Det må gi meining. Nå.
KOMMENTAR: Skal du setja opp ønske for vidaregåande skule denne helga? Ta gjerne eit råd frå Erna Solberg: Ikkje tenk så langt fram!
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør


Denne kommentaren er frå ifjor. Men det er kanskje eitt poeng eller to å henta frå Erna Solberg i år også, for den som lurer på kor dei skal søkja skuleplass til neste år.
«Noen sier du må ha en plan for hvor du skal være om ti år. Det er det dummeste jeg hører.»
Det er Erna Solberg som har sagt det. Altså statsministeren. Nå treng ein jo slett ikkje alltid å høyra på statsministeren, eller vera einig med henne. Men desse dagane, denne helga, i alle dei heimane der tiandeklassingar skal bestemma seg for kva dei skal søkja seg inn på til neste år, kan ein gjerne låna eit øyre til akkurat dette. Før fristen for å søkja seg inn på vidaregåande skule går ut 1. mars.
Erna Solberg meiner ein heller må tenkja på å gjera ein god jobb der ein er, enn på kor ein skal vera om ti år. Det er lurt. Særleg når ein er 16. Veldig få veit kva dei vil jobba med mange år fram i tid når dei er 16. Jo, det finst dei som er brennsikre på at dei vil bli bonde, barnelege eller forskar, og dermed kan velja det som vil føra dit, og velja vekk det som ikkje gjer det. Men det er faktisk ikkje sånn for dei fleste av oss.
Ikkje lett
Det er ikkje rart om det er vanskeleg å velja, spør du meg. Ein ting er at arbeidslivet verken er veldig synleg eller lett å koma i kontakt med for den som er 16. Ein annan ting at politikarane gjennom mange år har laga til ein altfor einsformig og kjedeleg skule, samtidig som formaningane om kor viktig det er å lykkast i denne ganske smale og firkanta skulen, begynner alt i barnehagen. Der har eg mange høner å plukka med statsministeren. Ho og regjeringa har ikkje akkurat gjort det lett for mange barn å lykkast i skulekvardagen sin.
Aller mest einsformig og kjedeleg trur eg ungdomsskulen er for mange. Det er veldig mange ting med deg sjølv du ikkje får særleg sjanse til å prøva ut eller visa fram der. Om du er flink med hendene. Om du er flink med barn. Om du forstår korleis ein motor kan bli sett saman, ein datakode bli knekt. Om du er modig, om du er fysisk sterk. Om du er flink til å få gjort eit stykke arbeid. Om du er musikalsk, kreativ, flink til å sjå for deg ting, flink til å finna på ting.
Nokon må syngja
Utgått på dato
Frå oss som er vaksne, som høyrer til foreldregenerasjonen, trur eg i tillegg det ofte kjem forteljingar om at det uansett er best å gå vidare i det smalaste sporet. Viss du har gode karakterar. Eller viss du ikkje heilt veit kva du vil. Då er det best å søkja seg på studiespesialiserande, for å halda alle vegar opne.
Det er tull. Det er gammaldags, og det har gått ut på dato. Det heng igjen frå ei tid der den typen lærdom var vegen ut frå staden du var fødd, den som sikrast opna for ein annan måte å leva på enn det foreldra dine hadde gjort. Sånn treng det ikkje å vera lenger.
Hvordan «holde alle dører åpne» når du skal søke videregående skole
Det som gir meining
Prøv heller å finna det du trur vil gi meining for deg nå, det neste året – kanskje dei neste tre åra. Du skal ikkje velja ein veg der du blir gåande og venta på at dei tre åra i vidaregåande skal vera over, så dine val og livet ditt kan begynna. Det er nå du skal begynna.
Men du treng ikkje gjera alt riktig. Du treng ikkje vera så redd for å velja litt skeivt, trø litt feil, måtta bruka litt lenger tid. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå. Og det kan fort gå bra, sjølv om du ikkje skulle koma inn der du aller helst vil.
Du må setja opp dei vala du trur vil gi mest meining for deg. Prøv deg. Som bakar eller sveisar eller barne- og ungdomsarbeidar. Begynner du på eit yrkesfag, kan du gå ut i lære. Læra nye ting i ein praktisk samanheng. For mange gir det meir meining enn å sitja ved ein pult. Du kan skaffa deg fagbrev, bli ein dyktig fagarbeidar. I Norge kjem vi til å trengja 100.000 fagarbeidarar dei neste åra. Det er jobbar som skal gjerast, av gode folk, spennande jobbar, meiningsfulle jobbar. Du trengst der ute.
Eller du kan velja meir skule etter to år, du kan ta påbygg, og dermed skaffa deg studiekompetanse. Uansett gir yrkesfag deg sjansen til seinare å ta høgare utdanning, bli ein ingeniør som sjølv kan forskala ein grunnmur, eller ein sjukepleiar som alt har sett kva eldre på ein sjukeheim treng aller mest.
Det går mange vegar i mange retningar frå yrkesfag. Men det er ikkje like lett å sjå mange vegar vidare etter tre år på ein skule du aldri fann meining i.
Alexander har over fem i snitt og akademikerforeldre – blir elektriker
Nå ringer alarmklokkene for mangel på fagarbeidere
Alvoret
Det er krise rundt oss nå. Det er tungt, det er alvor, det er pandemi og arbeidsløyse. Det er vanskelegare for mange å finna nok meining i kvardagen, det er spesielt vanskeleg for mange unge. Men også de må klara å hengja på, ikkje detta av nå, ikkje bli sitjande heime. Friår? Etter vidaregåande, eller midt i? Gløym det, du blir sitjande heime aleine for deg sjølv. Det gjer det berre vanskelegare å hengja seg på igjen. Og du kjem til å møta krav der ute. Det er ikkje nok å vera snill og grei, som psykologen Peder Kjøs sa her ein dag, du må ha noko å by på. Eit fagbrev er noko å by på.
Difor, i år av alle år, er det så grenselaust viktig å søkja seg inn i den skulekvardagen ein trur ein kan trivast med nå. Der ein kan få prøva ut andre sider av seg sjølv, eller få dyrka det som alt gir mest meining. Alt det andre kan venta. Det må faktisk det.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det