Oljefyrt omstilling?

GJESTEKOMMENTAR: Oljefyrt optimisme kjennest fint i dag, men kan gje bratt nedtur og brå omstilling i morgon.

«For oljeselskapa er det gode tider» skriv Klaus Mohn. Bildet: Olja frå Sverdrupfeltet kjem i røyr til Mongstad.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Bak korona-tåka og alt anna som rører seg no om dagen, er det noko som går under radaren. Noko viktig. Mange har fått med seg at gassprisane har gått i veret. Men visste du at oljeprisen kan være på veg mot 100 dollar fatet? I medvind frå marknaden og skattelette frå styresmaktene er optimismen i oljeverksemda igjen på veg opp. Energihovudstaden får vente, for no er det duka for ny oljefest.

Rygg til å bere rikdom

For oljeselskapa er det gode tider. Pengane fossar inn, og gir større armslag for utvikling, sysselsetting og nye investeringsprosjekt. Men omfanget av gode prosjekt blir ikkje utan vidare betre sjølv om oljeprisen er høg. Snarare risikerer ein at rikdommen gjer oljeselskapa meir romhendte, og at fleire pengar finn vegen til prosjekt som ikkje burde ha livets rett. Med god tilgang til kontantar sit pengane gjerne lausare, og dermed vil både lønningar og kostnadar ha ein tendens til å auke.

Om optimismen i dag har betra dei langsiktige prisutsiktene, så vil alle olje- og gassprosjekt sjå meir lønnsame ut enn før. Oljeprisen har ikkje tilsvarande verknad på investeringar i fornybar energi. Optimismen rundt oljeverksemda i dag kan dermed bidra til at fornybar energi sakkar akterut i konkurransen om kapitalen.

Optimismen rundt oljeverksemda gir uansett utsikter til lågare arbeidsløyse, høgare lønnsvekst og betre avkastning til dei som investerer. Aksjonærane i Equinor kan glede seg over 50 prosent kursauke, mykje på grunn av høge olje- og gassprisar. Heldigvis gjer statleg eigarskap at mykje av denne avkastninga kjem fellesskapen til gode. I tillegg kjem særskatt og staten sin direkte eigarskap i oljefelt, som gjer at ni av ti inntente kroner i oljeverksemda finn vegen til Oljefondet.

Naturen ventar ikkje på nokon

Klimaendringane let seg ikkje uroe av oljeprisen. Her held timeglaset ufortrødent fram med å renne ut. Umiddelbart skulle ein kanskje tru at god lønnsemd i oljeverksemda og avgrensa omstillingsvilje i politikk og forbruksmønster vil gje ei forseinking i omstillinga. Stikk i strid med denne logikken har narrativet i næringa vore at oljeselskap og leverandørar er dei som skal legge til rette for grøn omstilling, og at gode kår for olje- og offshoreverksemda vil gje raskare tilpassing til klimautfordringa. Dette var eit kronargument i høve den generøse skattepakken som ble oljenæringa til del for berre 18 månadar sidan. Fortellinga har sterkt medhald, blant politikarar og i næringslivet. Men frå forskarar og miljøvernorganisasjonar har framstillinga hausta markant motbør.

Så langt har skattepakken betra attraktiviteten for fleire utbyggingsprosjekt som tidlegare var i grenseland for lønnsam utvikling. Samstundes er iveren stor etter å modne slike prosjekt fram, etter som dei gunstige skattevilkåra i denne pakken føreset innlevering av planar for utbygging og drift innan utgangen av 2022. Saman med dei høge olje- og gassprisane vil korona-tiltaka dermed bidra til ei opphoping av aktivitet i olje- og gassnæringa dei nærmaste åra.

Kva då – ittepå?

Ei slik opphoping er ikkje utan konsekvensar. For køen av nye utbyggingsprosjekt er ikkje endelaust lang. For å halde aktiviteten ved lag på lenger sikt er ein difor avhengig av å gjere nye funn, og helst store funn. Men leiteresultata har ikkje vore overtydande dei siste åra. Spesielt gjeld dette Barentshavet, der ein serie av vonbrot no har fått Oljedirektoratet til å nedjustere potensialet for uoppdaga ressursar.

Utan nye lønnsame funn kan nedturen difor bli bratt ved neste korsveg, når oljeprisen igjen kjem ned og verknaden av skattepakken er uttømt. Faren er dermed at dagens gode kår for olje- og gassnæringa ikkje berre vil utsette omstillingsutfordringa, men gjere tilbakeslaget meir markant enn ei meir moderat og gradvis nedbygging.

At Noreg si særstilling igjen vil kome under press står att som rimeleg sikkert. Me veit berre ikkje nøyaktig kor raskt det vil skje. For klimautfordringa ligg fast. Og om me skal lykkast med å bremse oppvarminga så må me kvitte oss med hangen til fossile brensel. Samstundes er det ikkje til å kome unna at olje- og gassverksemda er ei kjelde til stor rikdom, blant norske hushald, i næringslivet, og ikkje minst for staten. Det er dermed ikkje så rart at utsiktene til raske pengar legg ein effektiv dempar på entusiasmen for utfasing og omstilling.

Omstilling føreset uhilda kunnskap

På lengre sikt vil omstilling føresette ein overgang frå oljeøkonomi til noko anna. Eit anna tankesett, på individuelt nivå og på samfunnsnivå. Eit anna mønster for åtferd, i hus og heim – og i politikken. Eit anna sett av politiske verkemiddel og rammevilkår, i smått og stort. Og ikkje minst treng me kunnskap om kva oljen gjer med norsk økonomi og med vår evne og vilje til å møte utfordringane og omstillingsbehovet me no står overfor.

Agendabasert kunnskap og kommunikasjon er i dag viktige reiskapar for sterke særinteresser i stadig kamp om merksemd, gunst og pengar frå politikarane. Desto viktigare har det blitt med kjelder til uavhengig kunnskap. Forsking og formidling utan bindingar, som ikkje er driven av ein bestemt agenda eller av bestemte særinteresser.

Her har universiteta ei viktig rolle å spele, som kjelde til uavhengig kunnskap, for balansert opplysing av utfordringar og løysingsforslag. Autonome institusjonar kan sikre uavhengig kunnskapsproduksjon, og sikre uhilda opplysing av viktige politiske avgjerder. Ikkje minst gjeld dette næringspolitikk som kan balansere omsynet til oljeverksemda mot omsynet til andre store samfunnsutfordringar.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert: