Jarl Wåge: Obs, obs! Parallellsamfunn!

GJESTEKOMMENTAR: Er det greitt med skilt til Allahstien, Fatimaplassen, Muhammadbekken eller Id al-fitr-sletta i Nordmarka eller oppover mot Preikestolen?

Vi er visst ikkje så nøye på integrering når vi sjølv busetter oss utanlands. Kafébaren Sosialkontoret er eitt av mange etablissement i «den norske lysløypa» i Maspalomas sør på Gran Canaria. Naborestauranten heiter Nye Trollstua. Foto: Camilla Flaatten

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Lærar og skribent
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Du er norsk og snakkar spansk?» sa drosjesjåføren min i Puerto Rico de Gran Canaria fornøgd. «Veit du,» sa han, «det bur tusenvis av nordmenn her. Dei kjem attende år etter år, og dei fleste kan ikkje eit ord spansk.»

For nokre år sidan blei Carl I. Hagen, som har hus i det norske parrallellsamfunnet i Torrevieja og stadig brukar tid der, spurt om han snakkar spansk. «Nei,» sa han, «her klarer vi oss godt med engelsk og norsk.» Hagen har i årevis stilt bastante krav til innvandrarar om at dei må lære seg norsk. Noko eg er heilt einig med han i. Skal ein bli integrert i eit samfunn, må ein kunne språket. Det Hagen signaliserer ved å ikkje lære spansk, er at han ikkje er interessert i å bli integrert i det spanske Spania.

Ein annan markant Frp-ar, Christian Tybring-Gjedde, uttalte nyleg at tyrkiske politikarar ikkje har noko med å drive valkamp i europeiske land. Sjølv var han nyleg i Torrevieja, der Frp har eitt av dei største lokallaga sine, og dreiv valkamp. Eg trur ikkje ein gong han høyrde at det singla i glas.

Carl I. Hagen på norsk valkamp i den norske kolonien i Torrevieja i 2003, der han og kona bur delar av året. Men at utanlandske politikarar skal kunne gjere det same i Noreg, er ikkje greitt, ifølgje partifelle Christian Tybring-Gjedde. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

For nokre år sidan prøvde Oslo kommune å byggje sjukeheim i Spania då Frp sat i byråd. Prosjektet blei ein gigantisk fiasko og medførte økonomisk tap på tital millionar. I samband med prosjektet uttalte Hagen at dei ville tilsetje spanske sjukepleiarar (billegare arbeidskraft), men at dei måtte lære seg norsk.

I Gamlelandet hevdar stadig bekymra politikarar, spesielt av dei mørkaste blå, at det har vakse fram parallellsamfunn i Oslo.

Norske samfunn i Spania

Årleg reiser over 300.000 nordmenn til Gran Canaria. Dei flyktar frå norsk vinter til sol og varme. For å vere der ei, to, tre veker eller nokre månader om vinteren. Enkelte sel til og med alt dei eig og blir der for godt.

Viktigaste grunnen til at Gran Canaria er så attraktiv, er sjølvsagt klimaet. Turistmagnetar som Puerto Rico og Arguineguin har verdas mest stabile klima. Same når på året det er, har dei sommarvêr. Så populære er Puerto Rico og Arguinegiun blant vårt gjennombarka folkeferd at dei der i garden på spøk seier at Arguineguin er Noregs sydlegaste by.

I Gamlelandet hevdar stadig bekymra politikarar, spesielt av dei mørkaste blå, at det har vakse fram parallellsamfunn i Oslo. Det vil vi sjølvsagt ikkje ha! Kvar gong avkreftar heldigvis politiet dette. I Torrevieja, Puerto Rico, Arguineguin og andre «norske enklavar» i Spania har det, utan protestar, vakse fram sterke, vitale, norske parallellsamfunn der du klarer deg utmerkt så lenge du snakkar norsk. Gran Canaria har norsk barnehage, skule, sjømannskyrkje (den mest besøkte i verda) og norske klubbar. Brød kan ein handle på norsk bakeri. Det finst norsk frisør, helsesenter, fysioterapi, tannlege, matvarebutikk og barar og restaurantar som Heia Norge og Rorbua. Om ein skulle ha lyst på meir norsk før ein tar kvelden, kan ein i Puerto Rico svinge seg til dansebandmusikk.

Det ligg ein slags herrefolk-arroganse over dette.

«Nydalen, takk!»

I området rundt Puerto Rico har nordmenn til og med byrja å setje norske namn på stader som er populære å oppsøkje. Ein kan leggje turen til Norskeplassen, Nilseplass, Ragnhildsplass, Dusjen, Champagne-stien eller Geitefjøset. Alle markerte med forseggjorte treskilt. Agua la Perra, ein «bydel» i Puerto Rico, blir kalla Nydalen. Det seier dei til og med til drosjesjåførar: «Nydalen, takk!» Om det er fordi dei spanske namna er vanskelege å uttale, eller fordi det er meir heimekoseleg med norske namn, er ikkje godt å seie. Men det ligg ein slags herrefolk-arroganse over dette, og ein kan berre tenkje seg kva slags ramaskrik det skulle bli om utlendingar tok seg til rette med skilt med namn som Allahstien, Fatimaplassen, Muhammadbekken eller Id al-fitr-sletta i Nordmarka eller oppover mot Preikestolen.

Mange hevdar at dei norske parallellsamfunna i Spania er harry så det held. Ein globetrottar vil nok vere samd i det. Men det er naturleg at nordmenn vel seg turistfeller som Puerto Rico og Arguineguin når vi vil vere klimaflyktningar ei veke eller to. Då er det soltilbeding, billeg mat og drikke og fløyelskveldar på terrassen som gjeld.

  • Les også: Denne norske institusjonen feirer 20 år. Men vi er ikke i Norge.

Playa de Las Canteras i Las Palmas: Verdas beste bystrand, er det sagt. Foto: Elvira Urquijo, AP/NTB Scanpix

Det verkelege Spania

Skal ein derimot vere der over tid, bør ein prioritere å lære spansk. Om ikkje anna, så i respekt for spanjolane som tek imot ein, og for å lære seg vanleg, høfleg framferd overfor dei. Men like viktig fordi det å kunne språket gjer opphaldet så mykje rikare på opplevingar. Gran Canaria er ei miniatyrverd med fire årstider, eineståande vakker natur med hundrevis av kilometer med stiar av alle vanskegrader som skjer seg gjennom landskapet. Det finst ville fjellformasjonar, djupe dalar, blomsterprakt, mandelbløming, palmelundar og furuskog i opptil 1900 meters høgde.

Las Palmas, hovudstaden, er ein spennande spansk storby med alt det ein storby kan by på. Ikkje minst Playa de Las Canteras, stranda og promenaden som av eit amerikansk reisemagasin er kåra til verdas beste bystrand. Dessutan ligg det eit utal vakre, spennande byar og landsbyar oppe i fjella og langs kysten. Det er der dei innfødde lever sine heilt vanlege, spanske kvardagsliv langt frå solsenger og paraplydrinkar. Det er alt dette som er det ekte, spanske, fascinerande Gran Canaria, og som ligg der og ventar på å bli oppdaga. Dei som har slått seg ned der, heilt eller delvis, gjer seg sjølv ei bjørneteneste om dei ikkje prøver å utforske, oppleve og bli ein meir eller mindre integrert del av dette.

Les også

  1. Laster ned avisen fra verandaen i Spania

  2. Dette bør du gjøre i Valencia

  3. Fra vondt til verre på Gran Canaria

Publisert:
  1. Gran Canaria
  2. Parallellsamfunn
  3. Spania
  4. Carl I. Hagen
  5. Christian Tybring-Gjedde

Mest lest akkurat nå

  1. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  2. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  3. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  4. Brudd på vannledning i Sandnes

  5. Koronatrenden er nå synkende her i landet

  6. Såpeglatte veier i distriktet - har strødd i hele natt