Det burde vera høgresida sin tur nå

KOMMENTAR: I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

Frp-leiar Sylvi Listhaug, saman med nestleiarane Ketil Solvik-Olsen og Terje Søviknes, oppfordrar til å stoppa splittinga og stå saman i kampen mot valdeleg ekstremisme.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

I ein kronikk i Aftenposten ber leiinga i Frp om at ein må stå saman mot valdeleg ekstremisme. Og at splittinga må stoppa. Splittinga er det dei andre som driv med, og dei andre som må stoppa med. Stoppa å prøva å dytta Frp ut av samhaldet, direkte og indirekte, i avisartiklar og på sosiale medium, stoppa det dei kallar stemplinga av Frps 444.000 veljarar.

På den andre sida

Fire dagar etter at den kronikken blei publisert, meiner Frp-leiar Sylvi Listhaug sjølv at MDG nå er ute etter barna våre. At dei vil påføra alle oss andre skam for å føda barn til verda. Det er ikkje sant. Det MDG-politikar Josefine Gjerde sa, var at ho ikkje vil føda barn før ho er trygg på at vi når klimamåla i Parisavtalen. Det er eit personleg val, seier ho, og understrekar at det ikkje er noko galt i å føda barn. Det er å la vera å løysa klimakrisa ho meiner er galt.

Mytar om at nokon vil ta barna våre, har til nå tilhøyrt svært eksteme miljø, uttrykt på svært ekstreme måtar.

Tre dagar etter det igjen, nå ei heil veke etter oppfordringa om å stoppa å splitta, postar Sylvi Listhaug eit innlegg på eiga facebookside der ho fortel at Ap-leiar Jonas Gahr Støre nok ein gong angrip ytringsfridommen. Det er ikkje så sant, det heller. Han vil fjerna statsstøtta til bloggen HRS - Human Rights Service. Men understrekar samtidig at dei må få seia og skriva det dei ønsker. Å nekta nokon statsstøtte er ikkje det same som å ta ytringsfridommen frå dei. Listhaug ber Støre slutta å dyrka splittinga, og meiner han også insinuerer at HRS skulle vera medskyldige i 22. juliangrepet.

Under streken

I kommentarfeltet under den posten til Listhaug, kunne vi blant anna lesa at Anders Behring Breivik kom frå ein Ap-familie, så ein får begynna der, at ABB sikkert blei send til Utøya som ungdom, at Støre vil mjølka 22. juli for alt det er verdt, at vi hadde vore 22. juli forutan, dersom den ansvarlege asyl- og innvandringspolitikken til Frp hadde blitt etterlevd, at dei skamlause sosialistane, også kalt apane i same kommentar, kosar seg over å heksepeika, at Støre slikkar islam opp etter ryggen og at han og Ap er ein fare for land og folk. Samt at Ap og KrF vil forby alt dei ikkje liker, men ikkje liker å bli minna om ordtaket «Gott mit uns». Det siste eit slagord med ei lang historie blant krigarar og keisarar, blant anna bar Hitlers soldatar mottoet på beltespenna på uniformen under andre verdskrig. Innimellom blir Listhaug fleire gonger oppfordra til å rydda opp i kommentarfeltet.

I kronikken i Aftenposten, roser Listhaug og nestleiarane hennar det norske demokratiet som unikt, og held fram rausheiten, tilliten og samhaldet mellom konkurrerande politikarar.

Fellesskap kostar

Javel, Frp. Eg trur kanskje de burde leggja inn litt fleire aksjar sjølv i den tilliten. Eg er redd det ikkje held med det gode arbeidet eg veit enkeltpolitikarar i partiet gjer på den fronten. På toppen tømmer Listhaug ord som rausheit, tillit og samhald for innhald, på same pust som ho ber andre slutta å splitta. Det er ingen måte å driva politikk på.

Metoden er å ta eit frø av noko som er sant, leggja til eit hint av ein myte, slenga på ein litt beslekta påstand, eller noko som var sant i ein annan samanheng, og vri heile greia til noko heilt anna, noko opprørande galt. Som at eit politisk parti er ute etter barna våre. Eller at Gahr Støre insinuerer at HRS er medskyldige i 22. juli.

Alle konspirasjonsteoriar begynner også slik. Med eit snev av noko ein kan tru er sant. Med ein myte så gammal at ein kan tru den er sann, med noko som har vore sant, i ein heilt annan samanheng. Og endar som regel med noko ein skulle ønska var sant.

Og alle fellesskap kostar. For skal fellesskap stå seg over tid, må ein skifta på å gå opp og dra, skifta på kven som set mest krefter inn på å halda det gåande. Og ein må tola å bli skitten på hendene. Det skjer ikkje når ein er den som går lengst for sine eigne i gruppa. Det blir ein rein og rank av, i eiga gruppe. Det er først når ein vågar å ta eit steg eller to vekk frå sine eigne at det store fellesskapet kostar.

Ap gjorde mykje for å halda oss alle samla etter terroren 22. juli. Dei tona ned det politiske ved angrepet, dei snakka lenge om det som eit angrep mot demokratiet, mot våre grunnleggjande verdiar. Det var jo det. Men det var også eit angrep mot AUF og Ap. Å tona det ned, har kosta.

Gå opp og dra

For Sylvi Listhaug, og dermed Frp, sidan dei har henne som sin leiar, ville kostnaden vera å leggja Listhaugs metode vekk. Den bidrar til polarisering, mistenkeleggjering og skyttargravskriging. Vi treng verkeleg ikkje meir av det, vi treng mindre.

Og det kan jo ikkje vera så vanskeleg å finna ærlegare måtar å gå mot MDGs politikk på, eller rett og slett vera ueinig med Jonas Gahr Støre i kven som bør få statsstøtte og ikkje.

Denne våren har vi sett at berøringsangsten ved 22. juli har sloppe taket hos mange av dei som sjølv var berørte. Dei har gitt oss vitneskildringar vi trengte. Ei brutal, men nødvendig realitetsorientering.

For dei andre politiske partia er det klart berøringsangsten har halde dei tilbake. Noko både tidlegare og nåverande ungdomspolitikarar i Høgre og FpU reflekterte klokt rundt i Morgenbladet nettopp. Tida for slike refleksjonar frå dei vaksne partia på høgresida er nå. At dei klarar det på meir vidsynt vis enn i Frps kronikk, må vi kunna forventa. Gå opp og dra. Ver limet. Sjølv om det kostar.

Les også

  1. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. 22. juli
  3. Sylvi Listhaug
  4. Fremskrittspartiet (Frp)
  5. Solveig G. Sandelson