Desember-barometer 2016: Kan SV koma inn frå Rogaland?

Budsjettforliket sender Venstre ut av stortingsplassen, utjamningsmandatet, frå Rogaland. Det gjev SV den første stortingsplassen frå oss i Rogaland sidan Hallgeir Håbakk Langeland ramla så forsmedelig ut etter åtte år i protest og posisjon med raud-grøn fleirtalsregjering.

Publisert: Publisert:

Iselin Nybø (V) og utjamningsmandatet hennar frå Rogaland er truga for første gong sidan stortingsvalet 2013. Foto: Anders Minge

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dette er basert på ni nasjonale meiningsmålingar i desember 2016, innhenta av nettstaden pollofpolls.

Les også

November-barometer i budsjett-kaosets tid: Raud-grønt fleirtal er tilbake

Omrekna til Rogaland etter Sainte-Laguës metode og i høve til valprogrammet Celius, og med atterhald om at vinden lokalt ikkje alltid bles som nasjonalt, ville desember-barometeret tyda at Iselin Nybø (V) ryk ut og SV-kandidaten går inn.

Ap ville ha vore største parti igjen i fylket, med Høgre som ein god nummer to. Ap-nestleiar Hadia Tajik ville ha vore leiar av Rogalands-benken på Stortinget dersom det no ikkje vert regjeringsskifte med Ap neste haust. Då er ho sjølvsagd i regjering.

Celius tek utgangspunkt i at dei nasjonale tala vert reflektert i Rogaland justert mot stortingsvalet 2013. Ei Rogalands-måling gjort av Sentio på oppdrag for Ap førre månad tyder på at partiet er på framgang også i vest. Ifølgje den einskildmålinga var likevel SV eit stykke frå mandat.

Ørsmå forskjellar

Elles er dei nasjonale meiningsmålingane ganske eintydige: Promillar kan avgjera maktbalansen etter september 2017.

Framstegspartiet har ikkje tapt noko på å stå knallhardt på bilpakka og kvesta Venstre mest mogleg. Til å vera eit urøynd parti i regjering har Frp overlevd regjeringsslitasjen forbløffande godt. Høgre ligg tilsvarande stabilt, mens Ap og Sp ligg godt an målt mot 2013-valet. Ap er tilnærma på same høgdene som då Bobbysocks vann Melodi Grand Prix, og dei av oss som hugsar 1985 veit at det er ei stund sidan.

Spørsmålet er om Arbeidarpartiet no er tilnærma fullmobilisert. Røynsla viser at parti som er fullmobilisert for tidleg før val kan gå attende i sjølve valkampen. Til dømes råka det Høgre så seint som i 2013.

Ap har vore stabilt på 36 prosent i oktober, november og desember, utan å veksa vidare trass openlys budsjettkrangel på borgarleg side. Det kan tolkast som at partiet har henta ut det meste av sitt potensial. Bakgrunnstala viser at Jonas Gahr Støre og dei har lite meir å henta på eigen lojalitet og heimesitjarane. Dersom Ap skal veksa vidare, må partiet auka overgangane frå Høgre og Frp.

Senterpartiet er i ferd med å distansera fullstendig sine gamle kameratar i sentrum og er langt på veg like stort som KrF og Venstre til saman nasjonalt. Dei to sistnemnde borgarlege støttepartia ligg no og vippar hårfint rundt sperregrensa.

Venstre slit mest

Venstre er under sperregrensa (4 prosent) på tre av ni målingar i desember. Endå verre: Partiet slit med lojaliteten mellom veljarar frå sist stortingsval. Under 50 prosent på nasjonal måling for Aftenposten, Bergens Tidende og Adressa, 40 prosent på Sentio-målinga i Rogaland. Venstre har slite lenge i Rogaland, meir enn i Hordaland. Det er eit opent spørsmål om hard retorikk frå Venstre-leiaren styrkar partiet i eit borgarleg fylke som vårt.

Valutfalet neste haust vert ein thriller av dei sjeldne. Sjølv om desember-barometeret gjev tydeleg raud-grønt fleirtal, er det nokre store usikkerhetsmoment:

Sperregrensa trugar SV og V.

Me veit ikkje om MDG kan veksa. Framfor alt er spørsmålet om Ap er fullmobilisert eller har meir å henta hos veljarane.

I Rogaland er Frp ifølgje Celius det nærmaste partiet til å mista eit mandat. KrF er det nærmaste til å kapra eit.

Inn i 2017 vil det vera spanande å sjå om dei gamle sentrumskameratane KrF og Venstre skil meir lag.

KrF-leiar Knut Arild Hareide meir enn antyda i eit intervju med Vårt Land denne veka at han meiner at hans parti valde ein smartare strategi enn Venstre i budsjettforhandlingane.

På raud-grøn side er både Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne i spel.
Og kan hende SV. Du hugsar kva førstekandidaten deira frå Rogaland heiter?

Publisert:

Les også

  1. Ap i framgang, KrF på vippen

  2. Barometer for september: Sp i siget

  3. Barometer: Sp vinn, Frp taper på maimålingane

  1. Iselin Nybø
  2. Hadia Tajik
  3. Vårt Land
  4. Jonas Gahr Støre
  5. Knut Arild Hareide