Kvar er Mímir-effekten?

Mímir Kristjánsson er ein venstreside-populist på godt og vondt, men kvifor går han og Raudt ikkje meir fram i Rogaland?

GJESTEKOMMENTAR: Han er høgt og lågt og vekkjer begeistring eller sinne. Men kvifor går ikkje Mímir Kristjánsson og Raudt meir fram i Rogaland?

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Ein god kjenning fortalde nyleg at mor hans, som er over 90 år og aldri har vore ute på flanken politisk, sa at i år vart det nok Raudt: Det er noko med han Mímir. Ein annan, frå Oslo, seier til meg at han no for første gong har røysta på Raudt for indirekte prøve å få Mímir på tinget. Hans poeng er: Førstekandidaten i Rogaland er ein politikartype som det er sjeldan dukkar opp. No må vi nytte sjansen.

Mímir Kristjánsson er ein venstreside-populist på godt og vondt (for ein balansert oppfatning om populisme-omgrepet, sjå filosofen Nancy Fraser [2019]). Han har ein eigen evne til å setje dagsordenen, gå i klinsj med dei med makt og står fram som ærleg utan at det er innøvde lekser han ramsar opp.

Men på meiningsmålingane er det til no knappast nokon tendens til ein Mímir-effekt i Rogaland – kva er grunnen?

Harde skuldingar mot Raudt

Eg kjem straks tilbake til spørsmålet om Mímir og personeffekt. Først vil eg sjå litt på harde skuldingar som har kome mot Raudt. Er dei rimelege?

Den liberale tankesmia Civita påstod i byrjinga av valkampen at Raudt har autoritære og anti-demokratiske trekk. Bakgrunnen var mellom anna at det kommunistiske partiet AKP (m-l) på 1970-talet på eit vis er eit opphavsparti for dagens Raudt.

Raudt-politikarane i dag er stort sett fødde etter at AKP (m-l) var eit aktivt parti – dei får på eit vis kritikk for dei politiske fedrane og mødrene sine synder. Om vi likevel tar opp hansken frå Civita, kjem det fram interessante trekk ved å granske verdiane til Raudt-veljarane samanlikna med andre parti sine veljarar (Norsk Monitor, min analyse). Eit parti sin politikk vil spegle att haldningane til veljarane.

Om vi slår saman 2017 og 2019, er intoleranse-skåren til Frp-veljarane 48 prosent og for Høgre 31 prosent, medan han for Raudt er 12 prosent. Når det gjeld autoritær-skåren basert på tilslutning til eit system med klåre påbod, klåre ordrar og eit spørsmål om streng barneoppseding, er skilnadane dei same (signifikante skilnader). Raudt sine veljarar er altså like anti-autoritære og tolerante som veljarane til dei mest liberale partia i Noreg, Venstre og MDG. Slik sett rettar Civita-kritikken bakar for smed.

Partiprogrammet til Raudt er elles som andre reformistiske venstreparti sine program. Hovudskilnaden er at Raudt er endå gladare i staten enn dei andre og meir skeptisk til private, særleg på velferdsområdet.

Les også

Lars Kolbeinstveit, Civita: «Alle er konservative»

Personeffektar for Raudt

Raudt har tidlegare hatt ein politikar frå Rogaland, Aslak Sira Myhre, som likna Mímir Kristjánsson. Eg var sjølv i bystyret den perioden då Aslak Sira Myhre var der – han var ein fabelaktig dyktig politikar. Sira Myhre fekk likevel ikkje særleg stor oppslutnad i stortingsvalet som førstekandidat frå Oslo i 2001. Men som førstekandidat i lokalvalet i Stavanger i 1999, var det ein klår personeffekt for han.

Ved det siste lokalvalet i 2019 fekk Raudt 5,5 prosent i Stavanger mot 3,8 nasjonalt. Også då var det altså ein klar personeffekt, denne gongen med Mímir Kristjánsson som listetopp. Eit spørsmål er om det same no hender med Mímir som med Aslak Sira Myhre – ein personeffekt i lokalvalet, men ikkje i stortingsvalet.

  • Mímir Kristjánsson er én av ni listetopper som er med i Aftenbladets valgserie, Stortinget å di. Se episoden med Mímir her:

Siste målingar

Nasjonalt syner samlemål for Raudt ein oppslutnad på mellom 5 og 6 prosent dei siste månadane. Målingane som har kome for Rogaland siste halvåret, syner derimot at Raudt, slik det er vanleg for partiet, i Rogaland ligg klårt bak det nasjonale snittet (NRK og Aftenbladet sine målingar). Her ligg Raudt, med Mímir i spissen, på mellom 3 og 4 prosent. Eit distriktsmandat krev vanlegvis mellom 4,5 og 5 prosent i Rogaland.

Kva er grunnen til at Mímir-effekten ikkje viser seg?

Kan ennå slå til?

Ein grunn kan vere at det enno kan komme ein Mímir-effekt, men at det er for tidleg i valkampen til at effekten syner seg. I denne fasen av valkampen ligg veljarane framleis litt på vêret. Men det kan kome ein Mímir-effekt seinare i valkampen dersom også framover han markerer seg like godt som hittil.

Motsett kan det vere at fordi Rogaland er eit klårt meir blått og konservativt fylke enn nesten alle andre valdistrikt i landet, vil Raudt ikkje nå opp. Det skal meir til å gå tilstrekkeleg fram for eit parti langt ute på venstresida i Rogaland enn det gjer i Noreg samla, jamvel om det bles ein nasjonal medvind for partiet.

Dessutan har tidlegare forsking vist at personeffektane i val er langt mindre enn det mange trur, særleg i stortingsval. Raudt kan vere for venstrevridd til at rogalandsveljarane gir partiet nok støtte til å sikre eit distriktsmandat, jamvel om Raudt i Rogaland har ein markant førstekandidat.

Les også

Sven Egil Omdal: «NRK Aldri Unnskyld»

Pustar liv inn i politikken

Sjølv tenkjer eg at kompromissvilje og forpliktande samarbeid som EU/EØS er viktig i politikken – langt unna det Raudt står for. Men eg har også sans for argumentet om at Mímir er ein sjeldan politikartype – som pustar liv inn i politikken.

Hjartet eller hjernen? Balansen må kvar og ein av oss finne før valet 13. september.

Tuastad for seks veker sidan: «Dei nye Senterparti-veljarane er meir kritiske enn den tradisjonelle Sp-veljaren var; mange kan fort gå tilbake til Frp»

Les også

  1. Norge står omtrent alene i verden om å ha denne skatten

  2. Nesten hver tredje stortingspolitiker tar ikke gjenvalg

Publisert:

Stortingsvalget 2021

  1. Miljø­partienes gode olje­plan 2025

  2. Lekkasjene tyder på tynn suppe

  3. Mellom barken og Vedum – fiasko for Støre?

  4. Unio ut med kravliste til regjeringsmakkerne Støre og Vedum

  5. Sonderingene fortsetter med forsterket mannskap

  6. Har kristelighet, mangler folke­lig­het

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Mímir Kristjánsson
  3. Rødt (R)
  4. Aslak Sira Myhre
  5. Gjestekommentar