Demokratiet er fornya; framgangen til bompengelistene og dei grøne gjer politikken meir representativ

GJESTEKOMMENTAR: Partisystemet er betre enn sitt rykte med omsyn til å fange opp nye saker og verdiar.

Publisert: Publisert:
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Partisystema er endra; det er så å seie eit tilbod til alle. At dei store styringspartia er svekka i mange land, er ikkje eit problem for representativiteten til demokratiet; det er snarare tvert om. Foto: Shutterstock/NTB scanpix

Frå eg var om lag 15–16 år til eg var nærare 40 opplevde eg skilja mellom partia som ganske oversiktlege og enkle. Den gongen var eg aktivt medlem i Sosialistisk Venstreparti; SV var berre litt meir for det som også Arbeidarpartiet meinte – enkelt og greitt. No veit eg ikkje heilt kva for parti eg vil røyste på – og det heng ikkje berre saman med at eg sjølv har forandra meg.

Drivkreftene for endring

Før kunne du ønske stram regulering av økonomien, ein stor offentleg sektor og skattefinansiert velferdsutbygging – du var på venstresida. Om du berre var litt samd i det, fanst det mellomparti. Og tenkte du at staten regulerte alt for mykje, og at skattane var for høge, kunne du røyste på eit stort høgreparti. Og slik gjekk no vala.

Tittelen på boka til Russel J. Dalton omsett: Politisk justering – økonomi, kultur og valendring.

No har innhaldet i politikken, i Noreg som i resten av Europa og USA, endra seg. Ein som har analysert omkalfatringa svært grundig og overtydande, er den amerikanske statsvitaren Russel J. Dalton. I ein makelaus analyse av val i Europa og USA dei siste 40 åra avdekkjer han kva som har forma det nye politiske landskapet. Her kan vi også plassere den gryande miljøkampen i norsk politikk – og motstanden mot bompengar.

Dei samfunnsomformande endringane, som frå 1970-åra breier seg utover som ringar i vatn, kan karakteriserast som økonomisk og sosial modernisering. Økonomisk dreier det seg om globalisering og aukande handel, ny teknologi og digitalisering som skapar nye vinnarar og taparar. Sola går ned over den tradisjonelle arbeidaren, medan den utdanna middelklassen og profesjonane i offentleg sektor skummar fløyten.

Vel så viktig i vala, viser det seg, er korleis ulike grupper fortolkar endringsprosessane. Nokon møter dei nye tidene med opne armar. For andre er fortolkinga at nok er nok. Det samfunnet som var føreseieleg og trygt, vart kuppa av liberale smaksdommarar, er haldninga. Er endringane med meir kulturelt mangfald, fleire rettar og grønt skifte av det gode? Eller står dei i motsetnad til samhaldet – som ein oppfattar var betre før? Anten kjenner ein seg som ein del av moderniseringa – eller ein ser på ho med uro og frustrasjon. Grunnhaldninga har stor innverknad på partivalet.

Partia og dei nye vegskilja

Mot denne bakgrunnen flytta dei sosialdemokratiske seg mot sentrum i den økonomiske politikken og vart kulturelt liberale. Det var knapt til å unngå at dei hamna i spagat all den tid arbeidarklassen og middelklassen, stadig meir talrik, gjekk i motsett lei. Dei som likte kulturendringane minst, var nettopp dei tidlegare kjernetroppane i arbeidarklassen. For den utdanna middelklassen var det omvendt; dei hadde sansen for alt det nye og var moderate i den økonomiske politikken.

Dei store liberalkonservative partia, på si side, var høgredreidde i den økonomiske politikken som før, medan dei gradvis gjekk inn mot sentrum med omsyn til kulturkløfta i politikken.

Dermed kunne det oppstå eit nytt rom på begge kantane i politikken. I den politiske stolleiken sette venstreparti seg ned der sosialdemokratia hadde sete før. Høgrepopulistane på si side fylte eit tomrom ved å appellere til alle dei som ikkje digga mangfald. I tillegg oppstod «ny-politikk»-parti – som ofte er liberale og miljøvennlege.

Dei to hovudskilja gav eit nytt innhald til politikken i dei vestlege demokratia. Når dei danske sosialdemokratane har vorte meir innvandringskritiske, viser det korleis dei ulike partia vekslar i måten som dei tilpassar seg dei nye hovudskilja.

Noreg – og Stavanger

Bompengeopprøret og den moglege framgangen til dei grøne i norsk politikk illustrerer godt ein ny politisk dynamikk som har oppstått mellom partia. Eit for regjeringsivrig og kompromissvillig Frp skapar eit rom utanfor partiet – som alt er fylt med eit protestparti med oppsiktsvekkjande medgang. Likeins er det på motsett fløy, der dei grøne fangar opp ungdomsprotesten mot at det grøne skiftet går i sniglefart; høgare tempo, takk!

Det er interessant når Russel J. Dalton konkluderer med at partisystema i dei vestlege demokratia er betre enn sitt rykte. Han peiker på at partia samla sett reflekterer godt det folk meiner i hovudsakene. Partisystema har fornya seg; dei gir så å seie eit tilbod til alle. Når dei store styringsparti har vorte svekka i mange land, er det såleis ikkje eit problem for representativiteten til demokratiet; det er snarare tvert om.

Prisen er svekkja handlekraft

Det er utanfor temaet Dalton analyserer, men ei anna skål er det at det kan verte for stor vekt på representativiteten. I den grad alle særinteresser har harde forkjemparar i beslutningsorgana, kan det gå ut over handlekrafta og heilskapen i politikken.

Høgre har til no stått i mot mange særinteressekrav og fortener ros for viljen til å gjennomføre naudsynte reformer. Men no er kanskje tida ute for den borgarlege draumen til Erna: Juniorpartnarane set jo stadig krokfot på kvarandre.

Les også

«The Mute» (Janove Ottesen & Co.) blei Årets forestilling


Les også

Trond Birkedal: «Etter bompengelistene kan det bli mørkt i norsk politikk»

Les også

Trond Birkedal: «Ingen av partiene lokalt har tatt kommuneøkonomien på alvor»


Les også

Tuastad: «Raseriets politikk − om bompengar, lokalpolitikarar og politisk heilskap»

Les også

Tuastad: «Demokratiet under press i verda, kan vi miste gnisten hos oss også?»

Les også

Tuastad: «Ikkje gje bøllene på nettet premie!»


Les også

Finn ditt parti i Aftenbladets valgomat

Publisert: