SVs kamp mot forskjellane

KOMMENTAR: SV vil bli eit parti for dei mange, ikkje for dei få. Kan dei klara det?

Publisert: Publisert:

Audun Lysbakken mobiliserer til kamp mot ulikskap og utslepp. Omfordeling og ein sterk stat er nøkkelen. Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

SV er meir enn dobbelt så store som KrF akkurat nå. Dei er nesten fire gonger så store som Venstre, dobbelt så store som MDG. Altså ligg dei på 7,5 prosent. Så høgt har dei ikkje vore på ti år.

Og når 40 000 barn og unge går til streik for å redda klimaet, når forskjellane i Norge aukar, når NSB ikkje skal vera NSB lenger, men Vy, når dei rikaste får skattelette, mens arbeidsavklaringspengar blir kutta og pleiepengar til foreldre med alvorleg sjuke barn forsøkt kutta, ja, då landar unekteleg lissepasning på lissepasning på venstresidas sko. Og med eit Ap i ein lite elegant spagat, blir det Senterpartiet og SV som tar i mot og kan setja ballen i mål. Til veksande jubel, i følgje meiningsmålingane.

Uro

Denne helga er det SV som har landsmøte, det er Audun Lysbakken som talar, det er Lysbakken som spissar poenga så dei treff motstandarane der det gjer mest vondt, og støttespelarane der hjarta bankar.

For den som vil veksa seg større i norsk politikk nå, kan også gjera det ved å stå for noko, stå for sin eigen ideologi. Og ved å svara truverdig på vanlege folks utfordringar. Vanlege folk, som ikkje står makta så nær at statsministeren er på førenamn med dei.

Men sant å seia vil mange av oss meina at SV har vore betre på det med ideologi enn det med truverdige svar. Det har ikkje alltid vore innlysande at SVs politikk kan stilna folk flests uro. Uro over aukande forskjellar, uro over mindre tillit mellom folk, uro over klimaendringane, uro over eigen jobb, over landets økonomi og velferd. Uro over miljø- og klimaavgifter som rammar dei som har minst. Såre sinn over ei venstreside som lenge ikkje tok i folks uro over manglande integrering, undertrykkjande strukturar og tradisjonar blant nokre innvandrarar frå nokre land, og ein velferdsstat der ryggane som skal bera dei tyngste børene ikkje synes mange nok til å klara bera alle dei andre. Eit parti som syntes meir opptekne av å dela ut pengane i potten enn av å få dei inn.

Kan SV få også oss som står på ganske god avstand, til å lytta med interesse?

Planen

Her må det igjen seiast at firepartisregjeringa har lagt ganske godt til rette for det. Fire parti som synes altfor ulike til å halda saman, som når dei står på den eine foten støttar felles politikk, og som når dei står på den andre, vil gå til val på å kjempa mot delar av den same politikken. Det synes som om alle sjeler er til sals på den sida.

Lysbakkens plan? Nedkjempa ulikskap og utslepp.

SV vil endra skattesystemet. Dei vil ha skattelette for folk med inntekt under 600 000 kroner, og dei vil innføra luksusskattar for dei på toppen - ein ekstra direktørskatt for dei med over 1,5 millionar i lønn, ein spekulantskatt for dei som eig langt fleire bustader enn dei kan bu i, og ein maktskatt for dei som får det SV kallar skyhøg arv. Dei vil ha meir skatt på det dei meiner er luksus og privilegier, og mindre på arbeid.

Dei vil hiva bemanningsbyråa ut av norsk arbeidsliv for å sikra trygge arbeidsvilkår, og forby profitt på grunnleggjande velferd. Dei vil flytta store fiskekvotar frå dei få og store til dei mange og små, dei vil kjempa mot fattigdom ved å sikra dei svakaste med betre ordningar. Pengane skal dei igjen ta frå dei rikaste. Dei vil sikra ein integreringspolitikk som verkar, og at ingen i Norge blir haldne nede av kultur, religion eller tradisjon. Dei vil ha heiltidsstillingar i kommunen, ein sektor der over halvparten av stillingane i dag er deltid. Dei vil ha vekk læringstrykket i skulen, dei vil ha lærelyst og heildagsskule og lekser inn i skuledagen.

Dei vil ha den norske varianten av Green New Deal - ein plan for å få ned både utslepp og ulikskap. Norge skal vera både fornybarsamfunn, velferdsstat og industrinasjon. Det er statens musklar som skal byggja landet grønt. Staten skal sikra at verdiane vi får frå naturressursar og teknologi kjem alle til gode.

Ein grøn folkebonus skal inn i klimapolitikken, den skal diskuterast og debatterast og knas i - på ein eller annan måte skal ein finna ei løysing så ikkje dei som har minst får svi mest når utslepp skal kuttast.

Alt anna enn å ta kampen mot klima og ulikskap på djupt alvor, vil vera uansvarleg, slår Lysbakken fast. Klimaendringane vil uansett innhenta oss, og det vil treffa vanlege folk knallhardt og brutalt dersom vi ventar til andre land panikk-kuttar utsleppa sine.

Svara

SV mobiliserer. Ein sterk stat skal bruka musklane til å tryggja arbeid, velferd og framtid for folk flest. Ei omfordeling av skatt og tilgangen til ressursar er det som skal til.

Fremst i rekka har dei ein leiar som ikkje kjem til å bomma på ei einaste lissepasning høgresida sender frå seg.

Men dei treng ein del til, for å koma i posisjon. Dei treng at Ap finn ei politisk retning folk kan tru på. Dei treng at Senterpartiet ikkje framstår som ein motpol i klimapolitikken. Og dei treng at mange nok kjenner at SV både har ideologi og truverdige svar for vanlege folk.

Sett frå Rogaland verkar det ikkje heilt overbevisande, når landsmøtet heller vil diskutera jernbane i nord enn ei meir rettferdig løysing på bompengeordningane.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  2. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  3. Pinseutfart skapte lange køer

  4. Slik markerer Atlantic gjenåpningen

  5. Norled: – Vi forventer like lange køer på mandag

  6. Trump: USA bryter helt med WHO

  1. Klimapolitikk
  2. Velferd
  3. Innvandring
  4. Skolepolitikk
  5. Arbeidsliv