Jo fleire, jo betre?

KOMMENTAR: Rogaland fylkeskommune har sett lyset: Elevane har det best i vanlege klassar. Det er det som er inkludering. Ja vel?

Er det sånn at jo fleire du deler klasserom med, jo meir inkludert kjenner du deg?
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Mindre enn tre prosent av elevane i vidaregåande skule hos oss får spesialundervisning. Det er ikkje mykje. For alle blant oss er ikkje alltid friske. Alle klarer ikkje alt. Årsakene kan vera mange, det kan vera sjukdom, varige lidingar, psykiske, fysiske eller sosiale vanskar.

Til nå har dei kunna søkja seg inn i spesielt tilrettelagde grupper, på nokre av skulane i fylket. Det er få elevar i gruppene, det finst eit fagmiljø for lærarane som jobbar med dei. Det finst lærarar der som gjennom år har erfart korleis dei kan trygga elevane, som begynner med det alt på våren, lenge før skulestart, lærarar som har utvikla tette og gode samarbeid med lokale bedrifter, med folk der ute som bidrar litt ekstra, og tar ansvar for å få med seg også dei det ikkje er lettast for, over i eit arbeidsliv. Det er lærarar som treng kollegaer når det røyner på, for det gjer det nok, og det er elevar som treng å kjenna seg trygge for å meistra.

Nei, det lykkast ikkje alltid, ja, det finst heilt sikkert grunnar til å setja seg ned med jamne mellomrom, på tvers av skular, og spørja seg kva om fungerer, kva som ikkje fungerer, kva som skjer mest av gammal vane, kva som skjer fordi det byggjer på best erfarte og opplevde praksis.

Forskarane har svaret

Administrasjonen i fylket vårt støttar seg heller på forskarar. Som ganske ublygt slår fast at det i vidaregåande skule er utbreidd med «segregerande» løysingar, fordi det føregår spesialundervisning utanfor fellesskapet. I einetimar, små grupper eller – Gud forby! – permanent i klassar med redusert elevtal.

Forskarane slår også fast at inkludering, derimot, inneber at alle elevar skal delta aktivt i fellesskap med andre elevar og lærarar i skulen. Og for å lykkast med det, må kvar skule ha eit system som sikrar «likeverd og inkludering» for alle, og som bidrar til at alle elevar, uavhengig av behov og føresetnader, får delta og læra i eit «inkluderande fellesskap» med andre jamaldrande i skulen.

Så frå 2024 er planen at alle elevane i Rogaland skal søkja seg inn i vanlege studieprogram i vidaregåande skule.

Og difor skal også alle rektorar, alle andre leiarar, alle tillitsvalde, alle lærarar og alle miljøarbeidarar i alle vidaregåande skular i Rogaland kursast av desse forskarane. I korleis dei kan få alle til å kjenna seg inkludert, fagleg, sosialt og personleg, i vanlege klassar. Det heile er så omfattande at det vil ta eitt par års tid å koma gjennom det.

Det heiter «prosjekt inkludering og tilpasset opplæring.» Det er nokså vanskeleg å vera mot inkludering. Og det er nokså vanskeleg å vera for segregering. Altså er det nokså vanskeleg å vera imot dette.

Magisk

Kvar skule skal nå ha eit støttesystem, ifølgje modul 1 i dette inkluderingsprosjektet. Støttesystemet skal sikra eleven tilpassa opplæring og læring i fellesskapet med andre. Skulen skal driva kartlegging. Og følgja med på om nokon i klasserommet likevel treng ekstra oppfølging og undervisning. Og heile tida registrera og dokumentera alt som kan visa framgang og læring hos dei elevane som treng slik tilrettelegging. Dessutan skal også lærarane kunna søkja hjelp i støttesystemet.

Det reint magiske er at alt dette ikkje skal krevja meir ressursar. Nei da, nei da, berre omlegging. Og veldig mykje kursing i inkludering.

Veldig, veldig enkelt

Det reint utrulege er at dei ikkje diskuterer kvifor alt dette blir betre for elevane, enn det vi alt har. Dei har berre laga seg ein veldig, veldig enkel definisjon på inkludering. Så tar dei det derfrå.

Eller, dei tar det meste frå Nordahl-rapporten, som har fått namnet sitt etter forskaren Thomas Nordahl. Som leia arbeidet med den rapporten. Og som er professor ved SePU-senteret ved Høgskolen i Innlandet, som Rogaland fylkeskommune har inngått denne avtalen om kursing med, og henta forskarar frå.

Men det er jo ikkje sikkert at alt kan fiksast med ei omorganisering, berre den er omfattande nok. Eller at større fellesskap betyr meir inkludering.

Eg vil tru at mange av elevane som nå går i små grupper i vidaregåande, har opplevd å ikkje høyra til på skulen. Gjerne i årevis. Kanskje blitt henta ut av klasserommet, fått undervisning aleine på eit grupperom, like ofte av ein ufaglært assistent som av ein lærar med spesialpedagogikk. Noko Nordahl-rapporten med rette kritiserer.

Men også år ut og år inn i det vanlege klasserommet kan ha lært dei at dei slett ikkje høyrde til der. Og plassen dei har nå, i tilrettelagde, små grupper, kan kanskje vera den første der dei har kjent at dei høyrer til. Kjent seg trygge. Eller inkluderte, på forskarspråket.

At forskarane – og fylkeskommunen – ikkje finn dette verdt å diskutera, er ikkje til å forstå. Det er ufatteleg arrogant overfor fagmiljøa rundt på skulane, og ufatteleg naivt overfor elevane.

Og det er ufatteleg at forskarar kan gjera det så skrivebords-enkelt for seg sjølv, og faktisk få gjennomslag for det.

Publisert: