Risikabelt for Senter­partiet

GJESTEKOMMENTAR: Dei nye Senterparti-veljarane er meir kritiske enn den tradisjonelle Sp-veljaren var; mange kan fort gå tilbake til Frp.

«Dobbelt så mange av Senterparti-veljararane som av heile veljarskaren er i dag kritiske til at politikarane er kompromissvillige», skriv Svein Erik Tuastad.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Senterpartiet har vore ei veljarbru for dei som har vandra frå høgresida til venstresida i norsk politikk. Det er blant hovudgrunnane til at tyngdepunktet i den norske veljarmassen no eit par månader før valet ligg på venstre side.

Ein fjerdedel av dei veljarane som i dag vil røyste Senterpartiet, røysta sist stortingsval på eit borgarleg parti. Det er interessant å studere dei nye Senterparti-veljarane nærare. Vert det regjeringsskifte, kan veljarstraumane fort snu i retning av Frp og den borgarlege blokka igjen.

Fleire av krumspringa til Senterparti-leiaren i opptakten til valkampen, inkludert samarbeidsinvitten til Høgre, ser ut som oppdemmingsforsøk mot framtidig veljarlekkasje.

Sp-veljarens profil

Senterpartiet har trekt til seg verdikonservative veljarar som før berre hadde høgreparti som Høgre og Framstegspartiet å gå til. Dei nye veljarane til Senterpartiet liknar i meiningsprofilen på den tradisjonelle Sp-veljaren ved å halle mot venstre i økonomisk politikk, men samstundes vere verdikonservative, ifølgje data frå Norsk Monitor/Ipsos.

Basert på spørsmål om synet på politisk kompromissvilje, handlekraft til politikarane og dessutan generell tillit til Stortinget, kan det lagast ein populisme-skala. Her skårar Senterparti-veljarane i dag klårt høgare enn alle dei andre partia sine veljarar, med unntak av Framstegsparti-veljarane (eigen analyse). Dette er risikabelt for Senterpartiet på den måten at det kan vere vanskeleg å blidgjere deira kritiske veljarar om partiet kjem inn i regjeringskontora, slik det no ser ut som dei vil.

Det einskilde partiet sine veljarar si tiltru til Stortinget kan vi følgje tilbake til byrjinga på 1990-talet. Ser vi heile tidsperioden dei siste 30 åra under eitt, har Senterparti-veljaren svært høg tillit til Stortinget, til dømes litt større tillit enn hjå den jamne Høgre-veljaren.

No er dette snudd. Tillita Senterparti-veljarane har til Stortinget er heile 20 prosentpoeng lågare enn til dømes tillita som SV-veljarar, Høgre-veljarar eller MDG-veljarar har.

Det same mønsteret ser vi att i til dømes i haldninga til politiske kompromiss. Dobbelt så mange av Senterparti-veljarane som av heile veljarskaren er i dag kritiske til at politikarane er kompromissvillige.

Krev folk for mykje?

Folk flest si manglande forståing av behovet for kompromiss er på fleire måtar problematisk. Som statsvitaren William Galston har peika på, går ei viktig borgardygd ut på å forstå at forventingane ein har må vere moglege å gjennomføre. For at eit parti skal få gjennom ein del av politikken sin, krev det kompromiss i andre saker.

I Sverige måtte nyleg den sosialdemokratiske statsministeren Stefan Löfven gå av før han kom tilbake etter å ha vorte felt på eit kompromissframlegg om bustadpolitikken. Venstrepartiet var med og felte regjeringa. Problemet oppstår når ingen parti har fleirtal for sine primærstandpunkt.

Utan kompromiss, går politikken i stå. I den håplause svenske situasjonen, utan fleirtalsalliansar fordi ingen vil samarbeide med Sverigedemokraterna, er alternativet til kompromissvilje permanent styringsrot.

Når ansvar straffar seg

Om vi ser på vala i Skandinavia dei siste ti åra, er det eit mønster at å vere juniorpartnar i regjeringa er risky business. Svært ofte går oppslutnaden då ned, jamvel om det også er døme på små parti som har klart seg godt. Framstegspartiet sat i regjering då bompengesaka var på dagsordenen og tapte mange veljarar på det. Også Senterpartiet kan på same måte verte utsett i ein framtidig regjeringsposisjon.

For å vende tilbake til Sverige, der Miljøpartiet i dag er juniorpartnar i regjering med sosialdemokratane. Det har kosta dei dyrt. Etter at Miljøpartiet gjekk inn i regjeringa har oppslutnaden vorte halvert. Venstrepartiet, utanfor regjering, har dobla oppslutnaden.

Listhaugs talande teiing

Nokre parti tener på misnøye. For Framstegspartiet vil det i eit slikt lys kunne vere gunstig at Støre tar over regjeringsmakta. Om Støre og Vedum tar over, vil det for dei borgarlege partia handle om å vere mest mogleg tydeleg imot regjeringa. Det vil passe Framstegspartiet godt.

Difor var det kanskje ikkje så rart at Sylvi Listhaug snakka seg bort i politisk kvarter (NRK) 7. mai, då ho fekk spørsmål om ho håpa på borgarleg valsiger. Ho nøla så lenge med klår tale (13.55 min. ut i sendinga) at Siv Jensen til slutt greip inn og svara «ja, naturligvis». Sylvi si teiing var talande.

  • Apropos fotball-EM: «Skam­laus sports­kapitalisme i strid med fot­ballens sjel»

Nødvendig protest

Bompengesaka har ført til at sosiale omsyn vert viktigare i miljøpolitikken. Og Senterpartiets framgang gjer at lokale tenestetilbod ikkje berre kan leggast ned.

Kompromissvilje trengst, men av og til kan politikarane ha godt av å verte skaka. I sum kan uventa veljarprotestar gje god systemlæring, slik at demokratiet vert eit system med evne til stadig sjølvkorrigering.

Kompromissvilje, men samstundes protest, om grensa vert nådd: Middelvegen til Aristoteles er enno gyllen.

TROND BIRKEDAL:

Hvem er vanligst i landet her?

PER EMIL SKJELBRED (RØDT):

Publisert:

Stortingsvalget 2021

  1. Har kristelighet, mangler folke­lig­het

  2. Diskuterte valgresultatet

  3. Støre: – Det blir noen tøffe valg

  4. Ap, Sp og SV klare til sonderinger

  5. Sp åpner for sonderingssamtaler med SV og Ap

  6. Bollestad overtok for Ropstad uten seremoni

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Gjestekommentar
  3. Svein Erik Tuastad
  4. Senterpartiet (Sp)
  5. Trygve Slagsvold Vedum