Dyre tenner og utrivelege Matteus

KOMMENTAR: Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel. Også når det gjeld helse.

Det er ikkje sikkert hjelpa treff dei som treng det mest.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det er forskjell på folk. Og det er forskjell på helsa vår. Stort sett, seier Statistisk sentralbyrå, er det sånn at helsa blir betre og betre jo høgare utdanning og inntekt folk har. Dei av oss med høg utdanning og høg inntekt, er også dei som oftast får utført planlagde operasjonar, oftast bruker spesialistar blant legane, og oftast får henvisningar frå legen sin til slike spesialistar.

Dei med lågast utdanning og inntekt, særleg over 45 år, er også dei som oftast oppgir å ha svekka helse. Dei oppsøkjer fastlegen, men klarer seg visst med det. Dei blir ikkje henvist vidare så ofte. Men dei har oftare vore innlagde på sjukehus det siste året. Dei har også høgare risiko for å bli sjuke.

Utrivelege Matteus

Alt her sneiar vi sannsynlegvis borti Matteus-effekten. Som viser til bibelverset Matteus 13,12, med den ganske kyniske påstanden om at den som har, skal få, og det i overflod, mens den som ikkje har, skal mista sjølv det vesle han har. Det er eit skikkeleg utriveleg vers. Sidan 1900-talet også mykje brukt i sosiologi og psykologi. Utan at det blir meir triveleg av den grunn.

Hos Statistisk sentralbyrå og dei, er dei ikkje sikre på kvifor dei som sit best i det frå før, har lettast for å bli vist vidare til legespesialistar når dei slit. Men dei luftar tanken om at denne gruppa kanskje snakkar lettare med legen, og også veit meir om kva hjelp som finst. Dei har betre helsekompetanse. Sannsynlegvis har dei også betre tenner, men det får vi koma tilbake til.

Helsekompetanse handlar om å forstå, vurdera og ta i bruk helseinformasjon, så du kan bruka tenestene som finst fornuftig. Det er noko du bør ha, for å finna ut kva hjelp som finst for deg, rett og slett. Og, seier SSB (kan ikkje driva og skriva heile namnet heile tida, men det er altså Statistisk Sentralbyrå det ennå er snakk om), det blir vanskelegare og vanskelegare å ta seg fram i alt dette, jo meir valfridom og større brukarmedverknad vi har i helsevesenet. Vanskelegast er det sjølvsagt for sårbare grupper. Det er ikkje så sjeldan at ein er ekstra sårbar når ein er sjuk.

Den sitjande regjeringa, Høgre og Høie og dei, har jo drive mykje med dette. Vi skal ikkje berre vera prisgitte autoritetane i helsevesenet, vi skal også kunna velja sjølv. I tillegg vil dei heilt sikkert gjera den offentlege pengebruken innanfor helse så effektiv som råd. Og eg trur det er for å nå så mange som råd, og sørgja for at dei som treng det mest, får hjelpa dei treng.

Men dei som treng hjelpa mest, er ikkje nødvendigvis dei same som finn fram til den hjelpa som finst. Behovsprøvde ordningar, anten dei går på diagnose eller sosial og økonomisk stilling, kan vera både tungvinte, kronglete og byråkratiske. Det er rett og slett ikkje sikkert at å målretta dette faktisk treffer dei ein meinte å treffa. Jo finare sikte, jo større fare for å bomma heilt.

Tennene

Dei største og tydelegaste klasseforskjellane i helse, er det tennene som er utsette for. Mens resten av kroppen, både utsida og innsida, i det store og heile har krav på gratis helsehjelp, må tennene betalast for. Unntaka er barn og unge under 18, dei som bur på institusjon, rusmisbrukarar, og diverse diagnosar. 78 prosent av oss har god tannhelse, 22 prosent har det ikkje. Dei som kan betala, går til tannlegen, dei som ikkje kan, lar ofte vera. Skal vi gjera det gratis for alle, vil det kosta noko sånt som 12 milliardar kroner.

Partiet Rødt vil gi alle gratis tannhelsehjelp, og la direktørane betala. Hev formueskatten til ein sum som dekkar. Ver Robin Hood. Ferdig snakka.

Det er å halda folk for narr, seier Ap, vi må ha pengar til andre ting også, for eksempel til gratis SFO og til kommunane. Difor vil Ap gjera det gradvis, først for dei yngste vaksne, og for dei med dårleg økonomi.

Høgre syns ikkje det er ein god ide med nokon tannhelsereform i det heile tatt, og meiner andre ting blør meir. Skal vi først bruka meir pengar på helse, noko vi gjer kvart einaste år, kan det vera fleire jordmødre på sjukehusa eller fleire helsesjukepleiarar i kommunane er viktigare, seier Høgre. Difor vil dei fortsetja med det dei held på med nå - som er å retta ordningar mot dei som treng det mest.

Tilbake hos Matteus

Det er jo ikkje sikkert at dei som treng det mest, finn fram til den hjelpa som finst hos Høgre. For dei som har svekka helse, som kanskje ikkje har krefter til å finna fram i kva rettar dei har, og kanskje heller ikkje har folk rundt seg med slike krefter, kan hjelpa treffa betre viss den er for alle. Viss dei slepp å finna fram sjølv.

Men det er vel heller ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir ved at all tannlegebehandling blir gratis. Det er ikkje sikkert det er viktigare enn alt anna. Det blir dyrt. Det går utover noko anna. Og at det berre blir direktørane, har eg inga tru på.

Så vi er vel ved den der svært utrivelege Matteus-effekten igjen. Dei som alt klarer seg best, finn lettast fram til ulike ordningar. Og skal ordningane vera for alle, kan det vera vi som alt klarer oss godt, får i overflod.

Irriterande bibelvers, det der. Eit gnagsår.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Helse
  3. Utdanning
  4. SSB
  5. Stortingsvalget 2021