Historia om 22. juli ikkje ferdig fortalt

KOMMENTAR: Når du ser ein «autentisk» tv-serie om faktiske hendingar, som «22. juli», er det lett å gløyma at det samtidig er fiksjon og berre ein av fleire versjonar av historia.

Publisert: Publisert:

Journalistane var dei første som tok fatt på historia om 22. juli. Men etter dei kjem forfattarane, filmskaparane og historikarane. Foto: NRK

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

«Med «22. juli» ønsker serieskaparane å formidle ei historisk korrekt forteljing av kva som skjedde. Dette for å unngå at sanninga blir forvrengt.»

Dette stod å lesa på NRK.no sine nettsider då dei første episodane av storsatsinga «22. juli» blei lansert i starten av januar.

– Det skal vere slik at du kan sitje saman med ein 14-åring og fortelje han at «viss du ser på nettet om tre år at 22. juli var arrangert av Ap sjølv, så har du denne serien som ei historisk korrekt framstilling av kva som skjedde», sa serieskapar Sara Johnsen til NRK.

Stor suksess

«22. juli» har fått fantastiske kritikkar, blant anna av meg, og store sjåartal. Både lekmann og lærd opplever det me ser både som skakande, viktig og – ikkje minst – «sant».

Det heile står fram som så «sant» at det er lett å gløyma at det er ein fiksjonsserie. Journalisten Anine, læraren Helga, anestesilegen Anne Cathrine, politimannen Eivind. Ingen av dei eksisterer. Dei er oppdikta karakterar.

Likevel hevdar altså skaparane Sara Johnsen og Pål Sletaune at dei gjennom denne fiksjonsserien formidlar ei historisk korrekt framstilling av det som skjedde 22. juli, basert på svært grundig research og faktiske hendingar.

Faktisk så tett på faktiske hendingar at det verkelege mennesket Peder Jensen, betre kjent som Fjordman, meiner bloggaren Mads/Breidablikk ligg så tett på han at NRK like gjerne kunne identifisert han med namn. Jensen skriv i Aftenposten at han meiner statskanalen har vore uetisk og burde teke kontakt med han på førehand. Dette har fått NRKs Ivar Køhn til å presisera at Mads er ein oppdikta karakter, og ikkje eit portrett av Jensen.

Som igjen illustrerer det kompliserte i å kombinera «historisk korrekt framstilling» om verkelege menneske med samtidig å påstå at ein lagar fiksjon med oppdikta karakterar.

Les også

Sterkt og nyansert om 22. juli

Verkeleg?

Tv og film er ekstremt sterke medium. Det er lett å tru at det du ser, er sant. Ikkje minst når tv- og filmskaparane seier at dette er historisk korrekt, eller i det minste basert på ei sann historie.

Men det kan vera sunt å ha i bakhovudet at tv og film berre er versjonar av historia, og at forteljinga er tilpassa mediet den blir presentert i.

Me er mange som skriv historie. Eller historier. Som ein av karakterane i «22. juli» – ein fiktiv Aftenposten-redaktør – seier i tredje episode av serien, rett etter terroren: «Det vi skriver og publiserer de neste dagene blir historie. Eller historien.» Ei utsegn som er velmeint, men feil.

Media er dei første til å begynna på å skriva på historia, nesten i sanntid. Men også denne historia endrar seg ganske raskt. Som journalisten Anine erfarer: Den første historia er ikkje nødvendigvis den fulle sanninga. Journalistikk handlar nettopp om dette, å stadig søka etter sanninga. Men sjølv om mange journalistar jobba mykje med det som skjedde 22. juli, viste det seg at historia ikkje var komplett eller ferdig fortalt.

Bøkene

For sidan kom bøkene. Først sakprosabøkene som både fortalde historia frå mange av dei involvertes side og prøvde å finna ut av korleis dette kunne skje. Sidan kom dei skjønnlitterære bøkene, altså rein fiksjon, der 22. juli har vore eit viktig motiv, ein slags klangbotn, eit emosjonelt traume.

Parallelt har du rettsstatens behandling, Gjørv-kommisjonens rapport, statens eigne forsøk på å finna ut kva som faktisk skjedde. Også dette viktige bidrag til historieskrivinga.

Etter alt dette kjem filmane. I 2018 Paul Greengrass sin «22 July», der skodespelarar spelar verkelege personar i dramaet. Same året kom Erik Poppes «Utøya 22. juli», som fortel historia om kva som skjedde på Utøya. Som i NRKs tv-serie, gjer også Poppe det filmatiske grepet å bruka fiktive karakterar for å fortelja «den sanne» historia.

Mange historier

Ni år etter hendingane har me dermed fått eit utal historier om kva som skjedde rundt 22. juli 2011. Me har ei rekkje versjonar, ei rekkje vinklingar, fortalde i ulike format, med kvar sine fordelar og kvar sine grenser. Eitt av dei viktigaste bidraga, fiksjonsserien «22. juli» gir, er kanskje det emosjonelle avtrykket. Som medieprofessor Jostein Gripsrud har sagt til Bergensavisen: Kulturelle uttrykk er godt eigna til å bearbeida det kollektive traumet 22. juli.

Nye versjonar av historia byggjer på tidlegare arbeid. «22 July» er basert på Åsne Seierstads sakprosabok «En av oss: En fortelling om Norge». Viktig researcharbeid til tv-serien er gjort av Kjetil Østli, som jobba journalistisk med saka for Aftenposten. Manuskonsulent er Aage S. Borchgrevink, som sjølv skreiv boka «En norsk tragedie» om Anders Behring Breivik.

Og slik kjem det til å halda fram, akkurat som det gjer med andre viktige historiske hendingar. Etter journalistane, forfattarane og filmskaparane kjem forskarane. Framtidas historikarar vil gå inn i materialet, og så kjem dei med sine versjonar, sine bidrag. Som i sin tur vil bli diskutert av andre historikarar.

Slik er ikkje «den historisk korrekte framstillinga» av kva som skjedde noko som blir ferdig fortalt, heller ikkje med siste episode av «22. juli».

Publisert:
  1. Kommentator Jan Zahl
  2. 22. juli
  3. NRK
  4. TV
  5. Terror