Det kan fort snu for Arbeidarpartiet

GJESTEKOMMENTAR: «Det meste som kan gå galt, har gått galt for Ap. Her er fire grunnar til at det kan snu.»

Publisert: Publisert:

Problemet til Ap i dag er at Trond Giske-saka enno pregar partiet. Det tappar energi, hindrar lagbygging og gir inntrykk av ein gjeng du ikkje ønsker å assosiere deg med. Foto: Ned Alley, NTB Scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

1. Veljarane ønskjer ei form for sosialdemokratisk politikk.

Vi kunne tenkt oss at det i tråd med levestandardauken over lang tid hadde gått føre seg ei rørsle i veljarmassen bort frå tradisjonelle fellesskapsløysingar. Men slik er det ikkje. På høgre–venstre-aksen, som dannar den viktigaste dimensjonen i norsk politikk, går ikkje veljarane lenger og lenger bort frå standpunkta til venstresida. Det er snarare omvendt, synte ei samanstelling av stordata (Grytten, 2018). Konklusjonen var den same i valundersøkinga etter den første blåblå valsigeren i 2013: «Det blåste ingen høyrevind i 2013», oppsummerte Bernt Aardal den gongen.

Det same mønsteret gjeld om vi ser på oppslutnaden om blokkene i norsk politikk dei siste 20 åra. Sentrum−venstre-partia har aldri vore sterkare enn ved det siste stortingsvalet i 2017 (inkludert Miljøpartiet Dei Grøne). Sett frå synsstaden til sosialdemokratiet, er problemet difor interne forskuvingar og fragmentering på venstresida snarare enn ideologisk krise.

For sosialdemokratiet må ikkje krutet finnast opp på nytt. Men, som vi skal sjå, det må samlast betre i dei store kanonane.

2. Veljarvandringane er til gode venner

Val i nyare tid inneheld store veljarvandringar der mange skiftar parti. Men på same tid er veljarane ideologisk konsistente: Nesten alle store veljarskifte skjer til naboen på venstre−høgre-aksen og ikkje til eit parti på ein heilt annan kant i det politiske landskapet.

Dei store veljarvandringane for Ap, og for tida har det vore snakk om einvegstrafikk ut av partiet, skjer til sentrum–venstre. Byttetilhøvet mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet er talande. Ved dei siste vala er det Arbeidarpartiet som er den store leverandøren av nye veljarar til Senterpartiet. I 2017-valet kom ein firedel av veljarane til Senterpartiet frå Arbeidarpartiet. Ved dette valet gjekk på nær to prosent av veljarane samla frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet, det vil seie ni gonger fleire enn dei ganske få som Framstegspartiet vann frå Arbeidarpartiet. Også til SV var tapa store for Ap.

Dette er veljargrupper som vil kunne vende tilbake til Arbeidarpartiet, om vi får same hendingsgang som etter tidlegare val.

Les også

Angsten for sosialdemokrater i Aftenbladet

3. Trugsmålet frå høgrepopulismen er handterleg

Men, er ikkje realiteten at innvandringssaka og framveksten til høgrepopulismen gjer at sosialdemokratiet i det store og heile blir gradvis meir irrelevant, slik mellom anna kjendishistorikaren Niall Fergusson har hevda?

Utviklinga i svensk politikk kunne indikert at Fergusson var på sporet; dei høgrepopulistiske Sverigedemokratane veks og veks, medan sosialdemokratane nærmar seg eit historisk botnnivå.

Om vi ser nærare på tilhøvet mellom høgrepopulistane og sosialdemokratane i Skandinavia, har dei danske sosialdemokratiet fått veljarvind i segla etter å ha gått inn for ein strengare innvandringspolitikk. I Sverige har Sverigedemokratane fått mange veljarar også frå sosialdemokratane; i Skandinavia er det her problemet er størst for sosialdemokratiet.

Om vi samanliknar bakgrunnstal, er det ein svært viktig skilnad mellom veljarprofilen til den typiske sverigedemokraten og veljaren til Framstegspartiet. Frp-veljarane er dei mest høgrevridde veljarane i norsk politikk i økonomiske spørsmål. Sverigedemokratane sine veljarar er derimot klårt til venstre for dei andre borgarlege partia i Sverige og plasserer seg midt mellom venstre- og høgresida i Sverige. Dermed vert avstanden til sosialdemokratiet kortare, og veljarane kan lettare skifte over.

Ein relativt liberal innvandringspolitikk frå Ap si side ville nok verke demobiliserande. Men samstundes er altså veljarane til Ap vanskelegare å vinne for høgrepopulistar enn kva tilfelle er for dei svenske sosialdemokratane. Den vanskelegaste saka for Ap – som både rommar innvandringsliberale og -skeptikarar – er slik sett gjerne lettare å handtere enn ein skulle tru. Ap-veljarane flyktar ikkje til Frp i hopetal straks Sylvi Listhaug har eit nytt påfunn.

4. Det er overflatiske grunnar til tilbakegangen for Ap

Situasjonen for Arbeidarpartiet i Noreg er altså ikkje at veljarane i det store og heile har slutta å tru på sosialdemokratiske verdiar. Det overraskande svake valresultatet til Ap ved siste stortingsval heng saman med taktiske bommertar. Det synte seg å vere ein bom å satse alt på arbeidsløysa i valkampen. Sysselsetjingsstala var jo oppløftande. Kriseforteljinga trefte difor ikkje tidsånda. Dessutan verka frieriet frå Støre til Kristeleg Folkeparti demobiliserande til skilnad frå å stille med eit klårt og samkøyrt regjeringsalternativ. Veljarane ønska tydeleg og truverdig tale. Det fekk dei ikkje.

Problemet til Ap i dag er at Giske-saka enno pregar partiet. Det tappar energi, hindrar lagbygging og gir inntrykk av ein gjeng du ikkje ønsker å assosiere deg med.

Arbeidarpartiet treng ikkje ein heilt ny politikk. Det treng ro og fred. Lagnaden til Arbeidarpartiet ligg enno i hendene på partiet sjølv.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her
Publisert:

Les også

  1. Påstander om Hadia Tajiks rolle i varslersakene lammer Arbeiderpartiet

  2. Ap-talsperson vil ikke ha asylsøkere til Norge

  3. Ny bunnotering for Arbeiderpartiet

  1. Gjestekommentar
  2. Arbeiderpartiet (Ap)
  3. Svein Erik Tuastad
  4. Trond Giske
  5. Politikk