Blåmåndag for raude kulturfolk

KOMMENTAR: Raudgrønt styre av Stavanger betyr kutt i kulturbudsjettet og null kulturpolitiske ambisjonar. Kva seier kulturfolket nå, dei som song for eit skifte?

Publisert:
Jan Zahl
Kulturjournalist

Morten Abel, Izabell, Skambankt, Sløtface, Tøfl, Helga Guren, Janove Ottesen, Espen Hana, Tore Renberg og Tore Pang var blant dei som stilte på scenen på Folken 1. mai til støtte for regimeskifte i Stavanger. Torsdag la det nye, raudgrøne fleirtalet fram sitt første budsjett – der dei kuttar nesten fem millionar kroner i kommunedirektørens forslag til kulturbudsjett. Foto: Carina Johansen

Etter 24 år med Høgre-styre presenterte Stavangers nye fleirtal av raudgrøne parti sitt første budsjett torsdag. Etter ein valkamp full av store ord og løfte skulle me endeleg få sjå kva dei raudgrøne faktisk prioriterer – og kor dei kuttar.

I løpet av presentasjonen, der ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) og gruppeleiarane frå alle dei seks styrande partia snakka, blei ordet «kultur» nemnt nøyaktig null gonger.

Det blå regimet som styrte Stavanger i 24 år gjennomførte tidenes kultursatsing, plasserte Stavanger på topp i kulturløyvingar per innbyggjar, gjennomførte norgeshistorias største kulturarrangement – Stavanger 2008 – fullførte Bjergsted-visjonen, bygde nytt konserthus, heldt fast på at Tou Scene skulle rehabiliterast – sjølv då kommuneøkonomien blei vanskeleg. Dei siste åra har kultur rett nok hamna lenger nede på prioriteringslista når Høgre-folket snakka. Men det blei i det minste nemnt.

– Jeg skulle ønske vi kunne få flere kulturelle innslag som dette i politikken, sa MDGs listetopp Daria Maria Johnsen på veg inn til konserten til støtte for regimeskifte i Stavanger 1. mai. Då ho var med på å leggja fram dei raudgrønes første budsjett torsdag, nemnde verken ho eller nokon andre ordet «kultur». Foto: Carina Johansen

Kulturen er borte

I dei raudgrønes budsjettdokument, står ordet «kultur» nemnt éin gong, i overskrifta «Kultur, idrett og frivillighet». Alle punkt og tiltak under denne overskrifta handlar om idrett og frivillegheit.

Betyr det at kultur ikkje er med i budsjettet? Jo. Kultur eksisterer. Som eit felt å kutta i. Mens høgrekreftene gjennom 24 år snakka om kultur som eit middel for å gjera Stavanger attraktiv, er dei raudgrønes tilnærming ei anna: Dei bruker kulturpengane til å skaffa inndekning for andre formål dei meiner skal gjera Stavanger til ein attraktiv by.

Nesten fem millionar kroner foreslår dei raudgrøne å kutta i Stavangers kulturbudsjett, samanlikna med kommunedirektørens forslag. Dei sparer inn to millionar på Sølvberget. Og samtidig som dei seier at kulturmillionen høgresida sikra det frie kunstfeltet i 2017 skal skjermast, kuttar dei 900.000 kroner i to av pottane frie kunstnarar kan søka støtte i. Dei gjer, med andre ord, det motsette av det dei seier.

– Høyre har fått herje en god stund nå. Jeg tror det kunne vært friskt med et skifte, sa rapparen Izabell til Aftenbladet 1. mai. Ho fekk viljen sin. Foto: Carina Johansen

Ambisjonar?

Då eg etter presentasjonen spurde Aps gruppeleiar Dag Mossige om det totale fråværet av «kultur» i presentasjonen og budsjettet, svarte han at «Berre fordi noko ikkje blir nemnt, betyr ikkje det at me ikkje bryr oss om det.» Tru det, den som vil. Det hjartet er fullt av, renn munnen over av. Det hjartet er tomt for, ja...

Mossige sa at dei raudgrøne definitivt hadde ambisjonar på kulturfeltet, men då eg bad han konkretisera, hadde han lite å koma med, bortsett frå bygginga av to bydelskulturskular som skal gjera kultur meir tilgjengeleg for barn i bydelane Kvernevik og Vaulen. Mossige sa at det nye regimet har fire år på seg, at det stort sett har vore konsensus i kulturpolitikken i Stavanger og at dei raudgrøne held fram det som har vore kulturpolitikken til nå.

Initiativtakar Tore Renberg ringde rundt og fekk med seg artistar til ein konsert for eit politisk skifte i Stavanger 1. mai. – Jeg antok at mange i kulturlivet var interessert i et politisk skifte i byen. 24 år med Høyre-styre er nok, sa Renberg til Aftenbladet. Og politisk skifte blei det. Foto: Carina Johansen

Statens ansvar?

Kva med dei raudgrønes politiske plattform for dei neste fire åra, står det noko om kultur der? Ja. Ein kort festtale på eitt avsnitt, der det blant anna står «vi ønsker videre å øke støtten til det frie feltet» (sjå ovanfor...) Ja, og så står det nemnt fire punkt:

  • Arbeide for statlig finansiering for å få realisert et nytt teaterbygg til Rogaland Teater
  • Sikre et løft for Museum Stavanger
  • Ferdigstille Nye Tou
  • Opprettholde bibliotekstrukturen i hele kommunen

I praksis:

  • Prøva å få nokon andre – staten – til å betala for nytt teater.
  • Prøva å få nokon andre – staten – til å sikra eit løft for museet.
  • Fullføra det avtroppa høgrestyrets Tou-visjon.
  • Ikkje øydeleggja bibliotekstrukturen. (Bidraget til dette er altså å kutta to millionar til biblioteka. Sjå ovanfor...)

Til dei som stilte opp på Folken på konsert 1. mai for eit politisk skifte i Stavanger, kan det vera verdt å merka seg at i den grad det nye politiske regimet har nokon kulturpolitikk, så er det det førre regimets kulturpolitikk. Altså høgresidas kulturpolitikk – minus nokre millionar.

Dei raudgrøne har så langt ingen eigne kulturpolitiske idear, ingen eigne prosjekt, ingen kulturpolitiske ambisjonar.

Les også

Sats på stråmannen i den politiske debatten!

Les også

Ungdommens dårskap

Les også

Stavangers nye kulturambisjon: «Se på»

Publisert: