Døyr du av å få 3 i norsk?

KOMMENTAR: Du risikerer ein tidleg død, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?

Vi treng ikkje Folkehelseinstituttet til å knekka siste rest av unges håp.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Vi har vist at karakterene som en får på ungdomsskolen ikke bare henger sammen med sannsynligheten for å ta høyere utdanning, men også sannsynligheten for å få seg en partner senere i livet. Det henger sammen med helse, og det henger til og med sammen med risikoen for å dø ung.» Det sa forskar Fartein Ask Torvik til Nyheitsmorgon på NRK 16. mars. Folkehelseinstituttet (FHI) har forska på temaet sidan 2018.

FHI finn – som alle andre – at gutar kan koma til å slita meir på skulen enn jenter fordi dei ikkje er like modne når dei begynner. Og når dei skal samla med seg teljande karakterar til slutt, er dei fleste jentene ute av puberteten, mens ein del gutar ennå er inne i hormontåka, for å bruka FHI-forskar Fartein Ask Torvik sine ord.

Jentene både begynner på og går ut av skulen med eit forsprang dei ikkje har gjort noko som helst for å få. Gutane både begynner på og går ut av skulen litt lenger bak, utan å ha gjort noko som helst anna enn å bli født som gut.

I 10. klasse er forskjellen rundt fire karakterpoeng.

Men ser vi på nasjonale prøvar i 8. og 9. klasse dei to siste åra – i lesing, engelsk og matte, så er forskjellane mellom gutar og jenter i Norge bitte små. Heilt uvesentlege, faktisk. Jenter er betre i lesing, gutane er betre i matte, og dei er like gode i engelsk. Det er ingenting å skriva heim om.

Dei prøvane er anonymiserte. Det er i karakterane dei får av sine eigne lærarar forskjellane mellom kjønn ligg. Av sine eigne lærarar er det berre i gym gutane får betre karakterar i snitt enn jentene. Den forskjellen der burde vera interessant å sjå på. Kvifor er det slik?

Det er meir

Kikkar vi på kva foreldre du har blitt født av, blir det ennå verre, det med forskjellane.

Barn av høgt utdanna foreldre får i gjennomsnitt over 10 karakterpoeng meir med seg frå grunnskulen, enn barn av foreldre med berre grunnskule.

Barn som er fødde i november og desember risikerer også å starta eit stykke bak. I Norge har dei 80 prosent høgare risiko for å få ADHD-medisin, enn dei som er fødde i januar og februar. I Danmark er det ingen slik forskjell. Der får 40 prosent av barna som er fødde i oktober, november og desember venta eit år med å begynna på skulen. Det kan vera at vi prøver å gjera yngre barn eldre ved å medisinera dei. Ikkje heilt bra, det heller.

Så var det oss, FHI

På Folkehelseinstituttet sine sider kan vi kort og tørt lesa at svake skuleprestasjonar er forbunde med alt frå utanforskap til sjukdom og tidleg død.

Det er ikkje måte på kor tett ein knyter karakterar til livet sjølv. Til at heile framtida di står på spel i løpet av ungdomsskulen. Klarer du ikkje å få gode nok karakterar, risikerer du å døy ung, seier sjølvaste FHI. Det held ikkje. Sånn kan ein ikkje snakka til folk, særleg ikkje til unge folk. Og så enkelt kan ein heller ikkje trekkja linjene i livet, uansett kor lenge ein har forska.

Vi kan jo alltid bruka statistikk. Også her. Gifte menn med høgare utdanning, og ektefelle med like høg utdanning, har ein forventa levealder på 8–9 år meir enn ugifte menn med grunnskuleutdanning. Størst er likevel forskjellen i geografi, den er 10–12 år mellom menn i kommunar med høgast og lågast levealder. Nei, eg har ikkje sjekka kva kommunar det gjeld.

Alt rundt

Eg tar stadig meg sjølv i å tru at vi lever i eit likare samfunn enn vi faktisk gjer. At det finst sjansar for folk, fleire sjansar, at sjølve livspusten i eit moderne samfunn er at du får det. Uansett kven du er født som.

Det er jo ikkje heilt sånn. Du lever som ein slags snøball. Det ballar på seg, frå der du begynte.

Men det er likevel ikkje bomsikkert at ungdomsskulekarakterane dine er der det begynner, og årsaka til at alt går som det går. Dei kan jo like godt vera eit symptom på korleis livet og helsa og vilkåra dine elles er.

Eller dei kan vera eit symptom på at gutar blir ganske systematisk diskriminerte i skulen. At dei ikkje får like sjansar som jenter, fordi dei er gutar. Og dei – karakterane, altså – viser i alle fall at skulen ikkje klarer å utjamna sosiale forskjellar mellom barn, slik vi gjerne vil tru.

Håpet

Det er heller ikkje berre gode karakterar frå grunnskulen og høg utdanning som gir innpass i arbeidslivet. Veldig mange av oss har tatt snodige vegar rundt forbi, før vi landar. Veldig mange gonger gjer livet uventa byks, og sender deg uansett over i andre planar enn dei du hadde tenkt.

Og gutane ser ut til å gjera seg mindre avhengige av gode karakterar enn jentene. Dei finn lettare andre vegar inn i arbeidslivet, til betre lønn, og til jobbar vi har god bruk for.

Dessutan har vi ennå ein vidaregåande skule der det går å gjera ein sving, ta ei anna retning, leggja på eit år ekstra, utan å ha fått ein diagnose.

For vi har altfor smalt tidsrom på å koma seg inn skuledørene. Vi har ein skule tung av teori, der leiken, fantasien, det praktiske og det estetiske nesten ikkje tel med lenger. Det er heilt unødvendig. Andre land klarer fint å opna for større variasjon, for eksempel i når du bør begynna på skulen.

Eg skulle ønska forskarar kunne bidra til å løfta fram slikt, sjølv om det berre er i ei sak på NRK. I staden for å knytta heile livsløpet vårt nådelaust fast til svake skuleprestasjonar. Dei gjer det altfor lett for seg sjølv, og altfor tungt for svært unge menneske. Det finst alt ein ting eller to i verda rundt oss som er alvorlege nok til å ta håpet frå dei. Vi treng ikkje Folkehelseinstituttet til å knekka siste rest.

Publisert: