Til pumpene!

KOMMENTAR: Vi kan ikkje bare overlata kampen mot ungdomsvald til dei som står tettast på når blodet renn.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Bildet er frå ein valdsfilm Aftenbladet ikkje kjem til å publisera. Men ungdommane gjer det, dei deler og deler og deler.

Akkurat nå vegrar ein familie i Stavanger seg mot å melda ein grov valdsepisode til politiet. Det er tenåringssonen deira som har blitt utsett for vald. Av andre tenåringar. Som nå trugar han med kor gale det vil gå dersom han kontaktar politiet. Og det er ingen grunn til å tru at truslane er tomme.
Nei, eg veit ikkje kven denne familien er. Men eg veit det er fleire familiar. Som ikkje går til politiet og melder frå om vald, fordi barna deira blir truga. Av tenåringar, altså. Av andre barn.
Og eg kan ana kor makteslause og aleine dei må kjenna seg.

Det aller verste

Det er jo rein galskap. Ungdomskriminaliteten aukar, valden blir grovare, og ungdommane yngre.

Dei samlast, det er avtalt på førehand, men det er ikkje sikkert alle veit kva som faktisk skal skje. Aftenbladet har omtalt ei av sakene. To gutar står mot einannan, andre ungdommar rundt i ring. Det blir filma, vi ser mot den yngste av gutane. Han er 14. han står med hendene i lommane. Plutseleg kjem slaget mot ansiktet. Han fell. Den andre fortset å slå mot ansikt og hovud mens han ligg nede. Blodet renn. Så blir han ordra til å kyssa skoen til han som slo.
Det aller verste er å høyra dei som står rundt. Som hoiar, filmar og ler.
Aftenbladet kjem ikkje til å publisera den videoen. Men ungdommane gjer det, dei deler, og deler og deler.

Dei som var der, er tilsynelatande heilt vanlege ungdommar, både gutar og jenter, jakkene er dyre eller mindre dyre, ansikta norske. Han som slo er 16.

Les også

Med blodet rennende fra ansiktet må 14-åringen kysse voldsutøverens sko

Redsel

Denne saka ligg hos politiet. Der ropar dei høgt nå. På oss andre vaksne. Dei meiner dei ser ein trend, på tvers av bydelar og bakgrunn. Dei veit ikkje kor omfattande det er. For dei får ikkje vita om det. Barn ned til 12–13 år er redde for å snitcha - altså sladra. Altså kontakta politiet. Eller andre vaksne.
Uteseksjonen seier historiene bak er ulike. Det er ikkje alltid så innlysande kven som er utøvar og kven som er offer, det kan skifta. Dei ber oss hugsa at dei alle er barn.

Rasmus Stava i ungdommens bystyre, fortel nøkternt at ein del ungdommar i Stavanger er redde. At dei som har blitt med i ein slik gjeng ikkje vågar å trekkja seg ut. Dei har sett kva som då kan skje med dei. Og dei har ikkje bare sett det på ein video, dei var der, stod rundt, høyrde lydane, opplevde det. Neste gong kan det vera dei.

Det er inn til ryggmargen opprørande.

Les også

- Det finnes en del redde ungdommer i Stavanger

Den tynne linja

For ein av forskjellane mellom å vera tenåring og å vera vaksen, er at vi som er vaksne veit at livet er skjørt. Vi veit at ei tankelaus handling kan øydeleggja og endra kursen for eit heilt liv. For alltid. Du kan bli drepen. Du kan koma til å drepa. Du kan øydeleggja ein annan for lang tid, kanskje for resten av livet. Menneske toler nemleg ikkje så mykje, linja mellom det som går bra og det som endar heilt frykteleg, er veldig tynn.

Det kan vera straffbart å filma slikt. Det kan vera straffbart å leggja det ut, straffbart å senda det vidare. Det er grovt, det er feigt, det er skadeleg. Kor ville du sjølv søkt for å finna ein god stad å vera etterpå, for å koma til hektene igjen, dersom videoen der du blir banka fyk frå den eine mobilen til den andre, gjennom din eigen bydel, og frå bydel til bydel i Stavanger?
De kan ikkje halda på sånn. De må ikkje tru at det går bra. Det går ikkje bra. De kan øydeleggja andre.

Og blir du tatt, også for å filma, kan det koma på rullebladet ditt. Du kan mista sjansen til å få visum til andre land, mista sjansen til å utdanna deg til visse yrke, og bare at ansiktet ditt er med på ein sånn video, gir deg ikkje akkurat gode sjansar til å få den attraktive jobben du kanskje vil ha.

Les også

Mobbeombud om ungdomsvold-trenden: - Vi må jobbe med tilskuerne

Barn i alle roller

Det går an å forstå at dette er vanskeleg, at det er komplisert, at det handlar om mange ting. At det heilt sikkert handlar om frykt. Om utanforskap. Om desperasjon, om å kjeda seg, om å finna ein måte å byggja ein identitet på. Om spenning, om å vera for ung til å tenkja konsekvensar. Eller om å få slutt på den plaginga ein sjølv har vore utsett for.

Det går an å sjå at det er bare barn, dette, i alle roller. At det heilt sikkert finst enkelthistorier her som fortel om sårbare og ekstra utsette unge. At det finst større og meir strukturelle endringar vi må ta inn over oss. Som at forskjellane mellom folk i Stavanger har auka ganske dramatisk, meir enn i andre byar. At utanforskap og lediggang er rota til mye. Alt dette kan politikarar, frivillige, idrettslag, foreldre og skular aktivt vera med og motverka.

Det går også an å sjå at reaksjonar mot den som var utøvar kan gjera livet hans eller hennar endå verre, og vegen inn blant dei andre umuleg å gå. Men likevel må reaksjonane vera tydelege, miljø må splittast og kontakt hindrast. Dei som har grunn til å frykta, må beskyttast.

Mange vaksne – tett på

Då må mange nok vaksne i mange nok roller tett på mange nok tenåringar. Så mange at det ikkje blir muleg å tru at dette er greitt, ikkje muleg å tru at dei står aleine, og ikkje muleg å sjå kven som til ei kvar tid går til politiet. For politiet må inn.
Før dette får setja seg. Før vi hamnar der at vi stilltiande forstår kvifor ein familie i Stavanger vegrar seg mot å melda tenåringsvald til politiet.
Vi kan ikkje hamna der.
Til pumpene, foreldre, helsesystrer, lærarar, trenarar, onklar og tanter og miljøterapeutar og vaktmeistrar og bibliotekarar og naboar.

Vi kan ikkje bare overlata dette til dei som står tettast på når blodet renn.

Publisert: