Samepolitikk på viddene

GJESTEKOMMENTAR: Same­politikken har vore prega av berørings­angst. No vert det slått sprekkar i standard­forteljinga.

Daglegliv i Karasjok i 1952.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I vekeavisa Dag og Tid dei siste månadane har forfattaren og journalisten Morten Strøksnes gått gjennom ulike sider av norsk samepolitikk. Fosen-saka, med vindmøllene som øydela for reindrift, synte til slutt at samane har sterke rettar. Men styresmaktene har ikkje respektert dei godt nok, konstaterte Høgsterett.

Essayet til Strøksnes lèt etter seg viktige spørsmål. Trass det opplagde behovet for minoritetsvern, har det heile gått for langt? Har nokre av minoritetsrettane vorte for sterke?

Standardforteljinga

Samane er sett på som eit urfolk, difor har dei rett til vern. Det var etter menneskerettsvendinga i norsk politikk på 1990-talet at samane i Noreg fekk sterke rettar.

Urfolk vil i menneskerettstenkinga trenge menneskerettar på grunn av ei kolonihistorie der inntrengjarar koloniserte eit område utan omsyn til dei som alt var der, urfolket. Overført til Noreg vart samane kolonialisert av dei som var etnisk norske, i denne historieversjonen.

Slik har forståinga av samepolitikken vore. Strøksnes utfordrar både denne framstillinga og nyare politikk.

I kritisk lys

Strøksnes sitt tredelte essay «Det norske og det samiske» vart publisert i Dag og Tid 24. mars, 31. mars og 14. april i år, med stor etterfølgjande debatt i avisa. Først går Strøksnes gjennom kolonialiseringshistoria i Noreg og samane sin status som urfolk. For eit par tusen år sidan, ved starten av vår tidsrekning og utover, levde norske og samiske grupperingar med ulike kulturelle former og språk nord i Noreg. Det var ikkje tale om kolonialisering slik vi i vanleg språkbruk forstår det ordet. Det er likevel historieforståinga om samane som urfolk og om kolonialisering som har gjort at samane har fått ei særleg rettsstilling i Noreg.

Å spørje om kor haldbare nokre sider av standardfortelinja er, tyder sjølvsagt ikkje det same som å oversjå overtrampa under fornorskingspolitikken. Samane vart kulturelt dominerte, noko som ofte innebar grov urett.

Ein av dei store triumfane til den samiske mobiliseringa dei siste femti åra har nettopp vore anerkjenningsvinsten – samisk og stolt. Men dagens samepolitikk må likevel kunne tole eit kritisk søkjelys.

Fosen-saka og kritikken

Etter høgsterettsdommen i Fosensaka 11. oktober 2021 stod vindturbinane der dag inn og dag ut, som om ingenting hadde skjedd. Dei samiske aksjonane i vår var klårt rettmessige, og dei vekte nasjonen. Eit av dei sterkaste ankepunkta mot olje- og energiminister Terje Aasland var at det tok for lang tid å få retta opp att menneskerettsbrotet som Høgsterett konstaterte.

Det siste i saka no er at det på ny vart full skjering mellom styremaktene og Sametinget, denne gongen om kva ny kunnskapsinnhenting skulle omfatte. Det føydde seg inn i ei kontinuerleg rekkje av samarbeidsproblem, inkludert 112 dagar med krangel om eit møtereferat.

Eg har sjølv lurt på kvifor alt tar så lang tid i Fosen-saka. Er det berre styresmaktene sitt ansvar?

Les også

Hilde Øvrebekk: «Vinden alle blåste i»

Faren med rettsleggjering

Like før meldinga om brotet med Sametinget om kunnskapsutgreiinga, var sametingspresidenten Silje Karine Muotka i FN. Ho talte for FNs permanente forum for urfolk (UNPFII), og dette forumet retta kritikk mot Noreg i Fosen-saka. SVs Lars Haltbrekken uttalte i ein kommentar til dette at det var pinleg og alvorleg at FN må be Noreg følgje menneskerettane.

Men Noreg følgjer jo menneskerettane etter beste evne. Det er ikkje slik at tolkingane av menneskerettane alltid er opplagde. Rettane står ofte i innbyrdes spenning. Dei må vegast opp mot kvarandre og fortolkast.

Det er også verdt å merke seg at Høgsterett konkluderer annleis og strengare enn Lagmannsretten gjorde om avbøtande tiltak, som striden i dag står om. Og heller ikkje Høgsterett forlanger at turbinane må rivast, slik sametingspresidenten krev.

Menneskerettane er ei av dei store oppfinningane i vår tid. Men over tid har dei utvikla seg til stundom å bli noko anna enn dei var tenkte som. Som Strøksnes skriv, skjer til dømes tildelinga av fiskerettar i nord etter eit slags omvendt kolonialistisk prinsipp. Dei som ikkje er i samiske område, kjem dårlegare ut med omsyn til fiskekvotar.

I Fosen-saka kan det verke som om menneskerettslogikken forhindrar løysingar der både reindrift og grøn omstilling vert sikra. I den politiske oppfølginga av Fosen-saka ser det ut som om rettsleggjeringa er ein institusjonell drivar for ein alt-eller- ingenting-politikk.

Utvidar ytringsrommet

I Fosen-saka, og i liknande saker framover, må det ei konstruktiv innstilling til for å få til god politikk. Menneskerettane må sjølvsagt respekterast. Men det trengst òg ein vilje til dialog. Det kan sjå ut som om rettsleggjeringa stundom svekker denne viljen fordi samerepresentantar kjenner at det er dei som har menneskerettane i ryggen.

Essayet til Strøksnes er ein intellektuell kraftprestasjon som utvidar ytringsrommet. Det må alt no vere ein sterk kandidat til årets tekst i den norske mediefloraen.


Publisert: