Ja vel? Pengar til SUS?
KOMMENTAR: Jo, det er fint med meir pengar til sjukehuset. Men det er himmelropande tåpeleg at dei ikkje har kome for lenge sidan.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Regjeringa driv og ryddar og rettar og ordnar og finn pengar til sjukehusa. Dei har kanskje forstått at det ikkje går å tyna dei meir. At det ikkje går å få legar og portørar og reinhaldsfolket og sjukepleiarane til å jobba endå meir effektivt. At det ikkje er leveleg å skriva folk ut frå psykiatrisk før dei faktisk er skikkeleg behandla. At du ikkje kan påleggja avdelingane å slutta å bruka vikarar, og samtidig få ned eit skyhøgt sjukefråvær.
At det er utruleg tungt og meiningslaust å laga seg budsjett som ein ser er heilt urealistiske, alt før dei blir vedtatte i styret. Slik sjukehuset vårt, SUS, gjorde for 2023. Dei tilsette sine representantar nekta å stemma for det budsjettet. Det tok ikkje høgde for det faktiske sjukefråveret, men gjorde som om det ikkje fanst.
Over i parodien
Sjukehuset vårt er faktisk svært effektivt, det viser oversikter over sjukehusa her til lands. Ein har svært god oversikt over kva det kostar å hjelpa, lindra, fiksa og trøysta. Og garantera at alle, uansett kven dei er, skal få nødvendig helsehjelp. Det siste har ein heilt, heilt uvurderleg verdi for oss.
Og for hundreogfjortande gong – alle pengane til sjukehuset kjem frå staten. Dei kan ikkje tena ei krone sjølv. Det er rett og slett ikkje det dei skal driva med. Systemet kan ikkje fungera utan at det blir tilført nok pengar. Sjølv ei regjering må klara å lesa seg til kva det betyr.
Før det endar langt over i parodien, som når akuttmottaket finn det nødvendig å rapportera at det faktisk ikkje er så lett for dei å planleggja kor mange pasientar dei til ei kvar tid får inn.
Dei ser sjølvsagt når influensaen er på veg opp, og gamle og skjøre kjem til å bli veldig sjuke. Men dei kan kanskje bruka yr.no endå flittigare, så dei treff endå betre på når veldig mange av oss kjem til å snubla på glattå? Og dei har sikkert litt å gå på i kontakten med Kina, for å planleggja vaktlister og turnusar skikkeleg godt før pandemien landar hos oss?
Føden? Føden følgjer alt med på kor mange som har meldt seg gravide rundt forbi, og fått termindatoar. Eg synest nesten ikkje dei kan gå frå hus til hus og spørja om nokon har tenkt å bli gravide det neste året.
Dei måtte forstått
SUS kan ikkje spara meir. Dei kan ikkje kutta meir i drift, for å finansiera sitt eige, nye sjukehus. Dei har vore grovt underfinansierte, det var ikkje vanskeleg å sjå. Det var heller ikkje vanskeleg å sjå at lønns- og prisvekst ville gjera det endå verre, eller at byggekostnadene ville gå like mykje opp på eit sjukehusbygg som på eit regjeringsbygg, når Ukraina-krigen sende prisane til himmels.
Jo, det er jo fint, at det endeleg kjem meir pengar til sjukehusa. For SUS sin del, er håpet at det blir nok. Nok til at dei kan få ferdig første delen av det nye sjukehuset, utan å måtta selja tomta dei er på i dag. Den skal nemleg gå til eigenkapital for neste trinn. Så vi kanskje kan få eit heilt, nytt sjukehus ein gong.
Utan at det same sjukehuset må laga seg urealistiske budsjett, utan at intensivsjukepleiarane altfor ofte blir ståande på post, lenge etter at vakta skulle vore over og minsten vore henta på SFO. Utan at sårbare rusavhengige på LAR-medisinar gir opp, fordi sjukehuset ikkje lenger ser seg råd til å dekka alle utgiftene til behandling for dei.
Alt det der. Det er uverdig. Og det burde vore heilt unødvendig. For dette burde regjeringa forstått for lenge sidan: Det måtte meir pengar til.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Legg ned direktoratet!
- KOMMENTAR
- Går det ennå an å knyta menns alvorlege problem til mannlege eigenskapar?
- KOMMENTAR
– Ap og Høgre om skule? Dei spring på same stafettlag
- KOMMENTAR
«Dette burde regjeringa forstått for lenge sidan: Det måtte meir pengar til»
- KOMMENTAR
Studentane snur ryggen til skulen. Politikarane har køyrt den i grøfta
- KOMMENTAR
– Treng vi gå til fastlegen for ei kort sjukmelding? Eller er det politikarane som treng at vi gjer det?