Skuggane i Oostende

GJESTEKOMMENTAR: I Belgia er det på ny debatt om statuar av kong Leopold II, og om gater kalla opp etter han. Men eigentleg handlar debattane om noko anna.

Publisert: Publisert:

Europeisk kolonialisme i Afrika – meir presist belgisk kolonialisme i Kongo: Ein far og alt som var att av dottera hans – ein avkappa fot og ei avkappa hand. Straff for at landsbyen ikkje ytte nok «skatt» til eit belgisk gummiselskap. Foto: Alice Seeley Harris

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist

Søndag morgon den 15. mai 1904: På den protestantiske misjonsposten Baringa, nord i Kongo, skulle ein akkurat gå i gang med morgongudstenesta då to menn kom frå ein landsby i nærleiken. Den eine, Nsala, bar på ein pakke laga av bananblad.

Då han opna opp pakken, synte det seg at den inneheldt ei avkappa hand og ein avkappa fot, tilhøyrande eit born. Det var alt som var att av dottera hans, Boali, som hadde blitt drepen av krigarar i teneste for gummiselskapet Abir, eit selskap etablert i Antwerpen i 1892 og som hadde fått tildelt ein stor konsesjon nord i den såkalla Fristaten Kongo, med rett til å skattleggja innbyggjarane. Denne skatten vart kravd inn i form av gummi, og landsbyen til Nsala og Boali hadde vorte angripen fordi dei ikkje hadde nådd «kvoten» si.

Den engelske misjonæren Alice Seeley Harris vart naturleg nok djupt skaka, men overtydde Nsala om å lata seg bli tatt eit bilete av, saman med handa og foten.

Biletet av ein mann som sit på verandaen til misjonsposten, og som uttrykkslaust ser på det vesle som er att av bornet hans, skjer djupt i hjarta også i dag. Det var berre eitt av mange bilete Harris tok, og som ho etter kvart – saman med ektemannen John Hobbis Harris – nytta i ein kampanje for å setja søkjelys på de grufulle som gjekk føre seg i Kongo.

Les også

Harald Birkevold: «Med flagget foran øynene»

Ein personleg koloni

Denne såkalla fristaten var den belgiske kong Leopold II (1835–1909) sin personlege koloni, som han hadde skaffa seg gjennom lobbyverksemd og diplomatiske manøvrar rundt Berlin-konferansen i 1884 og 1885. Han hadde framstilt det heile som noko av eit humanitært prosjekt, og han lova å driva vekk slavehandlarar.

I røynda var fristaten eit terrorregime basert på nettopp tvangsarbeid, eit terrorregime ein reknar med at direkte og indirekte kosta millionar av menneske livet.

Alice Seeley Harris var ein av dei som bidrog til at det som gjekk føre seg vart kjent for omverda, noko som skapte monaleg internasjonal merksemd og avsky den gongen, – og som i 1908 førte til at Belgia annekterte området, trass betydeleg motvilje frå mange belgiske liberalarar og frå dei fleste sosialistane i det belgiske parlamentet.

På nokre område gav dette eit mildare regime, men overgangen frå Fristaten Kongo til Belgisk Kongo var både eit brot og eit framhald av kolonialisering, av undertrykking og av utbytting.

Statuar av kong Leopold II har – i samband med dei verdsomfemnande reaksjonane på politidrapet på George Floyd i Minneapolis 25. mai – fått hard medfart i Belgia den siste tida, her i (f.v.) Tervuren, Ghent og Brussel. «Pardon» er fransk for «unnskyld». Foto: Reuters/NTB scanpix

Ein debatt om statuar

Den siste tida har alt dette igjen fått merksemd. I kjølvatnet av #blacklivesmatter-protestane har det dukka opp krav om å fjerna statuar av Leopold II, og til diskusjonar om gatenamn kalla opp etter kongen. Det er ikkje fyrste gongen. Den debatten har dukka opp gjentekne gongar dei siste åra, og den følgjer for så vidt kjende skiljeliner: Nokre meiner det er ein del av eit naudsynt oppgjer med fortida, andre meiner at det er ei problematisk utvisking av fortida. Kanskje har båe sider rett.

Tyrannen Leopold II av Belgia – «slaktaren av Kongo» – høgt til hest i badebyen Oostende, og nedanfor kongolesarar som hyllar han. To brør, skulptøren Alfred Courtens og arkitekten Antoine Courtens, skapte verket.

Denne gongen ser det ut til å skje meir. I byane Kortrijk, Dendermonde og Sint-Niklaas ligg det an til at Leopold II-gater vil forsvinna. I universitetsbyen Leuven har ei byste av kongen vorte fjerna frå universitetsbiblioteket. I Gent er eit arbeidsgruppe sett ned for å diskutera om eit monument skal fjernast.

For ordføraren i Oostende, liberalaren Bart Tommelein, er det heile meir komplisert. Ved strandpromenaden i byen er Leopold II avbilda, ridande til hest, omgjeven av bronsefigurar som skal førestilla ei takksam lokalbefolkning, men også kongolesarar som er takksame for at han frigjorde dei frå arabisk slaveri.

Samstundes er det moderne Oostende på mange måtar eit produkt av Leopold II, som la mykje av grunnlaget for Oostende som badeby i belle époque-perioden på slutten av 1800-talet.

«Leopold II har sett avtrykket sitt på denne byen», seier Tommelein i eit intervju med avisa De Morgen: «Skal du ta vekk statuen av han, må du også diskutera dei mange monumenta, parkane og strøka han fekk etablert.»

Han føreslår i staden å plassera statuen innanfor ein historisk kontekst, til dømes gjennom å få plassert eit anna monument i nærleiken, eit monument som kan problematisera det fyrste.

«Ingen dårleg idé», meiner Idesbald Goddeeris, som er professor i kolonihistorie. Men han peiker på eit problem: Også tidlegare har protestar vorte møtte med slike idéar og slike løfte, det er berre det at dei sjeldan har blitt noko av.

Les også

Øyvind Strømmen: «Hatet som framleis lever – og som har røter i alminnelege fordommar»

Les også

Øyvind Strømmen: «Høgreekstremismen kom på nettet allereie i 1983»

Les også

Øyvind Strømmen: «Trollet som ville redda planeten med å eta babyar»

Lady Alice Seeley Harris – ho fekk tittelen då mannen hennar, John Hobbis Harris vart adla og han vart Sir John) – vart over 100 år gammal. Her på 100-årsdagen i 1970. Foto: Wikimedia Commons

Statuane som manglar

Leopold-statuen ved strandpromenaden i Oostende kastar langt lengre skuggar enn dei fysiske.

Og debattane om den handlar om langt meir enn ein statue. Den handlar om belgisk kolonihistorie, og om eit oppgjer med fortida som ofte har blitt verande halvkvedne. Det kan det vera verdt å tenkja over også i Noreg. Ein del av Fristaten Kongo si historie er også norsk, for nordmenn drog til Kongo som ein del av Leopold sitt prosjekt, og fleire deltok som offiserar i militærstyrken Force Publique.

Her er noko anna å tenkja over: Alice Seeley Harris har, for alt eg veit, ikkje fått ei einaste gate kalla opp etter seg. Det finst eit lite minnesmerke over ho i heimbyen Frome, men ingen statuar.

Det gjer det heller ikkje av Nsala eller av dottera hans, Boali. Men fotografiet finst. Og det riv i sjela di.

Tidlegare gjestekommentarar frå Øyvind Strømmen

Andre gjestekommentarar

Publisert:

Les også

  1. – Problemene med rasisme er nå akutte

  2. – I bakvendt­land blir frigjørere rasister

  3. Trump vil boikotte TV-sport om idretts­utøverne gjør dette

  4. Bjarne Brøndbo og D.D.E. varsler «musikk-demonstrasjoner»

Mest lest akkurat nå

  1. Han skal gi Sandnes 400 nye kontorplasser

  2. Silje fikk toppkarakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i klesbutikk.

  3. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  4. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  5. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfel­lene kommer fra ett land

  6. FULL OVERSIKT: 5 døde, 832 påvist smittede i Roga­land – sjekk din kommune

  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Rasisme
  4. Belgia
  5. Historie