Heilt håplaust

Det finst tekstar du kan skriva om og om igjen. Dei om jul eller påske eller livet og kjærleiken. Eller den om at rundt 98 av 100 valdtektforbrytarar i Norge går fri.

Rundt 2 av 10 melde valdtektssaker i Norge endar med tiltale. Foto: Anders Minge

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er jo skrekkeleg, sjølvsagt, at valdtektsoffer i Norge er så godt som utan rettsvern. Men fleirtalet på Stortinget gjer fint lite med det, utover å rynka panna i bekymring.

Vi har, såvidt eg veit, bare éin rapport som held mål når det gjeld kor mange som blir utsette for valdtekter i Norge. Den kom i 2014, frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

I tal

I den svarar omtrent ti av hundre norske kvinner, og ein av hundre menn, at dei har blitt valdtekne. Dei fleste var i gruppa 17–25 år då det skjedde, og dei fleste kjende gjerningsmannen. Ei av ti av desse har sjølv meldt frå til politiet. Ifølgje Riksadvoktaten blir 8 av 10 av desse sakene lagt vekk av politiet, mens to endar med tiltale. Bli det først tatt ut tiltale, endar det med fellande dom i to av tre saker. Må du ha det i prosent, så blir mellom 1 og 2 prosent av gjerningsmennene i Norge dømde.

Talet på valdtekter har ikkje gått ned på minst 50 år.

Dette er tal det er stor politisk einigheit om. Det er også stor einigheit om at det er bekymringsfullt. Ja, da.

I år

Både i 2012 og 2017 har vi fått påpakning av FN, både av komiteen for tortur og frå kvinnekomiteen, for ikkje å følgja internasjonal rettsstandard når det gjeld valdtekt.

I 2011 blei Europarådets konvensjon mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar klar. Den slår fast at seksuell omgang utan samtykke er valdtekt.

Først i fjor, seks år seinare, signerte Norge avtalen.

I 2013 sende den då raud-grøne regjeringa, ved justisminister Grete Faremo (Ap) ut eit høyringsforslag om å ta dette med samtykke inn i lovgivinga. Fleirtalet av dei som svarte på høyringa, var positive. Men forslaget hamna i ein skuff hos den nye regjeringa.

I 2014 gjekk den gamle tiltaksplanen mot valdtekt ut på dato.

I mai 2017 la Riksadvokaten fram ein svært kritisk rapport om etterforskinga av valdtekter. Norsk politi er for dårlege på sporsikring, kvaliteten på avhøyr varierer, bruk av skjulte etterforskingsmetodar blir aldri vurderte, og bruken av etterforskingsplanar er langt frå tilfredsstillande, var VGs oppsummering av rapporten den gongen.

Dåverande justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) kalla rapporten ein vekkar, og lova ny handlingsplan − den dei hadde, hadde jo gått ut på dato tre år tidlegare. På eitt eller anna uforklarleg vis fann han også mot til å seia av seksuallovbrot har regjeringas høgaste prioritet.

Vegring

I 1997 tok Erna Solberg (H) og Anita Apelthun Sæle (KrF) til orde for at samtykke måtte tydelegare inn i valdtektslovane våre.

Sist veke stemte Høgre, Venstre, Frp og Sp ned eit forslag i Stortinget som føreslo dette.

Alle partia på Stortinget var i debatten einige om at det i Norge er forbode å ha seksuell omgang med nokon utan samtykke, sidan vi omsider har signert (ratifisert) Europarådets konvensjon. Mindretalet meinte at vi burde tydeleggjera dette i lovteksten, fleirtalet meinte det ville vera rein symbolpolitikk. Dei viser til at ein heller bør gjera noko med politiets etterforsking, og vurdera å setja ned minstestraffa. Og så viser dei til denne handlingsplanen, då, som skal koma.

SV, som kom med det nå nedstemte forslaget i Stortinget om samtykke, meinte det ville bli lettare å førebyggja valdtekter dersom kravet til samtykke var tydeleggjort i lovteksten.

Etter #metoo, som handlar om seksuell trakassering og skeive maktposisjonar, er det ikkje ufint å hevda at det finst ein veg å gå når det gjeld oppfatningar av kva samtykke til seksuelle handlingar er.

Høgre fann det nødvendig å forby nachspiel på sitt eige landsmøte, for å unngå slikt. Frp’s Ulf Leirstein, som då forslaget frå SV kom, uttalte at lovverket i det store og det heile fungerte godt, skal sjølv ha føreslått for ei vaksen kvinne at dei to skulle invitera ein mindreårig gutt i partiet med på trekantsex. Det er som kjent ulovleg å ha sex med mindreårige.

For Ap’s tidlegare nestleiar og mangeårig statsråd Trond Giske blei #metoo ein personleg augeopnar, ifølgje han sjølv. Då hadde han passert femti.

Vilje

Amnesty International har i årevis jobba for å få inn samtykke i lovteksten. Dei viser til andre land som har gjort det, blant dei er Canada, Tyskland, England, Skottland og Belgia. Sverige driv også på med dette nå. Vi bør for all del ikkje dra inn kva Sverige driv med i noko som helst, og særleg ikkje det som gjeld kjønn, på eitt eller anna vis. Svenskane har lenge vore politisk korrekte så langt opp i fistelen at dei ikkje kan brukast. Alt Sverige gjer, som vi ikkje gjer, tar vi i grunnen til inntekt for at vi er eit sunnare samfunn, anten det er grunn til det eller ikkje. Men Skottland er vel ikkje heilt der for oss. I Skottland ser det ut til at fleire nå melder frå til politiet. Amnesty viser også til at det då blir mindre snakk om korleis offeret oppførte seg og kledde seg, og meir snakk om kva den mistenkte gjorde.

For meg høyres det fornuftig ut å tydeleggjera at seksuell omgang utan samtykke er valdtekt. Men eg er ikkje jurist. Fleirtalet som stemte ned forslaget, kan ha gode poeng i at det bare ville vera symbolpolitikk.

Men fleirtalet har bare så forsvinnande lite truverd. Viljen til å ta på alvor at valdtekt faktisk blir ramma av straffelova i Norge, og at det difor må vera muleg å gi valdtektsoffer rimeleg rettsvern, er umuleg å få auga på.

Den tunge børa høge valdtektstal og få tiltalar er, blir ikkje borte sjølv om politikarar, politi og rettssystem lar vera å ta i den. Den blir liggjande i fanget til jentene. Til omtrent 98 av 100 av dei.

Det er heilt håplaust.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Amnesty International
  3. Seksuell trakassering