«Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

KOMMENTAR: «De kommer til å skamme seg resten av livet for at de ikke grep inn før.»

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Sylvi Listhaug har ikkje alltid blitt tolka på beste vis, ho har blitt vranglest. Men det rettferdiggjer ikkje splitt-og-hersk-retorikken hennar. Foto: Dan P. Neegaard

Sitatet ovanfor er henta frå «Lærer Bjørndals metode», ein av Bergens Tidendes – og Norges – mest leste og delte kommentarar, skriven av Trine Eilertsen i 2011. Då var ho sjefredaktør i BT.

Else i klasse 9B blir plaga og ledd av, ein dag orkar ho ikkje koma på skulen. Mor ringer lærar Bjørndal. Han går til klasserommet, og ber seks elevar koma ut. Dei får refs. Dei får beskjed om å ta ansvar. For dei er dei mest populære i klassa, dei har mest makt. Dei kan stoppa dette.

Neste gong alt er i ferd med å gjenta seg, då to av plageåndene ler av Elses nølande høgtlesing, reiser klassens desiderte einar i gym seg, peikar på han som ler, og seier: «Og du, du holder godt kjeft, din idiot.»

SVAR FRA HØYRE OG FRP:

Les også

Bent Høie: Sylvi Listhaug er klassens tillitsvalgte med ansvar for å tale klasseflertallets sak

Les også

Christian Wedler: Både Kristoffer Joner og Sylvi Listhaug bør tenke seg om

Respekten for andre er i ferd med å bli trengt ut

Det store norske klasserommet

Respekten for andre er i ferd med å bli trengt ut av det store norske klasserommet. Debattklimaet har blitt rått, hardt, personifisert og skamlaust populistisk. Fakta og sak synest uvesentleg, kven du identifiserer deg med betyr alt.

Ein av våre sitjande statsrådar, Sylvi Listhaug (Frp), er ein av dei sterkaste pådrivarane i denne retninga. Nei, ho har ikkje alltid blitt tolka på beste vis, ho har blitt vranglest. Men det rettferdiggjer ikkje splitt-og-hersk-retorikken hennar. Den opprører meg.

Ho har stor makt, sterk posisjon og brei støtte
Les også

– Sylvi Listhaug bryter egen strategi mot hatytringer

Mektig

Det opprører meg også at heile resten av regjeringa, inkludert Erna Solberg sjølv, sit musestille i klasserommet, og gjer som ingenting.

For innvandrings- og integreringsminister Listhaugs politikk har eit stort og breitt fleirtal bak seg i Stortinget. Nyansane over til Høgre og Ap er ørsmå. Også ein stor del av veljarane støttar ein svært streng innvandringspolitikk og meiner Listhaug gjer en god jobb. Ho har over 100.000 følgjarar på Facebook. Ho har stor makt, sterk posisjon og brei støtte, på eit felt som er komplisert og kontroversielt, og der utøvd og ønska politikk påfører enkeltmenneske tap og smerte.

Ein sitjande statsråd må vera heile landets statsråd, sjølv om ho ikkje deler det politiske synet til heile landet. Og, for å sitera Kristin Clemet, ein kvar sitjande statsråd har eit ansvar for å ta vare på samfunnslimet, for ikkje å framføra sine meiningar på ein støytande eller polariserande måte.

Eg meiner det er like viktig for at demokratiet vårt skal fungera, som eit trygt miljø i klassa på ungdomsskulen er det for læring og sjølvutvikling.

Lik og del

Heile innvandringspolitikken vår er på Facebook-sida til Listhaug redusert til kampanjeaktige slagord. Følgjarane blir mana til å lika og dela og trengja meiningsmotstandarane tilbake:

  • «De norske verdiene skal aksepteres! Lik og del hvis du er enig!»
  • «Vi strammer inn kravene til fingeravtrykk og ansiktsgjenforening. Lik hvis du er enig!»
  • «Bli med og si klart og tydelig ifra at vi ikke lar oss stoppe av dette hylekoret. Lik og del hvis du er enig!»
Listhaug til Joner og folks Facebook-aksjon: Vi lar oss ikke stoppe av hylekoret

Sylvi Listhaug snakkar om flyktningar som blir «borne på gullstol inn i landet», dei som har kjempa fram likestillingspolitikken i landet er ein «feministelite» du ikkje må la deg diktera av. Dei omtrent 100.000 som blei med og reiste seg då skodespelar Kristoffer Joner gjorde det og på Facebook kalte Listhaugs retorikk forkasteleg, omtalar ho som «hylekoret». Før ho manar følgjarar sine til til kamp for å trengja dei tilbake.

«Lik og del» viss du er enig».

Retorikken fangar alt språk og all kritikk
Joners innlegg om Sylvi Listhaug koker på Facebook

Farleg retorikk

Kritikken svarar ikkje Listhaug på. I staden spør ho retorisk om dei vil ha opne grenser og svenske tilstandar. Dagen etterpå er ho dempa og personleg, plasserer seg først som mor, dotter og barnebarn, og ei som vil alle vel, før ho presenterer politikken sin. I intervju kan ho fortelja at folk ønsker å framstilla henne som ein forferdeleg person.

Sylvi Listhaug: – Folk ønsker å framstille meg som et forferdelig menneske

Men det som var utgangspunktet for Joners kritikk, var det Sylvi Listhaug sjølv som var avsendar av. Ho delte ei sak frå New York Times om Norges strenge asylpolitikk, med den utsende sjuåringen Mousads forteljing i sentrum. Listhaug er glad for at Norges politikk blir gjort kjend, at det ikkje lenger er tomt tankeprat, men handling. «Lik og del», dersom du er einig.

Det er ein farleg retorikk. Den fangar alt språk og all kritikk inn i si eiga forståing av verda. Skriv du ein kritisk artikkel om dette, skriv du deg rett inn i den. Listhaug kan gå ut med ein ny merkelapp på «dei andre», som plasserer dei langt hinsides bortanfor hennar folk, ho kan igjen framheva sin eigen person, unnlata å svara sakleg på kritikk, bare på heiaropa frå hennar eigne, og gjenta oppfordringa om å trengja hylekoret tilbake. «Lik og del!»

Det er på alle vis bare, bare skremmande.

Kvifor reiser ingen seg i regjeringa?

Debatten er heilt fastlåst. Snart går vi ut mann mot mann. Polariseringa er djup, sterk og farleg.

Det minner om 1930-talet, det minner om Trump, og det er på alle vis bare, bare skremmande.

Heller ikkje hylekoret er særleg interesserte i fakta, forresten. Om Joners innlegg eigentleg var ein regissert kampanje, var ikkje viktig for dei.

Respekten for andre, for fakta og for sakleg kritikk er snart hundsa ut av det klasserommet som er sjølve samfunnet vårt. Der samfunnslimet er like viktig som eit trygt og inkluderande miljø var for klasse 9b.

Kvifor reiser du deg ikkje, Bent Høie?

Erna Solberg er vår fremste klasseleiar. Men når ting raknar, har ho ingen metode det er verd å skriva heim om.

Hennar høgre hand, Siv Jensen, Norges mektige finansminister, frontar ein kampanje på Facebook for pengestøtte til regjeringas innvandringspolitikk. Handa som held rundt landets pengesekk, viser fingen til folk som er ueinige med henne.

Kvifor bruker ingen i regjeringa makta og posisjonen sin til å stoppa dette? Kvifor reiser du deg ikkje, Bent Høie? Kor er du, Ketil Solvik-Olsen, og korleis kjennes det å presentera ein strategi mot hatytringar, Solveig Horne, når parti- og regjeringskollega Listhaug er ein levande demonstrasjon på korleis ein byggjer nettopp dette opp?

De har folk i klassa som driv fram utanforskap, oppsplitting og forakt for andre.

Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp?

Publisert: