Giske-saka: Grensene er flytta. La dei stå!

KOMMENTAR: 13 av 19 lokallagsleiarar i Trøndelag trur på Trond Giske som ein muleg statsråd i ei eventuell ny Ap-regjering. Det er for nærsynt.

Ap’s Trond Giske tilbake på jobb, som stortingsrepresentant for Trøndelag.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Trond Giske har lang erfaring som statsråd. Han var statsråd i 2010, for Nærings- og handelsdepartementet. På reise for regjeringa, og som æresgjest ved den norske ambassaden i New Delhi i India, skal han ha klemt ein 23 år gammal praktikant opp mot veggen og stukke tunga ned i halsen på henne.

Tidlegare på kvelden skal han ha oppført seg såpass ubehageleg på dansegolvet at ei anna kvinne og mannen hennar valde å forlata festen.

Jenta trekte seg

Som statsråd for kultur i 2009 skal han ha dukka opp så rusa på ein utestad full av elevar i vidaregåande, at den kvinnelege lokallagsleiaren i AUF kjende ho måtte gripa inn. Løysinga blei å følgja den norske kulturministeren tilbake til hotellet hans og opp til rommet. Der han ville kyssa, og at ho skulle bli. Året før, etter eit partiarrangement, skal Giske ha bedt den same då 18 år gamle AUF-aren bli med i opp i leilegheita hans for å henta drikkevarer til eit nachspiel. Det viste seg at Giske ville dei skulle bli der, han kyssa henne, og strauk henne på ryggen under skjorta. Jenta seier ho blei sjokkert og redd. Ho gjekk på badet og ringde ei venninne, og bad henne koma å hjelpa henne dersom ho ikkje snart kom tilbake på nachspielet. Det blei ikkje nødvendig. Men jenta trekte seg frå politikken.

Les også

Reaksjoner etter Giske-comeback

Fallet

Dette er to av varsla mot Trond Giske som førte til at han blei fråteken vervet som nestleiar i partiet, plassen i sentralstyret og vervet som finanspolitisk talsmann for Ap på Stortinget.

Dei to kvinnene som varsla om dette, har stått fram med namn i media. Dei andre varslarane kjenner leiinga i Ap og Trond Giske identiteten til.

Vervet som stortingspolitikar kan han etter Grunnlova verken fritas for eller be seg fritatt frå. Sist helg begynte han på jobb igjen. Han var på lokallagsmøte i Trøndelag, der nye Orkland Ap blei stifta. Han fekk ståande applaus. Og han fekk applaus under talen då han refererte til songen «You’ll never walk alone.»

Han var lei seg, han beklaga, og han berømma varslarane for motet dei hadde vist.

Og 13 av 19 lokallagsleiarar trur han kan bli statsråd igjen. Bare to sa nei.

Les også

Giske beklaget upassende og ubehagelige hendelser

Snu

Alle må få reisa seg etter eit fall. Alle må få sjansen til å byggja opp igjen den tilliten dei sjølv har rive ned.

Men det er ikkje sikkert du kan gjera det ved å klatra tilbake same vegen som du kom. Det er heller ikkje ein rett du har.

Det finst fall som endrar retninga i eit liv for alltid. Sjølv om ein i ettertid erkjenner at det ein gjorde var galt. Sjølv om ein blir tilgitt.

Erkjenninga

Skal vi ta ein liten omveg her, så er det ikkje heilt lett å forstå seg på kva Giske eigentleg har erkjent. På Dagsrevyen før jul beklaga han djupt, og fortalde at desse sakene hadde vore ein augeopnar for han. Han er over femti, Giske, men han måtte bli konfrontert med varslar frå sjefen sin før han innsåg at ting som det der med å klemma jenter inn til veggen og stikka tunga ned i halsen på dei, ikkje er bra.

Han hevda sjølv at han bad seg fritatt, Jonas Gahr Støre stod på at det var han som fritok Giske, mens partiet jobba vidare med varsla. Giske sende brev til sentralstyret, der han vedstod seg dei to sakene som alt var offentleg kjende, med trekte i tvil tre saker som ikkje var det. Det kan vera at han faktisk hadde grunn til det. Eller det kan vera at han bare vedgjekk det han var nøydd til å vedgå.

Han har kobla på advokatar. Han meiner seg ikkje høyrt.

Seksuell trakassering

Eg trur på at mediekjøret har vore umenneskeleg. Vi publiserer døgnet rundt. I varslarsakene i dei politiske partia denne vinteren trur eg vi i pressa har grunn til å gå gjennom om det heile tida var forsvarleg journalistikk og forsvarlege arbeidsmetodar som blei brukte.

Les også

Flere PFU-klager på Giske-saken

Men Trond Giskes fall skuldast at ein i partiet er sikre på at han gjentatte gonger har brukt si makt og sin posisjon til seksuell trakassering av heilt unge kvinner i organisasjonen. «Det var ikke jeg som var å klandre», skriv ei av dei til Aftenposten, «men det føltes sånn, fordi det var jeg som måtte betale prisen og ta konsekvensene. Det var min politiske fremtid det gikk ut over.»

Det er dette som ikkje går lenger. Det er ikkje den trakasserte som skal ta konsekvensane. Det er den som trakasserer.

Dette er det viktigaste å halda fast ved etter #metoo-kampanjen.

For eit kvart menneske i ein organisasjon, eit parti, eller på ein arbeidsplass skal ha råderett over eigen kropp.

#Metoo har flytta grensesteinar. Skal dei bli ståande, kan ikkje Giske bli statsråd igjen. Og nei, Terje Søviknes i Frp er ingen målestokk. I Frp kan alt skrivast om, så lenge det er i dei mektigastes interesse.

Giske må finna ein annan veg. Tilhengjarane hans i partiet må la han finna ein annan leveveg. Elles endar dei saman opp med å stadfesta at viss du bare er flink nok og mektig nok, kan ingenting hefta ved deg over tid.

Det går ikkje.

Grensene

Ein kan håpa at Giske sjølv er klar over det. At han ikkje kan prøva å vinna historiefortejlinga og sluttkapittelet om #metoo i Ap, utan å skyva grensesteinane over mot dei minst mektige.

Å påpeika det er ikkje det same som å vera på hemntokt. Å påpeika det er ikkje det same som å nekta Giske retten til å reisa seg igjen og gå vidare.

Det er å slå ring rundt enkeltmenneskets nyvunne rett til å råda over eigen kropp, også i møte med dei som har makt.

Livet er ikkje sånn at alt kan gjerast om igjen og bli som før. Heller ikkje for dei mektige menn.

Publisert:
  1. Seksuell trakassering
  2. Trond Giske

Mest lest akkurat nå

  1. Viking leder - holder det til tre poeng?

  2. Nå er det nesten umulig å få tak i ved i Stavanger og Sandnes

  3. Charlotte Østborg (30) har begynt å skjule ansiktet til datteren på sosiale medier. Hun er ikke den eneste

  4. Brannvesenet måtte redde pipefast fugl

  5. Hun slet med stress. Elleve tegn på at du bør roe ned.

  6. Nekter å fjerne hekk, kan få bot på 1000 kroner dagen