Kyrkja og den autoritære sjaman

KOMMENTAR: Kyrkja må ta avstand til autoritær maktutøving mot enkeltmenneske. Difor bør Biskopen seia nei til sjaman Dureks førestilling i St. Petri.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Det må meir enn eit under til, skal ein samtale med denne mannen bli ein dialog. Foto: Skjermdump frå shamandurek.com

Sjaman Duran Verrett ser kva problemet ditt eigentleg er. Og det er ikkje det du sjølv set ord på når du kjem til han. Eller ringer han, skulle du bu i ein annan verdsdel. Nei, han konfererer heller med laget av ånder han ser du har med deg. Spør dei. Gjerne ein kjær avdød. Så tar han det derfrå. Med tromming, med samtale, med å setja deg i transe, med healingprosessar som kan bli ganske intense. For intense for nokon. For «ikkje alle er klare til å møta bestemte ting i livet», som det står på nettsida hans. Ein av desse fortel anonymt på YouTube at han protesterte mot ting han ikkje kjende igjen frå eige liv. Sjamanen svarte at han berre hadde fortrengt det.

Hans plass i verda – og din

Han er i verda for å hjelpa folk på heile planeten å kjenna igjen og forløysa sitt potensial. Han gir av det lyset og den energien han som sjaman ber i seg. Han er den sjamanen i verda du bør gå til. På eiga nettside kan han fortelja at dersom du kjenner deg såra av andre menneske, er det fordi du ikkje elskar deg sjølv høgt nok. Dei andre merkar jo det. Dei trykkjer på dei knappane du legg opne. Så det er din eigen feil. Du må kvitta deg med negative energiar. Og elska deg sjølv høgt nok.

Folk som har gått i terapi i tjue år, treng berre ein time hos han for å fiksa det som var feil – borte er sjølvmordstankar og behovet for rus. Han seier han har hjelpt folk ut av koma, han hjelper folk som har kreft, blant anna leukemi. Korleis er litt diffust, men han kan sjå inn i kroppen, sjå inn i beina, finna følelsar som har gått igjen i familien din, frå foreldre og besteforeldre. Sjamanar meiner strukturen av sjølvet ditt ligg i beina, fortel han. Derfrå kan han sjå kva som har skjedd. Og hos dei fleste som har kreft, seier sjaman Durek, går liknande mønster igjen, om det er av følelesmessig eller av anna art. Sjaman Durek jobbar med andre alvorlege sjukdommar også, kreft er ikkje spesielt viktig for han. Han kan ikkje hjelpa med kreft i stadium fire, den siste fasen. For i den fasen har ikkje pasienten lenger håp. Du må ha eit sterkt sinn, nemleg – «a strong mind» – for at sjaman Durek skal kunna hjelpa.

Alt dette har han anten sagt eller skrive sjølv, i eit intervju han har gjort med magasinet H Edition Global, i ein facebookdiskusjon hos dei islandske skeptikarane Vantru, eller på sin eigen nettstad.

Han kan setja deg fri frå angst, rus og sjølvmordstankar, og «hjelpa» med kreft og koma. Frigjera negative energiar, hjelpa deg til lykke og suksess. Vera på lag med åndene rundt deg, konferera med døde. Fortelja deg kva du eigentleg strir med. Kva det eigentleg skuldast. For han veit best.

Viss han ikkje kan hjelpa, ligg feilen utelukkande hos deg. Han er lyset og kjærleiken og hjelpa. Du er til potensiell fare for deg sjølv.

Han framstår som autoritær herfrå og til evigheita.

Å tru på kyrkjas Gud, samanliknar han forresten med å tru på julenissen.

Han ser – du er blind

På Island i 2016 braka han saman med skeptikarane sitt forbund – organisasjonen Vantru. Dei meinte han er ein sjarlatan, dei kalla han svært lite smigrande ting. Dei stilte mange spørsmål. Dei ville ha svar. Dei ville sjamanen skulle forklara korleis han kunne hjelpa med kreft, dei ville ha vitskaplege bevis, ikkje anekdotar.

På facebooksida til dei vantru prøvde sjamanen å forklara dette – slik du alt har lest lenger oppe i denne teksten. Han viste til dei han har hjelpt, viktige folk, kjende folk, meiner han, også på Island. Men skeptikarane forblei skeptiske. Tonen ganske uforsonleg. Til slutt utbryt sjamanen at det må vera trist å leva livet sitt som blind, for så å døy og få del i sanninga.

Eg kan forstå at folk som trur blir trøytte av å måtta rasjonalisera si tru. Av å bli framstilte som mindre reflekterte enn andre. Av å bli trengt over i dei rasjonelle sitt handfaste språk om alle tings samanheng og forklaring. Der det som ikkje kan visast fram, ikkje finst.

Men makt finst. Autoritær maktutøving finst. Mentalt og følelsesmessig maktmisbruk mot enkeltmenneske finst. Det kan og skal gjenkjennast, ikkje minst av dei som trur.

Slik eg har oppfatta Den norske kyrkja, vil dei vera forsiktige når dei nærmar seg menneske i krise eller i sårbare situasjonar. Forsiktige med å lova å løysa noko. Forsiktige så dei ikkje legg stein til børa for den som alt er i kne. Også om det er den som har bedt om hjelp.

Men St. Petri har sagt ja til å la sjamanen og prinsesse Märtha Louise låna kyrkjerommet 20. mai. Til «en reise i livets mysterier». Billettprisen er sett til 595 kroner. Dialogprest Silje Trym Mathiassen skal gi det heile ein intro som gjer dette til ein religionsdialog.

«Vi ønsker at mennesker skal bli møtt i kirken med respekt, raushet og omsorg», seier dialogprest Silje Trym Mathiassen. Det må også bety at Kyrkja vernar det sårbare enkeltmennesket mot rein autoritær maktutøving. Og ikkje berre maktutøving i handling, men også i sitt vesen.

Sjaman Durek har sagt han er i verda for å hjelpa «alle menneske på planeten» til å nå sitt potensial. Han veit rett og slett betre enn deg. Han gjer ikkje feil, han tar ikkje feil. Viss eit møte med sjamanen endar i noko anna enn kjærleik, lykke og forløysing, ligg feilen utelukkande hos deg. Du fornektar ting i eige liv. Du elskar ikkje deg sjølv høgt nok. Du har for svakt sinn. Du lever eit liv som blind.

Det må meir enn eit under til, skal ein samtale med denne mannen bli ein dialog.

Fredag avgjer Biskopen om Kyrkja skal setja foten ned for at «den sjamanen i verda du bør gå til» får låna kyrkjerommet. Det bør Biskopen gjera. Det skulle faktisk berre mangla.

Les også

Thomas P. Randulff: «Prinsesse i grenseland»

Les også

Petter Olsen, Indermisjonsforbundet: «Bibelen har en advarsel til både biskop Ådnøy, St. Petri kirke og prinsesse Märtha Louise»

Les også

Dialaogprest Silje Trym Mathiassen: «Ja, en sjaman i kirken, men ikke sjamanisme i kirken»


Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Visjoner og vrangforestillinger»

Les også

Kunne ikke Fadervår, men fikk se Sønnen


Les også

Solveig G. Sandelson: «Kven er folket i folkekyrkja?»

Publisert: