For stramt om foreldrepermisjon
KOMMENTAR: Foreldrepermisjonen blei låst i tre like delar, for å styrka likestillinga. Men slik gjekk det ikkje. Gjer det noko?
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør
Små, nye familiar er sårbare. Det er nattevåk og hormon og bekymringar og kjærleik, det er for lite mjølk eller for mykje eller ikkje i det heile, det kan vera sårt og gjera vondt, og det gjer uansett alle elles små ting i livet store og avgjerande for at heile familien skal koma seg vel gjennom både dagane og nettene. Få ro. Få venda seg innover. Få høyra saman. Før ein kanskje finn ein rytme. Før livet og kvardagen igjen går i større og større sirklar.
Ordninga
Dei første 46 vekene av dette nye livet får familien foreldrepengar frå staten. Det vil seia, før det nye livet kjem, har mor tre veker permisjon. Så 49 veker, altså, til saman.
Det begynte kortare. Det begynte som barselpengar. Så blei det fødselspengar. Og i 1993 fekk far fire veker reservert for seg. For å sikra barnets kontakt med far, for å styrka far sine rettar som omsorgsperson og for å sikra likestillinga mellom mor og far, både i arbeidslivet og heime. Alle dei tre tankane der er lette å stilla seg bak, synest eg.
Heile ordninga er meint å gjera det lettare å få barn, og lettare å kombinera det å ha barn med arbeidslivet. For både mor og far. Ordninga la på seg, blei til foreldrepermisjon, blei til dei 49 vekene vi har i dag. Eller 59 veker, viss ein tar ut 80 prosent av lønna i staden for 100. Fars del vaks også.
I 2018 og 2019 låste ein heile greia i tre delar. 15 veker til mor, 15 til far og den siste delen til fordeling mellom dei to. Med same tankar som i 1993. Sikra barnet omsorg frå begge foreldra, styrka fars rettar og aller mest, denne gongen, styrka likestillinga og hindra at mor sakkar av i arbeidslivet og i framtidig pensjon.
Praksis
Men nå gjekk det ikkje heilt slik politikarane hadde tenkt. Etter at ordninga blei innført, har rundt halvparten av alle mødrene tatt ut ulønt permisjon i tillegg, viser ein rapport frå Nav. I gjennomsnitt i 16 veker. 11 prosent av fedrane gjer det også, men over kortare tid. Sist det blei sjekka, i 2017, gjorde ein tredel av mødrene det, og fem prosent av fedrane.
Den låste tredelinga drar i motsett retning av det ein tenkte seg som meir likestilling. Mor blir heime med barnet, utan lønn.
Det er mødrene som har blitt spurt kvifor dei tar ut ulønt permisjon, og alternativet som får flest kryss, er at dei vil ha lenger tid med barnet. Det neste er amming. Så kjem barnehageplass litt lenger ned.
Ein kan bli i godt humør av det, faktisk. Familien gjer som dei vil, kan ein tenkja. Når staten prøver å få alle pinnane i dette bankebrettet av ulike familiar til å bli like lange, så sprett ein del av dei opp igjen, akkurat så høgt som dei sjølv vil.
Men det gjeld sjølvsagt dei som har økonomi og ressursar til det. Som kan velja å vera lenger heime. Så har du dei som må det fordi dei ikkje har barnehageplass, og dei som må ut i jobb igjen før dei er klare, fordi dei ikkje har råd til å vera heime utan lønn. I tillegg er det oftast mor som tener minst, så for familieøkonomien, akkurat der og då, er det tryggast og kanskje einaste alternativet at mor blir heime.
Når ein spør mor og far i denne rapporten korleis dei helst ville hatt det, er far fornøgd med 15 veker, mens mor gjerne ville hatt 33, og synest at det held med 11 til far. I praksis har mor 31 veker nå – sin eigen del, pluss den til fordeling. Dei fleste gjer det sånn. Far får – og tar – i stor grad akkurat det staten gir.
Gi litt slakk
Familiar vil bestemma det der sjølv. Noko som er ganske rimeleg, spør du meg. Sjølv om det då ikkje blir heilt som staten hadde tenkt seg. Men det blei det altså heller ikkje då staten blei for stram i grepet.
Før tredelinga, i alle åra frå det først blei lufta og til det blei bestemt, nølte politikarane, særleg på høgresida og i KrF, med å gå så langt inn i familielivet. Kor langt inn i dagane dine skal staten bestemma? Og kor mykje omsyn skal ein ta til forskjellen mellom mor og far i dei første månadane av barnets liv? Trumfar omsynet til likestillinga alt dette?
For ikkje berre er familiar forskjellige, nyfødde og spedbarn er også det. Om førstemann vender seg til å sova og bli amma til nokså faste tider, er det slett ikkje sikkert at nestemann gjer det. Viss mor ammar, og minsten ennå vaknar fleire gonger kvar natt, er det ikkje så lett for nokon om mor skal begynna i jobb igjen når minsten så vidt er sju månader. Aller minst for minsten. Og det er ikkje sikkert mor er heilt i form heller, fødslar og svangerskap er også forskjellige. Kor lang tid ein bruker på å henta seg inn igjen følgjer ikkje nødvendigvis den malen staten har lagt. For ei kvinne som ammar, kan sjølv det å tenkja på barnet vera nok til at mjølka piplar. Og det er ikkje sikkert den alltid stoppar der statens permisjonsordning gjer det. Sjølv om slikt ikkje passar seg å seia.
Alt det der. Alt det der er heilt vanleg, det er langt innanfor normalen. Mens den låste foreldrepermisjonen nærmar seg ein slags nullvisjon for kor mykje ein familie skal kunna bestemma sjølv, og kor ulike dei får vera. Og for kor mykje slakk minsten skal få, straks han passerer halvåret.
Nei, det er ikkje så store forskjellar på kva foreldre vil og kva foreldre får. Slik sett går det fint an å leva med den stramme ordninga.
Men likevel. Det hender at storsamfunnets – eller statens – velvillig støttande armar går for langt og held for fast. Det hender dei klemmer pusten ut av folk.
Slepp opp! Gi nye familiar større pusterom! Sjølv om dei då ikkje gjer heilt som staten vil.
Les også
Mest lest akkurat nå
Skulle sjekke om alt gikk bra med naboen. Ble stukket med kniv i brystet
Kjemperesultat for Rogaland-bedrift - har ordrereserve på 4,6 milliarder
Støyende asfaltarbeid mellom Tjensvollkrysset og Madlakrossen de to neste nettene
– Jakob vil ikkje vere den som ligg bak og tilfeldigvis klarer å spurte forbi. Han vil vinne med overtyding
Birgitte-saken: Siktede la en felle for det som viste seg å være politifolk
Hun ble syk, manglet penger – derfor valgte hun dette yrket
Aftenbladet anbefaler
Birgitte-saken: Siktede la en felle for det som viste seg å være politifolk
Inge Anda solgte restauranten i 2019, men har fortsatt ikke fått pengene. Nå blir det rettssak
Lærerstreiken: Slik trapper de opp i Rogaland kommende mandag
Undersøker båten og vannskuteren etter dødsulykken på Sirdalsvatnet
Mest debattert
Problemet er ikke synlighet, sikt eller veiskuldre. Det er sjåfører med et kjøremønster som dreper myke trafikanter
Utdrikningslag trampet i hjel måke på Torget: – Folk begynte å skrike, det var mange barn og turister her
Strømkrangelen mellom nord og sør er oppkonstruert, og partiledelsen i Ap heller bensin på bålet
«Dette er for svakt, Viking»