Det vaksne veit

KOMMENTAR: Det er ikkje mørket i deg sjølv eller i andre du skal dyrka.

Publisert: Publisert:

Det er ikkje all smerte vi klarer lindra eller forstå. Men den heilt eksistensielle erfaringa i alltid å prøva å gå ut i lyset igjen, må vi få vidare til neste generasjon. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Jan Gunnar Øveraas har mista dotter si. Anette tok sitt eige liv, 15 år gammal. Ho hadde slite, ho hadde eit halvt års tid gått til samtalar i barne- og ungdomspsykiatrien – BUP. Men det gjekk betre, trudde dei rundt henne. Ho hadde fått seg sommarjobb, skulle kjøpa seg motorsykkel for pengane, ho gledde seg til å begynna på elektronikklinja på vidaregåande, og hadde planar om å bli flymekanikar. Ho hadde vener. Ho var frå Brønnøysund.

Berre ei veke tidlegare hadde venninna hennar tatt livet av seg. I vekene etterpå prøvde eit tjuetal ungdommar det same, ifølge Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Brønnøysund. Eitt år seinare tok ei då 16 år gammal jente ein annan stad i landet livet sitt. Ho kjende jentene i Brønnøysund.

Bekymringane

Alarmen gjekk blant dei vaksne i Brønnøysund denne første sommaren. Dei var alt bekymra for dette ungdomskullet. Ei undersøking i skulen hadde vist at veldig mange sleit, veldig mange var einsame.

Nå såg dei at ungdommane samla seg i sorg, dei hadde minnemarkering på minnemarkering, utan vaksne. Kommunen oppretta krisesenter og hjelpetelefon, men ingen kom, og ingen ringte. På eit tidspunkt bad folk i kommunen kyrkja om å stengja dørene. Dei var redde for at ungdommane romantiserte sjølvmorda. Men minnemarkeringane blei bare flytta utandørs.

To år seinare seier ungdommane ennå at dei er redde når dei legg seg om kvelden. For å mista fleire. Og dei syns ikkje det har blitt lettare å snakka med vaksne. Dei meiner dei vaksne er meir opptekne av at Brønnøysund ikkje skal få eit dårleg rykte på seg, enn av å ta tak i unges psykiske helseproblem.

Det vanskelegaste av alt

Det er NRK som har fortalt denne historia. Dette er det vanskelegaste av alt vi skriv om i pressa, eller tenkjer å skriva om. Det er så skjørt. Det er smerte, sorg og tap. Det er respekt for dei som er borte og for familiane deira, for sjukdom vi ikkje veit noko særleg om, det er faren for å leggja steinar til alt blytunge bører. Og det er faren for å koma til å skriva på ein måte som for ein einaste lesar kan få dette til å sjå ut som ei løysing.

Men far til Anette ber foreldre passa på at dei ser ungane sine. Han trudde han gjorde det. Og han ber ungdommane halda seg borte frå mørke kammer på nettet.

For på mobilen til Anette fann han ei mørk, depressiv verd han ikkje ante eksisterte. Ein lukka profil på instagram. Ho hadde 106 følgjarar. Dei delte depressive tankar, delte bilde av sjølvskading og av kor mange sting dei hadde sydd, dei leika med tanken på sjølvmord. Og reglane var strenge – ingen hadde lov til å dela noko som helst av det som blei sagt der inne med nokon. Det var bare unge der, som støtta kvarandre, og samtidig drog kvarandre ned i avgrunnen. For det var det depressive dei gjenkjente, anerkjente og støtta hos kvarandre.

Ingen veit

Anette delte aldri dette med nokon vaksne. Ikkje med familien, ikkje med hjelpeapparatet. BUP kjende ikkje til profilen hennar på Instagram. NRK har funne hundrevis av liknande, mørke profilar der ute. Innhaldet er for sterkt og for mørkt til at dei vil gjengi noko av det. Sjølv om dei bare har vore inne på opne profilar.

Ingen veit sikkert kvifor desse jentene tok livet sitt. Det skal vi også la liggja.

Men faren sin inderlege appell skal vi ta med. For indre smerte, følelsen av å vera annleis og aleine, frykt for ikkje å klara kvardagen eller for ikkje å høyra til i andres kvardag, den er ganske vanleg. I alle nyansar. Innimellom blir vi overvelda av livet, sette ut av det. For det første fordi livet faktisk kan vera ei skikkeleg bølle som tar lite omsyn til kva folk er klar for å få i fanget, eller om dei alt har fanget fullt. For det andre fordi ein kan kjenna seg så heilt aleine. Skjør. Det er ein av dei grunnleggjande erfaringane med å vera menneske.

Gå vekk frå kanten

Men vi dunkar jo ikkje unge folk i hovudet med alt som kan gå galt i livet. Vi vil ikkje knusa draumar, vi vil ikkje ta motet frå nokon. Og vi vil ikkje gi det mørkaste i livet for stor plass. Det er også eit nedarva medvit, frå generasjon til generasjon, kultur til kultur, livssyn til livssyn: Gå vekk frå kanten! For det finst ein avgrunn. Kanskje noko ein bare anar, kanskje noko ein slit med å halda seg oppe frå. Om ein har aldri så lyst sinn, så veit dei fleste vaksne at det finst mørke krokar der. Ein veit om dei, og ein veit at ein ikkje bør bli verande i dei. Og saman med denne nedarva erfaringa kjem måtar å takla det på. Som å dela det med nokon. Få stadfesta at det kanskje ikkje er så rart å ha det sånn, at du kanskje ikkje er den einaste som kan tenkja slik.

Songar, salmar, bøker og biblar er fulle av det – det er Styggen på Ryggen og Alltid Freidig og Santa Lucia, det er folk til alle tider som forbannar mørket, og manar motet og lyset fram.

Det er ikkje all smerte vi klarer lindra eller forstå. Men den heilt eksistensielle erfaringa i alltid å prøva å gå ut i lyset igjen, må vi få vidare til neste generasjon:

Hald fast! Det er ikkje mørket i deg sjølv eller i andre du skal dyrka. Det er ikkje honning der. Berre smerte.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Selvmord
  3. Psykiatri
  4. Instagram
  5. Solveig G. Sandelson