Kraken og konspirasjonsteoriane, og no kampen mot Bidens valsiger

Slik «Dictionary of Word and Things» såg for seg kraken i 1888. I dag er uhyret blitt eit symbol for konspirasjonsteoriar, som for eksempel det skulte «dyret» som no stel valsigeren til Donald Trump. Foto: Shutterstock/NTB

GJESTEKOMMENTAR: Kvifor dukka eit norsk sjøuhyre opp på ein demonstrasjon i Berlin, og kva har det med det amerikanske presidentvalet å gjera?

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

For nokre dagar sidan såg eg eit bilete frå ein tysk demonstrasjon mot koronarestriksjonar. På biletet står ein mann med ein plakat på engelsk: «Release the Kraken». Slepp laus Kraken!

Kraken er eit rimeleg vestlandsk sjøuhyre. I 1752 skildra bergensbiskop Erik Pontoppidan uvesenet som «uden Tviil i al Verden det allerstørste monstrum marinum» i boka «Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie». Sjølv ser eg for meg eit udyr like stort som ei øy, med tentaklar som veltar fram, klår til å dra sjølv dei største skuter ned i mørke havet.

Men kva gjer dette udyret på ein plakat i ein koronademonstrasjon? Sjølv om ein tek høgd for ein omveg via populærkulturen, og spelefilmen «Clash of the Titans», krevst det ei forklaring. I fleire delar.

QAnon på tysk

Fotografiet vart teke i den tyske hovudstaden 18. november, i samband med demonstrasjonar mot justeringar i den tyske smittevernlova.

I Tyskland har det etter kvart vore ei rekkje demonstrasjonar mot strenge koronatiltak, ofte organisert av den heller kontroversielle rørsla Querdenken 711. Namnet handlar om å tenkja på tvers, eller utanfor boksen, om du vil. Demonstrasjonane har samla folk som må seiast å gjera nettopp det, utan at det treng vera eit heidersmerke: Her finst det folk som tviler på det meste me vert fortald om koronaviruset, her finst konspirasjonsteoretikarar og vaksinemotstandarar, og også representantar for det tyske ytre høgre. Høgst ulike verdsbilete smeltar saman i motstand mot tyske myndigheiter sin koronarespons.

I denne smeltedigelen finn ein også tilhengjarar av QAnon-konspirasjonsteoriane, som eg også skreiv om i mi førre spalte her i Stavanger Aftenblad.

Kort fortalt fortel desse om ein pågåande, hemmeleg krig mellom president Donald Trump og «djupstaten», der sistnemnde vert kopla til ein verdsomspennande klikk av satanistar og overgriparar som drikk blodet til born, ein klikk påstått å inkludera både leiande politikarar i Demokratane, høgtståande tenestemenn i etterretningstenesta og hollywoodstjerner.

Og sjølv om desse ville teoriane i utgangspunktet er eit amerikansk fenomen, har dei også spreidd seg til Europa. Blant europeiske land er Tyskland kanskje det landet der desse førestillingane i størst grad har slått rot. Om ein leiter gjennom fleire bilete frå demonstrasjonen i Berlin – som involverte tusenvis av menneske – vil ein også oppdaga plenty av referansar til QAnon.

Kraken og valresultatet i USA

«Release the Kraken» er ikkje eigentleg ein av dei. Den siste tida har likevel dette slagordet spreidd seg både blant QAnon-tilhengjarar og blant andre som meiner at Trump med urette har vorte fråteken valsigeren i USA.

Her er grunnen: Advokaten Sydney Powell – som var ein del av Trump sitt advokatteam etter valet, men som no er meir av ein frilansar å rekna – skildra i eit intervju søksmåla ho jobba med som «Kraken». Med andre ord som eit mangearma monster som, når det slepp laus, vil øydeleggja for Joe Biden og syna at det eigentleg var Trump som vann presidentvalet.

Dette spreidde seg raskt på nettet. Nyss har eit av Powell sine søksmål vorte offentleggjort. Det er ikkje rare sjøuhyret, men dreier seg om eit kok-i-hop av påstandar knytte til bruk av stemmemaskiner frå selskapet Dominion og påståtte koplingar til både Cuba, Venezuela og Kina – påstandar som straks vekte stor oppsikt verda rundt (mellom anna i ein BBC-artikkel der «Release the Kraken»-biletet frå Berlin er med).

Ein må jo seia at røyndomen overgår fantasien når eit vestlandsk sjøuhyre finn vegen inn i debattar etter det amerikanske presidentvalet i 2020. Powell sitt søksmål synleggjer om ikkje anna at fantasien i blant overgår røyndomen også.

Advokaten Sydney Powell – her saman med Donald Trumps sin personlige advokat Rudy Giuliani i Det republikanske partiet sitt hovudkvarter 19. november – då ha sa at saka ho arbeidde med var «Kraken» som ville knuse Biden sin valsiger. Foto: Jacquelyn Martin, AP/NTB

Pandemiar og konspirasjonsteoriar

Eitt av segna om kraken fortel om nokre fiskarar som er ute med botnsnøre, og som plutseleg merkar at det vert grunnare og grunnare under dei. Dei skjøner då at det er Kraken som er på veg opp.

Og kanskje burde me ikkje lata oss overraska så mykje av at kraken kjem til overflata no. 2020 har vore eit uvanleg år, prega av ein verdsomspennande pandemi som har snudd ein del på hovudet. Og som den franske statsvitaren Nicolas Guilhot påpeika i ein artikkel i april i år: Pandemiar og konspirasjonsteoriar heng gjerne saman. Ikkje berre handlar konspirasjonsteoriar gjerne om ein usynleg og farleg fiende som gøymer seg blant oss, men pandemiar har historisk sett ofte gjeve opphav til auka sosiale spenningar, jakt på syndebukkar og tydelegare oppteikning av allereie etablerte fiendebilete.

Konspirasjonsteoriar blir ofte reduserte til ei slags underhaldning, i morosame podkastar eller som forteljargrep i thriller-filmar. Det er ikkje så rart, det fungerer jo. Men når ein ser attende i historia, er det mindre underhaldande: Då konspirasjonsteoriane velta fram i møte med pandemiar, gjekk det gjerne ut over minoritetar, ikkje minst jødane. Som gjerne vart skulda for å drikka blodet til småborn, akkurat som skurkane i QAnon-mytologien.

Fiskarane i segna om kraken skunda seg å ro til land då dei skjønte at kraken var på veg opp. Kva gjer me når kraken dukkar opp i amerikansk politikk og tyske demonstrasjonstog?

Publisert:

USA-valget

  1. Q-tilhengere tror Trump blir president igjen i dag

  2. Trump-allierte granskes etter kongress­opptøyene

  3. Politimann pågrepet etter opptøyene i Washington

  4. Biden: Er lei av Trump

  5. – Heller for mye enn for lite

  6. Sjamanen stikker hull på Trumps forsvar

  1. USA-valget
  2. Kraken
  3. Gjestekommentar
  4. Konspirasjonsteorier
  5. Øyvind Strømmen