Dagen før dagen

GJESTEKOMMENTAR: Denne nasjonaldagen har eg gleda meg til. Då skal 3.-klassejenta mi gå i barnetog med klassen for første gong. Som tusenvis av andre barn veit ho ikkje korleis nasjonaldagen vår eigentleg blir feira.

Eg saknar synet av jenta mi midt i barneflokken under fargerike faner. Tett i tett skal dei gå.
  • Heidi Hjorteland
Publisert: Publisert:

Pandemien har endeleg sleppt sitt klamme grep om landet vårt, me er igjen frigjorde. Samstundes er me blitt minna om kor hårfin freden er, med krig i Europa. Skulen har sendt heim både 17. mai-songar og eit skriv om utdeling av jodtablettar, om det verste skulle skje.

«Å, går me i tog med klassen?» spurte dotter mi i fjor, då eg fortalde henne korleis ein ekte 17. mai blir feira. Synet av nokre ark i svart-kvitt frå ein sliten kopimaskin med eit knippe 17. mai-songar gjorde meg blank i auga. Desse songane skal barneskulen gleda dei gamle på sjukeheimen med nasjonaldagen.

Les også

Endeleg får Nicolas og Wilma får gå i barnetog

Tog i folkevrimmel

Eg saknar 17. mai i all sitt vesen. Det blodfattige pandemi-opplegget er ikkje feiring som fenger barn. For to år sidan sprang familien rundt i regnklede med krøllete 17. mai-sløyfer og leita etter nokre natursti-postar, mens me passa på å halda mange titals meter frå dei få andre me møtte på vår veg.

Heimen dei to siste åra har vore stripynta både ute og inne med flagg og fager, nasjonalfarga plast for å kompensera for ho som ikkje fekk gå i tog og springa i folkevrimmel. Sjølv fekk eg som komitémedlem høve til å gå i eit lite tog på morgonkvisten i fjor. Eg tviheldt på flagget i vinden, i duskregn mellom angande tre og hekkar, medan Sandsfjorden pulserte under oss. Visst var det nasjonalromantisk, men kor var alle barna? Eg sakna den intense lyden av pust pressa gjennom billige plastfløyter.

Som lita begynte det å sitra då far hengde bjørkekvister og flagg framme på bilen kvelden før. Eg minnest begera med salt lapskaus og dufta av kraftig kjøtsuppe. Eg minnest korleis ekkoet frå trommene i korpset blei slengt mellom fjellsidene i dalen. Eg minnest lukta av nye klede. Eg minnest den luftige kjensla av ein vid stakk som sveiv rundt bein i tynn strømpebukse. Eg minnest kjensla av sår gane etter for mykje snop. Den kjensla gler eg meg til at dotter mi og andre barn skal få oppleva i morgon.

Eg saknar klikkinga av finskor
mot nysopt veg, og fletter
som held på å gå opp i liminga.

Sokkaseget og gnagsåra

Eg saknar 17. mai og alt som følgjer med, heilt frå eg dreg fram strykebrettet og startar med å stryka finkleda, altfor seint kvelden før, slik at det blir litt surmuling og stress. Eg saknar å leita hektisk etter eit par mansjettar som eg la ein lur plass for to år sidan, og å måtta hastesy i lause knappar.

Eg saknar synet av nystrokne flagg som ligg fint på geledd på strykebrettet morgonen etter, saman med rosettane og sløyfene. Eg saknar å krumma valne fingrar rundt eit flagg. Eg saknar synet av hegg og fruktbløming i kaldt duskregn.

Eg saknar sokkaseget, gnagsåra, masinga om å få eta endå meir is, eg saknar å grubla over om grønskeflekken og ketsjupen på den kvite strømpebuksa kan vaskast vekk, og kvar kom all mosen i ullsokkane frå?

Eg saknar synet av ei pølse som er i ferd med å gli ut or brødet, eg saknar klikkinga av finskor mot nysopt veg, og fletter som held på å gå opp i liminga, eg saknar å sjå henne som berre er rein og nystroken den første halvtimen, men som likevel blir finare og finare utover dagen i all si bustete og klissete prakt.

Dei skeive søljene

Eg saknar stresset med å få søljene til å sitja beint, eg saknar glipene mellom skjortesnippane som eg aldri får til å strutta fint, eg saknar sjalet som alltid sklir skeivt, eg saknar kjensla av ein stakk rundt bein i tynn strømpebukse, eg saknar å sjå korleis naboane ser ut i fintøyet sitt, eg saknar å høyra susen frå ei stor folkemengd.

Eg saknar lyden av 17. mai-talar gjennom dårlege høgtalaranlegg, eg saknar det å ha det så godt at me kan tykkja 17. mai-talar er kjedelege og registrera at sidemannen tykkjer det same. Men vent no litt.

17. mai-talen som eg ofte har kalla verdas mest forslitne og utakksame sjanger. Talane som ingen lyttar til, fordi ein har høyrt det ti tusen gonger før, det om Eidsvoll-mennene og fridomen og freden.

Men ikkje i år. Aldri meir skal eg klaga over 17. mai-talar. I år kan dei ikkje bli svulstige og klisjéfylte nok. Pandemien og krigen i Ukraina gjer at alle dei fine orda på nytt blir sprengfulle av innhald og kjensler, slik dei også må ha vore like etter andre verdskrig.

Presidentens draum

17. mai-talen er jo fantastisk. Berre det å få lov til å gå på ein talarstol og få seia noko i eit fritt land. Det kan me fordi mange før oss viste vågemot, stod opp mot okkupantane, sjølv om det kosta fleire av dei livet. Berre tanken å stå der stilt opp på rekke og venta på å bli skoten. Gjerne ein vår like før knoppane sprett. Kan me fatta grua i det?

Eg saknar synet av friske blomar mot gammal stein til minne om desse krigsheltane, og alle dei nye som ofrar seg i andre land som opplever krig.

Presidenten i Ukraina har eit håp om at landet hans ein dag kan feira fridomen med barnetog på norsk vis. Barnetoga er motsatsen til Putins pompøse paradar, og i år vil ukrainske barn som har flykta til Norge, få ein forsmak på det presidenten der heime har ein draum om. Måtte draumen hans bli oppfylt.

Imens skal me gleda oss over at våre barn igjen kan gå i barnetog. Eg saknar synet av jenta mi midt i barneflokken under fargerike faner. Tett i tett skal dei gå.

Les også

  1. Stor oversikt over 16 kommuner

  2. 17. mai: Madla-toget er avlyst, barnetoget i Stavanger sentrum blir enda lengre

  3. Bevæpnet politi skal trygge barnetoget på 17. mai

  4. Tiril (24) følte seg aldri vel i sin kvinnebunad. Nå kommer de første kjønnsnøytrale bunadene

  5. Det går alltid et tog. Helst på mot­satt side av byen

  6. Han var motstandsmann under krigen. Men viruset kom tyskarane i forkjøpet

Publisert:

17. mai 2022

  1. Tusenvis gikk i tog – her ser du bildene

  2. Se hvilke fem som var best på tog i Stavanger

  3. Se bildene fra russetoget her

  4. – Jeg blir så stolt

  5. – Mange av dei minste har jo aldri gått i tog før

  6. Danset seg gjennom tidenes lengste barnetog

  1. 17. mai 2022
  2. Ukraina
  3. Barn
  4. Gjestekommentar
  5. Bunad