Lærarens uendelege ansvar

KOMMENTAR: «Eleven treng læraren sin», sa arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) då ho stoppa lærarstreiken. Det kunne ein jo også tru ville gi lærarane høgare lønn. Men nei.

Tysdag kveld greip regjeringa, ved arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap), inn og stoppa lærarstreiken.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er ikkje rart om lærarane er frustrerte. For dei får, forsiktig sagt, svært motstridande meldingar om kor viktige og samtidig fullstendig uviktige dei er. Frå omtrent same hald.

Altomfattande ansvar

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap), som tysdag kveld gjekk inn med tvungen lønnsnemnd og stoppa lærarstreiken, kunne fortelja at det låg ei totalvurdering bak. Streiken hadde fått alvorlege, samfunnsmessige konsekvensar. Opplæringstilbodet var svekka, noko som var spesielt vanskeleg for dei svake elevane. I tillegg, sa Persen, er den ramma og strukturen skulen gir utruleg viktig.

Jo, eg er med på det. Alle treng struktur i kvardagen, noko som rammar inn dagen og livet, noko å gripa til, viss ein sjølv begynner å skli. For barna våre er skulen ein slik struktur.

Men Persen gjekk lenger enn det. «Eleven treng læraren sin», sa ho. For at barn og unge skal bli sett – av andre, trygge vaksne enn dei nærmaste. Nokre av barna har nå ikkje blitt sett i det heile tatt, sa Persen. Det kan vera vald i nære relasjonar eller andre ting. Regjeringa har fått alvorlege meldingar frå statsforvaltarane, blant anna om auke i eteforstyrringar.

Då er ansvaret regjeringa legg over på læraren ganske overveldande.

Tillit?

Samtidig som regjeringa har denne overveldande tilliten til lærarens blikk på barnet, har dei same lærarane lenge slite med å få tillit nok til sjølv å bestemma korleis elevane deira best lærer det dei skal. Det er jo eigentleg det lærarar er utdanna til. Trudde eg.

Det er her all målinga kjem inn, alle prøvane og kartleggingsprøvane. Som dei som kjem med dei, ikkje meiner tar tid. Men som likevel gjer det.

Her finst det så klart eit utval. Det heiter kvalitetsutviklingsutvalet. Arbeidarpartiet gjekk til val på ein tillitsreform til alle i offentleg sektor, ikkje minst lærarane. Dei skal luka i det som stel tid og makt frå både elevar og lærarar.

Mange av oss andre har lett
for å tru at offentlege
tenester klarar seg, uansett.

Lønn?

Ein kunne kanskje også tru at høgare lønn ville vera eit slags teikn på tillit. Men sånn er det ikkje. Det finst dei som er endå viktigare. Det er dei i helse og omsorg. Der er behovet endå større. Der er det endå vanskelegare for kommunane å få tak i, og halda på, nok folk. Difor gjekk ekstra kroner i lønnsoppgjeret i kommunane til dei. Og det er politikarar som styrer KS også. Med raud-grønt fleirtal.

Dei er ikkje englar. Verken lærarar eller sjukepleiarar. Men dei står begge nærmast dei det verkeleg gjeld. Barna. Pasientane. Når vaktplanen på intensiven er skoren inn til beinet, og vi som kan finna på å bli pasientar ikkje klarer ta omsyn til det, men blir akutt sjuke i hytt og ver, så går jo ikkje sjukepleiaren frå den ekstra pasienten som kom inn før nokon andre kan overta. Han kan jo døy. Bli skada for livet. Så dei blir ståande, dei tar ansvaret og støyten for at noko sviktar langt over sjukehussengene.

Lærarane gjer også ofte det, der dei er. Dei blir også ståande, dei spring også fortare. Dei møter mange blikk i løpet av ein dag. Mange som treng å bli sett. Mange som treng deira hjelp. Sjølv når det går langt utover det dei eigentleg er utdanna til. Dei skal danna heile menneske, dei skal ikkje berre læra dei å lesa og rekna, dei veit at når heile kroppen er fylt av det som er altfor stort og vanskeleg i livet, så går det ikkje å stappa inn verken gongetabellar eller høgtidene i islam. Så dei finn måtar å prøva å løysa det andre først. Og jo, dei får hjelp av andre yrkesgrupper i skulen. Men halvparten av dei som har rett på spesialundervisning, får det til vanleg av ein ufaglært assistent. Først når lærarane streikar, eller når vi har pandemi, er politikarane bekymra for desse. Og mange av oss andre har lett for å tru at offentlege tenester klarar seg, uansett.

Det finst grenser

Dei blant oss som jobbar med folk, små folk, store folk, sjuke folk, dei slepp ikkje taket så lett. Det går jo ikkje det, når det er folk. Det går i stå då.

Men læraranes ansvar kan ikkje vera uendeleg. Og det finst grenser for kor mykje reinhaldarar, legar og sjukepleiarar kan spara ved å springa fortare i gangane på sjukehuset. At lønn bør stå i forhold til utdanning, er heller ikkje urimeleg å ønska seg.

Dei som står nærmast folka det gjeld, kan ikkje i det uendelege betala prisen for ikkje å vera mange nok, eller for å mangla kollegaer med anna utdanning enn dei har sjølv.

Det er ikkje rart dei er frustrerte. Dei er uunnverlege, men likevel ikkje så mykje verdt. Dei jobbar i det offentlege.

Håp?

Håpet ligg ikkje i tillitsreformer og utval. Men i pengar. Det beste som har skjedd for dei som jobbar med oppvekst og helse, er at regjeringa vil dra inn 33 milliardar kroner meir i skatt, frå den omstridde superprofitten på havbruk og kraftproduksjon. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det er for å slå ring om velferdsstaten og motverka forskjellar.

Følg med på dei pengane! For det er pengar som kan løfta eit slitent lærarblikk og gi ein fastlege fri før dagen blir kveld. Det er lov å tru det. Men følg med på kor dei blir av! Følg veldig godt med!

Publisert: