Long covid for kulturlivet

KOMMENTAR: Etter to år med koronakrise og offentlege kompensasjonsordningar, må kulturlivet nesten over natta klara seg sjølv. Det kan bli brutalt.

Anette Trettebergstuen (Ap) har fått erfara at det er meir komplisert å ha det øvste ansvaret for kulturlivet enn å kunna kritisera kulturministeren frå opposisjon.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Så var det visst ikkje så enkelt likevel: Opninga av samfunnet førte ikkje til at publikum strøymde til kulturlivets billettluker. Avviklinga av koronarestriksjonane betydde ikkje slutten på avlyste arrangement.

Kulturlivet er sektoren som blei aller hardast ramma av koronaen. Fortast stengt ned, sist opna opp. Bortsett frå at det gjennom det aller meste av pandemien var ok å gå på kjøpesenter, ta bussen eller jobba på fabrikken, var det jo for så vidt logisk: Det er ikkje smart å samla masse folk i same rom når du står midt i ein smittsam pandemi.

Dei offentlege smitteverntiltaka gjorde det først umogleg å gjennomføra kulturarrangement. Seinare gjorde dei det umogleg å gjennomføra kulturarrangement utan store økonomiske tap. Dermed innførte det offentlege – rett nok etter ein del prøving og feiling, stort sett evig bakpå – ordningar som kompenserte for avlysingar og stimulerte til gjennomføring av arrangement.

Les også

Stavanger-festival utsettes til høsten

Les også

Vurderte å av­lyse konsert, men gønner på

Les også

Kor blei kulturen av?

Regelen

Støtteordningane braut i praksis med det som har vore gjeldande praksis i norsk kulturpolitikk. Regelen har vore knappe midlar til fordeling. Som betyr at knapt nokon har fått alle pengane dei har søkt om. Og at dei fleste har fått avslag på søknaden til f.eks. Norsk kulturråd, som har delt ut sine pengar basert på ganske så strenge kulturfaglege kvalitetsvurderingar.

Noko av logikken frå statleg hald har vore å støtta kunst og kultur som held høg kvalitet, men som ikkje nødvendigvis har like stort kommersielt potensial. Utan offentleg støtte ville mykje av denne kunsten aldri sett dagens lys.

I den andre enden av skalaen finn ein dei breiare og meir kommersielle uttrykka som både ønsker og har tradisjon for å klara seg sjølv. Her er det, på godt og vondt, marknaden som rår. Men desse uttrykka, enten det er coverband eller familievennlege juleshow, får normalt ikkje støtte frå Kulturrådet.

Les også

Måtte selge 5369 Benny Borg-billetter for å gå i balanse. Færre enn 40 var på forrige konsert

Unntak frå regelen

Koronaen innebar eit tydeleg unntak frå regelen: Då kulturminister Abid Raja (V) ville sikra julekonsertane i 2020, garanterte han at alle som gjennomførte arrangement, ville bli sikra økonomisk av staten. Støtta kom altså ikkje an på sjanger, kvalitet eller kunstnarisk verdi, berre at du gjennomførte. Slik kunne Kurt Nilsen gjennomføra 26 julekonsertar for 200 personar per konsert med ei statleg subsidiering på 509.976 kroner i snitt – per konsert.

Til samanlikning var det høgthengande arbeidsstipendet for kunstnarar i 2021 på 283.210 kroner – per år.

Eg tippar at dette gjorde vondt langt inn i hjartet på ein sann kulturrådsbyråkrat.

I alle fall begynte Kulturråd-logikken etter kvart å blanda seg inn i tildelingane. I andre runde av stimuleringsordninga kom det plutseleg ein del avslag – utan at det var mogleg å forstå logikken i dei. Det blei ramaskrik, større pengepott og ny søknadsbehandling.

Men plutseleg hadde det kome inn eit element av «skjønn». Eit element som sidan skulle forsterkast.

Les også

Tidenes kulturpolitiske skandale

Les også

Avverja tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

«Skjønn». Og bingo

Dermed var ein på veg bort frå garanterte, rettigheitsbaserte ordningar og i retning normalen i kulturpolitikken: Ikkje pengar til alle, kunstnarisk «skjønn» – og dermed eit tydeleg element av risiko for dei som søkte støtte. Eller bingo, om du vil.

Denne mangelen av noko føreseieleg, som gjorde det så godt som umogleg for kulturlivet å planlegga under koronaen, var Anette Trettebergstuen (Ap) kritisk til. I alle fall fram til ho sjølv blei kulturminister. For då viste det seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret. Frå å vera populær i opposisjon, har Trettebergstuen fått store delar av kulturfolket mot seg. Fordi heller ikkje ho har klart å koma med støtteordningar fort nok eller føreseieleg nok.

Les også

Interessant å møta seg sjølv i døra, Anette Trettebergstuen?

Les også

Venstre om i kulturpolitikken?

Les også

Politisk styring av kunsten

Store delar av kulturlivet må brennkvikt omstilla seg.

Full opning. Hurra?

Og dermed er me ved gjenopninga av samfunnet. 12. februar. På det tidspunktet eksisterte ei stimuleringsordning for gjennomførte arrangement. Men sidan ordninga føresette smitteverntiltak, forsvann ho same dag som tiltaka blei borte.

Kompensasjonsordninga som skulle bidra økonomisk til avlyste eller nedskalerte arrangement, var ikkje på plass då, og er det heller ikkje i dag.

Dette betyr at kulturlivet plutseleg stod heilt på eiga hand og risiko, over natta. Som forklarer fortvilinga og alle avlysingane som nå renn inn.

For publikum har altså ikkje kome tilbake. Fordi dei har fått nye vanar? Fordi dei framleis er redde for smitte? Fordi dei er sjuke? Fordi dei etter to år har lært at det er eit sjansespel å kjøpa billettar til arrangement som plutseleg blir avlyste? Fordi dei ikkje er så interesserte i levande kultur lenger?

Ingen veit.

Men det som er sikkert, er at store delar av kulturlivet brennkvikt må omstilla seg – sjølv om det denne veka kom nye millionløyvingar til fordeling i ein overgangsperiode. Mange i kulturlivet har lidd store økonomiske tap i koronaen. Andre har hatt ein tilgang på offentlege kulturpengar dei aldri før har opplevd. Den krana er nå i praksis så godt som stengt.

Sviktar i tillegg publikum, kan det bli ein hard post-koronakur for kulturlivet.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Koronaviruset
  4. Kurt Nilsen
  5. Abid Raja