Orda etter 22. juli – og nå

KOMMENTAR: Det blei skrive framtidshåp inn i alle talane i dagane etter 22. juli 2011. For kvar tale eg les kjennest avstanden større frå dei dagane til desse.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Statsminister Jens Stoltenberg talar under minnemarkeringa i Oslo Spektrum etter 22. juli. Cornelius Poppe / Scanpix

«Det er over 80», seier han. Det er morgonen etter, og far i huset har stått opp før meg.

Eg kjenner det søkk i meg. Over 80? Over 80 drepne? Over 80 ungdommar, skotne? Eg løftar eittåringen over på fanget, held han inntil meg. Ein gal mann har gått rundt på AUFs sommarleir på Utøya og skote, skote, skote og skote på ungdommane våre. Drepe barna våre.

Etter å ha bomba regjeringsbygget, der åtte menneske mista livet.

Det er ikkje til å gripa. Sjølv om talet blir korrigert, i natta har ein talt ei gruppe på Utøya to gonger, sjølv om det er til saman 77, er det ikkje til å halda ut.

I Stavanger pakkar Gladmaten seg ned, dei butikkane som held ope, skrur av musikken. Dei få som er i byen, er bleike og alvorlege. Det går ikkje å snakka om noko anna. Og det går nesten ikkje å snakka om dette heller.

Talane

I dei første timane og dagane er det statsminister Jens Stoltenbergs oppgåve å finna orda vi treng.

«Vi må aldri oppgi våre verdier. Vi må vise at vårt åpne samfunn består også denne prøven. At svaret på vold er enda mer demokrati. Enda mer humanitet. Men aldri naivitet. Det skylder vi ofrene og deres pårørende.»

Den første talen, den første kvelden. Skriven utan at ein visste kven som stod bak terroren. Statssekretær og tidlegare pressemann Hans Kristian Amundsen skreiv talen på flyet ned til Oslo.

Han skreiv at det er eit angrep på oss alle, på Norge. At ingen nokosinne skal få skremma oss frå å vera Norge.

Det kjem fleire talar. Alle skrivne av Amundsen, før Stoltenberg gjer dei til sine.

Frå minnestunda i Oslo domkyrkje, der Stoltenberg skal trøysta. Då kan han ikkje gjera døden mindre brutal, skriv Amundsen.

Frå dagen folket fyller gatene i rosetog. «Ondskap kan drepe et menneske, men aldri beseire et folk», seier Stoltenberg til folkehavet. «Det blir et Norge før og et etter 22. juli, men hvilket Norge bestemmer vi selv. Norge skal være til å kjenne igjen.»

Korthogne setningar. Direkte, for å vera sanne nok. Men med håp. Alltid håp. Også i talen i Stortinget. «Med det frie ord som våpen og i denne sals ånd skal vi sammen la menneskeverd og trygghet vinne over frykt og hat.»

Nei, eg skulle ikkje skriva om dette nå. Eg har gjort det før. Men så las eg Hans Kristian Amundsens bok om talane, «Vi er et lite land, men et stort folk». Og blir sett tilbake til julidagane i 2011. Då dette var alt. Men for kvart håp og faste framtidsgrep Amundsen skriv inn, kjenner eg avstanden bli større og større og større. Frå dei dagane til desse. Så måtte eg skriva, likevel. Sjølv om det berre blir endå ein tekst. Knapt eit gnagsår.

Har vi klart det?

22. juli var eit angrep på Ap og AUF. Utført av ein terrorist som såg Ap som ein tilretteleggjar for at muslimske krefter kunne overta landet.

I mars i fjor la dåverande justisminister Sylvi Listhaug ut ein post på Facebook med teksten «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del.»

Det tok fire dagar før justisministeren beklaga, fem dagar før ho sletta innlegget. Det tok statsministeren fem dagar før ho ber om unnskyldning for at regjeringas retorikk har såra folk. Listhaug prøvde å unnskylda overfor Stortinget, men klarte det ikkje, sjølv etter fire forsøk. Til slutt måtte ho gå, for å unngå at regjeringa kunne bli velta av mistillit frå Stortinget. I talen sin kalla ho Stortinget ein barnehage, og meiner Ap kneblar ytringsfridommen.

I denne perioden fekk Kripos tre gonger så mange tips om hatmeldingar som i månadene rett før. I denne perioden auka det igjen på med hatmeldingar til overlevande frå Utøya. 409 dagar seinare tok Erna Solberg Sylvi Listhaug inn igjen i regjeringa.

Og nå? Når ein annan lyshuda galning ville drepa folk av ei bestemt gruppe – denne gongen muslimar – enda vi opp med å diskutera snikislamisering! Etter initiativ frå finansministeren. Terroristen rakk å utføra eit rasistisk motivert drap på si eiga stesyster, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen, før han blei stoppa.

Debatten

Skriv ein tekstar som denne, vil ein straks bli tillagt eit lass med eigenskapar og haldningar. Ein er naiv, venstreekstremist, moralist og fanatikar, sannsynlegvis for tvangsekteskap og barnehijab og sharialovar, mot ytringsfridom, og ute etter å ta Sylvi Listhaug og skitna til Frp. Den offentlege debatten er på ein stad der det som tel, er å gjera andres ytringar ugyldige. Ikkje ved å sjekka om argumenta deira held, men ved å tilleggja dei nok haldningar og skjulte motiv til at truverdet, og dermed heile ytringa, smuldrar opp. Og gjerne også visa til at nokon blir ramma av at ein skriv slikt. At nokon blir krenka. Det kan ramma ein kvar tekst, og ein kvar tekst kan skuldast for å driva med det.

I den siste offisielle talen, den frå minnemarkeringa i Oslo Spektrum, kjem Stoltenberg med tre oppdrag og ei oppfordring. Om å sjå dei som er ramma, om å møta hat med argument, om å skapa tryggleik igjen. Oppfordringa gjekk til kvar enkelt – om å ta ansvar, om å vakta fridommen, om å knytta ei ubryteleg lenke av omsorg, demokrati og tryggleik i fellesskap.

Håp og framtidsgrep. Som i alle talane i dagane etter 22. juli 2011. Det er eit håp eg i ettertid ikkje klarer å sjå vi har gjort oss fortente til.

Publisert: