Livredd for krigen

KOMMENTAR: Russlands krig mot Ukraina har gjort meg redd på ein måte eg trudde eg var ferdig med. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen.

Krigens redsler i Ukraina skapar også redsle i resten av verda.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

I femte klasse fekk me ny lærar, ein lærar eg – dessverre – aldri skal gløyma.

Året var 1980. Den same hausten skulle krigen mellom Iran og Irak bryta ut. Det kan ikkje ha vore så lenge etter krigsutbrotet 22. september at den nye læraren introduserte oss for Nostradamus (1503–1566). Ifølgje den nye læraren hadde den synske Nostradamus spådd både Hitler, atombomba, 1. og 2. verdskrig – og ein haug andre ting.

Men viktigare for oss, som liksom hadde heile livet framfor oss: Nostradamus hadde også spådd 3. verdskrig. Og verdas undergang. Den skulle koma i 1984.

Starten på slutten skulle koma der sivilisasjonen ein gong oppstod, i Mesopotamia, mellom dei store elvene Eufrat og Tigris.

– Og kva land ligg der? sa læraren og såg utover forsamlinga av måpande barneskuleelevar.

Irak. Der det akkurat hadde brote ut krig.

Ragnarok kjem

Når du er 11 år, trur du det læraren seier er sant. Så frå den dagen av var eg bombesikker (sic!) på at 3. verdskrig snart skulle bryta ut, og at verda skulle gå under i 1984.

Frå den dagen av hadde eg ein isande klump av redsle i magen stort sett heile tida. Ein klump som varierte i storleik og intensitet, men som blei halden ved like av at eg utvikla ei sterk interesse for nyheiter frå ei verd i kald krig.

Kvar dag hadde eg klokka på 07 for å få med meg Dagsnytt på NRK. Om undergangen hadde begynt i dag, skulle eg vera den første til å få det med meg.

Invasjonen

Kvifor dukkar dette minnet opp igjen nå? Fordi den isande klumpen av redsle plutseleg kom tilbake. Fordi eg over natta igjen blei til den livredde 14-åringen eg var i 1983. Altså året før undergangen i mi – og Nostradamus’ – tidsrekning.

Eg har tenkt mykje på kvifor eg blei så redd då Russland invaderte Ukraina 24. februar. Når eg har sett rundt meg, har liksom alle andre verka rolegare. Det har ikkje sett ut som om dei har opplevd angsten som noko fysisk, slik eg har gjort. Andre ser ut til å sova godt om nettene.

Også i denne runden har redsla blitt fôra av det eg vanlegvis reknar som ein positiv eigenskap, nemleg behovet for å følgja med og vera godt orientert om kva som går føre seg i verda.

Dei første dagane og vekene var eg kopla på både norske og utanlandske nettaviser, Twitter og Facebook. Eg las alt eg kom over av nyheitssaker og analysar, veksla mellom håp og håpløyse, avhengig kva teoriar eg hadde lese sist, om kor gale eller godt dette kunne gå.

Men etter relativt kort tid innsåg eg at eg sjølv måtte følgja psykologanes råd om korleis foreldre skulle handtera krigen overfor barna sine. Nemleg at ein må setja nokre grenser for inntrykk, ikkje vera kopla på heile dagen, ta pausar frå elendet. Heime skjerma eg tiåringen såpass frå Dagsrevyens timelange krigssendingar – eg sa at han gjerne måtte gå og spela Fortnite – at han sjølvsagt avslørte meg:

– Det er fordi du vil at eg ikkje skal sjå kva som går føre seg i Ukraina? sa han den tredje kvelden eg foreslo gaming. (I fredstid foreslår eg aldri gaming.)

Les også

Harald Birkevold: «Risiko for mat­mangel i Norge?»

Traume?

Det er nettopp ungane som har gjort redsla ekstra ille denne gongen. Ikkje berre har eg kome i kontakt med min indre 14-åring igjen. Eg ser også korleis dette verkar på ungane mine. Og det er jo dei, og deira framtid, eg er aller reddast for.

Men alt dette opplever jo alle andre også. Dei ser også nyheitene. Dei får også med seg analysane. Dei har også barn. Kvifor blir dei ikkje like livredde?

Om eg skal vera hobbypsykolog med meg sjølv – dels inspirert av sjølvterapien i podkasten «Norsken, svensken og dansken» – lurer eg på om ei viktig forklaring kan vera erfaringa mi frå 1980-talet. Eg gjenopplever på eitt vis eit traume frå oppveksten. Redsla eg følte på dei første, intense vekene etter Russlands angrep på Ukraina er ei spegling – og blir forsterka av – redsla eg vaks opp med. Den erfaringa – inkludert historia om Nostradamus – er ikkje noko alle andre har med seg.

Les også

Tom Hetland: «Makthavarane i Russland har kapra og misbrukt folket si krigshistorie»

Me må skilja mellom problem me kan gjera noko med og det me ikkje kan påverka.

Mindre redd

Eg er ikkje like livredd nå, sjølv om den kalde klumpen ikkje er heilt borte. Kanskje har det med at det ikkje har gått vegen for Putin. Kanskje har det med slitasjen å gjera, at det første sjokket har lagt seg, at det melder seg ein slags fatigue.

Men så hjelpte det faktisk å høyra «hypokonderlegen» Ingvard Wilhelmsen på eit foredrag på Bryne sist veke. Han meiner at angst er ein bra ting. At det er heilt nødvendig for å overleva, altså unngå fare. Han stadfestar også at det er noko fysisk, at binyrene skil ut eit stoff som gjer at du kjenner redsle.

Men viktigare: Han meiner me må skilja mellom problem me kan gjera noko med og det me ikkje kan påverka. Å bruka masse energi på å bekymra oss over noko me ikkje kan gjera noko med, er bortkasta, ifølgje Wilhelmsen:

– Same kor mykje du bekymrar deg, vil det ha null innverknad på krigen i Ukraina eller på om Putin fell. Putin gir blaffen i om du søv eller ikkje.

Det har han jo heilt rett i. På same måte som han nok har rett i at ein bør bruka tida fram til eventuelle fæle ting måtte skje på å prøva å ha så gode dagar som råd.

For, som Wilhelmsen seier: Bekymringa er berre ein tanke. Ikkje den verkelege tingen. Og i krig er det definitivt stor forskjell på tanken og tingen.

Les også

  1. Tida for naiv utanriks­politikk er omme

  2. Sjelden har vel skjebnen til Euro­vision så direkte vært styrt av poli­tiske begiven­heter

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Ingvard Wilhelmsen
  3. Russland
  4. Krigen i Ukraina
  5. Krig