Den vakraste og viktigaste livsforsikringa
GJESTEKOMMENTAR: Vi er ikkje i nærleiken av å vite alt om kor fantastisk naturen er. Men vi veit at vi ikkje kan leve utan han. Då er det mildt sagt urovekkjande at han står i fare for å bli forandra til noko vi knapt vil kjenne att.
- Bård Vegar SolhjellGeneralsekretær, WWF Verdens Naturfond


Ein dag i 1986 dukka det opp noko merkeleg på laboratoriet til Sallie Chisholm og kollegaene hennar ved Massachusetts Institute of Technology. Dei var på jakt etter uoppdaga organismar i havet og hadde bestemt seg for å ty til ein for dei ny teknikk: flowcytometri. Det vil seie bruk av laser for å telje og sortere celler.
Då dei gjorde det, dukka det opp eit uventa raudt, sjølvlysande signal som var så svakt at dei fyrst trudde det berre var elektronisk støy. Det var det ikkje.
Chisholm og Co. hadde oppdaga bakterien som skulle få namnet Prochlorococcus. Han er berre ein mikrometer i omkrins, altså skikkeleg liten, men det finst om lag 3 kvadrilliardar av han i verdshava (ein kvadrilliard er eit eitt-tal med 27 nullar bak, eller 10²⁷).
Kvifor skriv eg om ein bakterie? Fordi denne organismen bidrog til at livet oppstod i havet, og til at oksygenmengda i atmosfæren byrja å stige for uminneleg lang tid tilbake, slik at det kunne oppstå liv på land òg. I dag produserer han om lag 20 prosent av alt oksygenet som vi pustar inn – eller meir. Det er sant. Det er eitt av fem pust, det!
En sinnrikt samspill forvitrar
Framleis er det mykje vi ikkje veit om naturen. Kva som finst der, kva oppgåve dei ulike artane har i det store samspelet som held alt i balanse her på jorda, korleis det heile blir påverka viss nokon av puslespelbitane forsvinn. Men vi veit at naturmangfaldet på jorda er avgjerande for å skaffe oss vatn, mat, stabilt klima og ei lang rekkje råvarer. Det er grunnlaget for alt liv, for velstand og utvikling. Og no er naturen i ferd med å bli svekka og bygd ned rundt oss.
FN sitt naturpanel påpeika det i vår, og nyleg kom også WWF sin Living Planet Report 2018 med ei stadfesting: Vi mistar natur som aldri før. Sidan 1970 har bestandane av dyr i verda blitt reduserte med gjennomsnittlig 60 prosent. Det står ikkje betre til med viktige naturområde og økosystem. Og det er ingenting naturleg ved denne dramatiske utviklinga: Rapporten avslører ei enorm menneskeleg påverknad på helsa til planeten. Dei fem store drivkreftene for tap av natur er svekking og øydelegging av leveområda til artane, overdriven jakt/fangst, framande og invaderande arter, forureining og klimaendringar.
Ein Parisavtale for naturen
Akkurat no går eit av dei viktigaste møta i verda føre seg i Egypt. På FN sitt naturtoppmøte (COP14) blir det forhandla om korleis vi kan redde naturmangfaldet på jorda. Målet er at ein global naturavtale blir signert på neste toppmøte i Beijing i 2020. Den skal byggje vidare på internasjonale konvensjonar som allereie er inngått, men stille sterkare krav til korleis forpliktingar skal bli følgt opp i praksis. Heilt sentralt: Naturavtalen må bli minst like viktig for naturmangfaldet som Parisavtalen frå 2015 er blitt for klimaet.
Modellen frå Paris inneber at partane forhandlar seg fram til nokre overordna, felles målsettingar for alle land. I tillegg vil dei ulike landa levere inn nasjonale forpliktingar som kvart land så vil stå inne for. Eg meiner det er vesentleg at ein ny naturavtale ikkje berre set mål for å beskytte viktige naturområder, den må òg innehalde mål om korleis matproduksjon, handel og forbruk kan bli endra slik at presset på naturressursane minkar. Ikkje minst må det – på same vis som med Paris-avtalen og klimakutt – bli heilt opplagt å gå til regjeringa, Equinor eller Yara og peike på forpliktingar og mobilisera til innsats med utgangspunkt i ein global naturavtale.
Og kan hende høyrast det ikkje så spanande ut, men det er like fullt særs viktig: Ein global avtale for naturen treng måling, evaluering og system for rapportering og kontroll. Elles når vi ikkje dei måla vi set oss.
Om vi skal få til ein internasjonal dugnad for naturen, er det viktig at mindre land med store ressursar tar leiinga i arbeidet. Noreg er unikt plassert til det. Vi er allereie sentrale i arbeidet for hav og regnskog, og vi kan bruke både erfaring og autoritet derifrå.
Noreg kan også bli eit lokomotiv for naturkunnskap. Mange av landa med mest natur her i verda har dei dårlegaste dataa og mangel på fagfolk. Utan kunnskap er det vanskeleg å passe på naturen. Noreg kan finansiere og utvikle nye verktøy for kartlegging av artar og leveområde – og gjere desse verktøya tilgjengelege. Kan hende ein jobb for det nye foreslegne Syntesesenteret for natur- og miljøforsking?
Ei investering i framtida
Den vesle bakterien i havet jobbar i veg slik at vi kan puste. Biene gjev oss opp mot 30 prosent av maten vi et, takk vere at dei pollinerer planter. Når vi er ute i det fri og opplever naturen på sitt vene og ville, gjev det oss betre helse og ei økt kjensle av lykke. No er det til og med vitskapeleg dokumentert.
Naturen er den vakraste og viktigaste livsforsikringa i verda. Livsforsikringar kostar, men denne er verdt det.
Twitter: @bardvegar
Bård Vegar Solhjell: «Det store sjansespelet med naturen»
Bård Vegar Solhjell: «La regjeringsforhandlingane bli til ein klima-auksjon!»
Eugene Robinson: «Trump er en klovn uten peiling»
Apropos sjakk-VM:
Bård Vegar Solhjell: «Så einsamt det må vere å vere eit geni. Å forstå meir enn alle andre.»