Barn og andre robotar

KOMMENTAR: Forskaren Dag Øystein Nome har sett på kva barn gjer heilt av seg sjølv. Ære vera han for det.

«Barna finn i dei fleste tilfelle ut av ting sjølv,» seier forskar Dag Øystein Nome.
Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Det er så utrolig mange pedagogiske program på markedet som skal trene sosial kompetanse. Men de er kanskje ikke er så nødvendige. Barna finner i de fleste tilfeller ut av ting selv.» Det er barnehageforskar Dag Øystein Nome som seier dette til nettstaden barnehage.no. Han har forska på dei minste barna. Han har sett på kva dei gjer, når dei ikkje er veldig styrte av vaksne. Når dei saman ventar på mat. Når dei ventar på tur til å gå på badet. Når dei ser andre leika, og gjerne vil bli med.

Sin eigen sjargong

Det er ikkje så viktig å læra dei å setja ord på alt mulig, meiner Nome. Små barn får kontakt med kvarandre sjøv om dei ikkje har språk. Dei tar kontakt med andre barn, sjølv om dei ikkje har språk. Driv ei lita gruppe barn og leikar med dyr, vil andre barn melda seg på leiken med sjølv å finna seg eit dyr, og skyva dette inn til dei andre. Eller dei bruker rytme, lydar, dunking. For å påkalla andre, eller for å svara andre. Dei små har sin eigen sjargong. Viss dei får lov til å vera litt i fred.

Nome stiller spørsmål ved om barn får nok rom til å utfalda seg, eller om dei blir lagt lokk på, av omsynet til krav om ro, orden og pedagogisk framdrift.

Han meiner barnehagepedagogikken har vore veldig opptekne av ord og pedagogiske program. Barn skal læra seg å setja ord på ting, på kjensler, intensjonar og behov. Nome minner vennleg om at barn fint tonar seg inn på andre i måten dei bruker ting, bevegelse og lyd på. Dei viser empati. Dei forstår andres intensjonar.

Viss ein tar seg tid til å sjå etter. Viss ein slakkar litt av på dei pedagogiske ambisjonane.

Kartleggja, samtala, dokumentera

Ved sida av artikkelen om Nome si forsking, ligg ein annonse for eitt av desse pedagogiske programma. «Gode valg kan læres,» heiter det der. «Små barn vet ikke hvilke valg som er de rette, men de kan begynne treningen allerede i barnehagen. Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne,» argumenterer dei. «Barn har behov for trening på å ta selvstendige valg.»

Ein leksjon i dette programmet består av tre delar. I utforskardelen blir barna presenterte for eit tema, så dei vaksne kan kartleggja kva kunnskapar dei små har på området. Så skal dei små erfara, gjennom øvingar og aktivitet. Til slutt skal dei utvida - gjennom samtale og refleksjon testar barna ut ulike handlingsalternativ, slik at dei blir i stand til å ta gode val sjølv.,

Programmet kan visa til dokumenterte, gode resultat, heiter det i annonsen.

Optimal utvikling

Professor Evind Aadland ved Høgskulen på Vestlandet har søkt om førti millionar kroner for å forska på koplinga fysisk aktivitet og læring. Klarer vi få til ei tettare kopling der, seier Aadland, har vi sjansen til å gi ungane den optimale starten. Han har alt gjennomført tidenes største kartlegging av barnehagebarns fysiske aktivitet.

Målet er å auka barnas aktivitetsnivå alt før dei begynner på skulen, slik at dei altså har det best tenkjelege utgangspunktet for eit fysisk aktivt liv og ei optimal utvikling. Aadland skriv seg inn i ei ganske lang liste av forskarar som på eitt eller anna vis vil gjera barnehagebarna betre.

Stapp dei fulle

I riktig gamle dagar, heilt tilbake til Aristoteles, meinte ein at barn er fødde som heilt blanke ark. Dei har ingenting med seg, dei blir prega av omverda. Hos Rousseau, i opplysningstida, blei det til at barn kan formast slik den vaksne vil.

Og nå? Nå synes vi overbeviste om at vi kan hindra nesten kva som helst i å gå galt seinare i livet, viss vi bare stappar mange nok og riktige nok program inn i dei minste. Alt dei kan få hjelp til å læra seg alt i barnehagen, kan hindra at dei fell utanfor seinare. Blir dei flinke til å ta rette val, står dei sterkare sosialt, blir dei flinke til å bevega seg, blir dei betre i matematikk, er dei mykje ute eller omgitt av vaksne menn, får dei ein endå meir optimal start.

Det finst nesten ikkje grenser for kva forskarar meiner ein bør dytta kontrollert og kartlagt og dokumentarbart inn i små barns hjerner og hjarte og kvardag, for å optimalisera muligheitene deira. Og for å unngå å måtta reparera dei som vaksne.

Tanken bak må vera at alle barn treng fiksing, skal dei bli i stand til å forstå og meistra sine eige liv. Ingen av dei kjem til å bli klare for livet, utan optimalisering med riktige program.

Kortpusta

Det ligg ei himmelropande mistru til barn i det. Til alle barn. Til barns evne til å tona seg inn på andre, melda seg på, prøva å forstå, prøva å få kontakt, prøva å gi respons. Til barns logikk, empati og tidsbruk.

Det er autoritært. Og naivt. Og eit kortpusta syn på livet.

For mykje tyder på at vi helst bør kunna andre ting enn robotane framover. Lærelyst, utforskartrong, evne og mot til å tenkja sjølv vil vera viktige i så måte. Heile livet.

Synet på barn som små vesen som bør fyllast med gode program for å fungera optimalt, ligg farleg nært synet på ein velfungerande robot.

Det kan vera ein skal la livet få tid til å pusta sjølv. Utan å optimalisera på inn- og utpust.

Publisert: