Difor er USA så splitta

GJESTEKOMMENTAR: To tv-seriar og ein film illustrerer kva som ligg bak den ekstreme politiske polariseringa i USA.

Publisert: Publisert:

Den demokratiske sørstatspresidenten Lyndon B. Johnsons si avvikling av lovleg rasisme i landet, spesielt i sør, starta utviklinga fram mot den polariseringa vi ser i USA i dag. Foto: AP/NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Korleis vart dei politiske frontane i USA så uforsonlege? I boka «Why we are polarized» (2020) gir Ezra Klein, redaktør for kvalitetsnettstaden Vox, ei innsiktsfull innføring i forhistoria til den sterke splittinga. To tv-seriar og ein film illustrerer poenga hans godt.

Borgarrettskampen

Då John F. Kennedy vart drepen i 1963, var det sørstatsdemokraten Lyndon B. Johnson (1908–1973) som var visepresident og tok over. Den glimrande filmen «All the way» (2016) syner det politiske dramaet i presidentperiodane hans – utfallet vart skilsetjande i amerikansk politikk. Det gjeld ikkje minst for borgarrettskampen.

Det er paradoksalt at det var ein konservativ, durkdriven sørstatsdemokrat som fekk gjennom borgarrettslova. Lova sette ein stoppar for legalt forankra raseskiljepolitikk slik han vart praktisert i sør.

Før borgarrettslova hadde leiarskapen i Demokratane nasjonalt halde seg for nasen og late partigruppene i sørstatane få halde på i fred med den diskriminerande politikken sin. Slik «kjøpte» dei seg støtte for andre saker i Kongressen.

Les også

Gunnar Grendstad: «Økende verdipolarisering i USA, forskjellen mellom partiene er større enn på over hundre år»

«Lost for a generation»

President Lyndon B. Johnson var frå Texas, og sjølv 56 år gamal var han cowboy god som nokon. Foto: Bill Hudson, AP/NTB scanpix

Det hadde alltid vore eit skilje mellom Demokratane og Republikanarane i fordelingspolitikk. Demokratane, også i sør, var meir fagforeiningsvennlege og for meir fordelingspolitikk. Men i rasespørsmålet var Demokratane i nord og Demokratane i sør som natt og dag. Då Lyndon B. Johnson sette foten ned mot partifellane i sørstatane, gjekk dei kvite motstandarane av den liberale politikken i sør over til republikanarane. «We just lost the south for a generation», sa Lyndon B. Johnson. Filmen «All the way» syner korleis det gjekk til.

I nord hadde mange liberale vore med i Det republikanske partiet. Dei gjekk no over til Demokratane. Resultatet vart at det som før var motsetningar internt i partia, no vart flytta slik at motsetningane i staden kom til å gå mellom partia som to frontar.

Då skjer det noko med politikken. Internt i eit parti vil det vere ei konstant leiting etter kompromiss, ein ønsker ikkje å stå føre omverda som splitta. Kompromissviljen er mindre når motsetningane er mellom partia. Då er konflikt og ein tydeleg posisjon attraktivt for å mobilisere veljarar. Det er denne dynamikken som skaper polarisering, særleg når nesten alle saker går mellom partia.

Kontrasten til Noreg er interessant. I innvandringssaka, og delvis i miljøsaka, går skilja internt i dei to blokkene på både venstresida og høgresida. Dette resulterer i mindre polarisering og meir kompromiss.

Les også

Gunnar Grendstad: «Demokratiet i USA stadig mer svekket»

Mrs. America

Ei anna side av det same komplekset – identitetspolitikken – gjeld kvinnekamp. HBO-serien «Mrs. America» held så å seie fram der «All the way» slutta.

Vi er i 1970-åra, og serien er ei dramatisering av kampen Phyllis Schlafly, spela av Cate Blanchett, fører for å stoppe iverksetjinga av eit grunnlovstillegg om likestilling.

Mange kjente det som at familieverdiar var truga, og at lova også kunne medføre tap av somme gode som kvinner hadde. Situasjonen var at på den eine sida mobiliserte kvinnerørsla med sine utprøvande, idealistiske feministar for like rettar. På motsett side gjekk ei mot-mobilisering føre seg blant skarpskodde, konservative anti-feministar.

Identitetspolitikken kom til byen, og der vart han verande. Identitetspolitikken har historisk handla om rase, kjønn, kristendom og seksualitet.

«Mrs. America» viser tydeleg, og ikkje utan humor, korleis politikken på 1970-talet vart ein kulturkrig. Det politiske fall saman med det kulturelle. På 1950-talet kunne ingen sjå på ein person kva for parti han eller ho høyrde til. No låg det politiske bokstavleg tala tjukt utanpå i kulturelle markørar som klesdrakt og frisyre.

Les også

Gunnar Grendstad: «USAs krise – et sammenfall av ulykksalige hendelser»

Hillary

I dagens klima går ei bølle som Donald Trump til topps – i motsetnad til ein så kompetent politikar som Hillary Clinton. Foto: Carlos Barria, Reuters/NTB scanpix

Dokumentarserien om Hillary Clinton (NRK) er «Mrs. America» sett frå motsett side. Serien samlar på eit vis trådane frå dei to andre seriane og fører oss fram til dagens situasjon.

I 1992, då Bill Clinton vart valt til president for første gong, fekk Hillary kritiske spørsmål om si eiga advokatrolle. Ho svara at jau då, ho kunne sikkert ha vore heime og laga småkaker og drukke te. Men hennar rolle hadde no heller vore den profesjonelle og å arbeide som advokat. Clinton-rådgjevarane skjøna straks katastrofen. Ho vart oppfatta som nedlatande mot alle husmødrer. Ho gjorde alt ho kunne for å rette opp att inntrykket. Men på republikansk side vart ho eit favoritt-hatobjekt.

Hillary-dokumentaren syner oss amerikansk politikk etter at polariseringa har skote fart. I dagens klima går ei bølle som Trump til topps – i motsetnad til ein så kompetent politikar som Hillary. Er splittinga stor nok, tel det knappast med kvalifikasjonar.

Eit nødvendig vonde

For å vende tilbake til Ezra Klein, strekar han under at identitetspolitikken historisk var naturleg og nødvendig. Kjernen har vore kamp mot rasisme og kjønnsdiskriminering og like rettar til homofile.

Dagens splitting i amerikansk politikk følgde av historiske rettferdssaker. Polariseringa vart ein pris det var verdt å betale.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fjellklatrere hentet av redningshelikopter

  2. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  3. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  4. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  5. Rekorden hadde stått i 16 år. Så kom Jakob Ingebrigtsen til Bergen.

  6. To smittet av koronavirus i Randaberg

  1. Amerikansk politikk
  2. Gjestekommentar
  3. Hillary Clinton
  4. Donald Trump
  5. Svein Erik Tuastad