, er eit vakse kvinneliv litt mindre verd enn andre vaksnes liv. Då er eit kvinneliv igjen underlagt korleis storsamfunnet ønskjer å sjå seg sjølv. Eigenverdien får du bare ha inntil eit viss punkt. Og det punktet er akkurat der du står i ei djup livskrise, og meir enn på noko anna punkt i livet treng å kjenna at ditt liv, kropp og framtid ikkje skal måtta overgivast til utanforståande. Eller at dine vurderingar for ditt eige liv og for det vesle, ufødde du ber på skal overprøvast av storsamfunnets interesser.

Men det ufødde livet har inga eiga stemme då, berre di. Kven skal snakka for det? Kven kan gjera det?

Uløyseleg

Det er ikkje løyseleg. Det kan aldri slutta å vera eit tungt, etisk dilemma. Kor sterkt rettsvern skal eit foster ha? Kor mykje eigarskap kan storsamfunnet ta over vaksne kvinners kropp og framtid? Kor mykje likeverd kan vi ta frå vaksne kvinner? Kan vi gjera det viss alle enkeltvala til kvinner og partnarane deira i sum sorterer ut visse typar menneske?

KrF sin kamp står der. Mot det dei kallar sorteringssamfunnet. Det meiner eg dei skal få respekt for. For teknologiske og medisinske framsteg stiller oss overfor fleire og fleire slike etisk vanskelege val. Vi må kjenna dei igjen som det.
Den medisinske etikaren Morten Magelssen er redd for at vi på eit punkt kan koma til å kutta den strengen menneskelivet beveger seg ut frå, men aldri kan koma vekk frå – det sårbare ved alles liv, det vi ikkje kan styra, det vi ikkje veit om ein dag vil endra alt. Kanskje er det også det som knytar oss til andre menneske, det som får fram omsorg, kjærleik og empati. Det som gjer at vi veit at vi treng dei andre, og veit at det kan vera såre grunnar til at andre treng oss meir enn vi dei.

Alle kvinner er ikkje kloke, alle graviditetar spring ikkje ut av ømme, gjennomtenkte refleksjonar om å setja barn til verda i ein kjærleiksfylt familie, det finst også langt enklare og meir korttenkte mekanismar som fører fram til graviditet.

Men beskjeden om at barnet du ber på, eller skal bli far til, er alvorleg sjukt eller har alvorlege avvik, trur eg ikkje ein kan bli usårbar mot, sjølv om ein veit at ein kan avbryta svangerskapet. For det er det diskusjonen handlar om denne gongen. Paragraf 2c i abortlova. Her snakkar vi om kvinner som er halvvegs uti graviditeten. Både dei og far har høyrt dei små, forte hjarteslaga bak mors eigne tunge, mange gonger.

Paragraf 2c

Er det påvist alvorleg sjukdom og avvik ved fosteret, seier paragraf 2c at det er nok i seg sjølv til å kunna få abort. Kvinna kan søkja om seinabort til ei nemnd av to legar. Ho treng ikkje forklara.

For å koma KrF i møte, ser Høgre på om det er muleg å ta vekk paragrafen, for ikkje å diskriminera menneske som dei med Downs, som går rundt og veit at foster med tilsvarande eigenskapar som dei, kan veljast vekk. I staden vil dei ta inn ei formulering om seinabort «viss fosteret ikkje er levedyktig». Men Høgre vil ikkje at dette i praksis skal føra til fleire avslag på slike søknader om abort. Det vil dei unngå ved at nemndene skal leggja større vekt på kvinnas livssituasjon og hennar eiga vurdering av denne.

Les også

Bent Høie: - Abortloven er diskriminerende

Les også

Solberg: Ikke Høyres politikk å endre abortlovens 2c

Ei anna diskriminering

Det er å diskriminera kvinner. Det er å sortera gravide kvinner over i ein kategori menneske som ikkje sjølv er i stand til å ta heilt avgjerande val for si eiga, familiens og dette fosteret si framtid. Det er å pirka i såret om at kvinner igjen kan bli bedne om å bøya kne, kropp og vilje for storsamfunnet.

Så kan ein spørja om ikkje kvinner kan gå med på det? Om det ikkje er eit nokså lite offer, om ikkje den som ber på nytt liv, må tola at storsamfunnet av og til vil dobbeltsjekka, overstyra, og gå inn og beskytta andre grupper mot å kjenna seg diskriminert av dine val?

Eg klarer ikkje gå dit. Eg klarer i alle fall ikkje gå dit når grunnen til det først og fremst synes å vera Erna Solbergs ønske om å få fortsetja som statsminister. Når ei endring som kan gjera eit kvinneliv litt mindre verdt, ikkje ein gong blir gjort for at fleire ufødde skal bli fødde. Kva ein skal kalla det, er eg usikker på. Men noko romsleg perspektiv på slikt, det klarer eg ikkje finna.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

Les også

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Abort
  3. Erna Solberg
  4. Kristelig Folkeparti (KrF)