«Treng Giske verkeleg tillit?»
KOMMENTAR: Det blir sagt at Trond Giske må byggja tillit, før han kan klatra oppover i partiet. Eg trur han kjem langt med rein makt.
Trond Giske er på veg inn i Aps landsstyre. Her saman med Trondheims ordførar Rita Ottervik og Ap-sjef Jonas Gahr Støre. Foto: Ned Alley / NTB scanpix
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør
LES OGSÅ: Tillitsvalgt sendte ny bekymringsmelding om Trond Giske
For eit langt år sidan mista Trond Giske tillitsverva sine i Ap. Partiet kom til at han hadde brote deira eigne, etiske retningslinjer når det gjaldt seksuell trakassering. Giske hadde ikkje lenger tillit til å vera nestleiar i partiet eller finanspolitisk talsperson.
Det eldste varselet gjekk mange år tilbake i tid, det nyaste var frå 2017.
Arbeiderpartiet konkluderer med at Trond Giske har brutt Aps etiske regelverk
Maktspelet
Nå er Trond Giske på veg inn i Aps landsstyre. Valkomiteen i Trøndelag Ap har innstilt han som medlem i arbeidsutvalet deira, og som vararepresentant til landsstyret. Og sidan dei to trøndelagsfylka har blitt til eitt, vil dei på landsmøtet i vår få fire representantar i landsstyret i staden for to. Då er Giske inne på fast plass.
Det held altså at mange nok meiner Giske er ein politikar som både kan det med å koma seg inn i ein maktposisjon, og bruka den makta til å driva gjennom politikk. Anten det er å gi trøndarane meir gjennomslagskraft, vera den som forstår seg på LO, eller den som forstår korleis ein tydeleg set ei sak på dagsorden.
Han var først føreslått som nestleiar i fylket. Det klarte ikkje valkomiteen å bli einstemmige om. Kompromisset blei ein plass i arbeidsutvalet, og vara for leiar Per Olav Hopsø til landsstyret. Dermed får Giske plass i landsstyret, utan tilsynelatande å ha pressa det gjennom. Det er godt spelt. Og maktspel er ein høgst oppegåande og anerkjend del av norsk politikk, ikkje minst i Arbeidarpartiet.
Støttespelarane hans snakkar også i vendingar som om dette skulle dreia seg om ei slags straffesak, der Giske har fått ein dom, har sona dommen, og dermed bør få tilbake alt han tapte. Som om makta han hadde var hans personlege eigedom.
Trond Giske gjør comeback, får plass i landsstyret i Ap
Trond Giske blir ikke nestleder i Trøndelag Ap
Partiet
Slik er det jo sjølvsagt ikkje. Men som i andre #metoo-saker, er det den mektigaste som forblir synleg for oss. Dei mindre mektige, dei som blei trakasserte, står i skuggen. Det kan få oss til å tru at når saka ikkje lenger har synlege følgjer for den vi ser, så er alt over og såre vel.
Slik er det heller ikkje. Men når er det då over? Og kan Giske koma tilbake i posisjon? Eitt kontrollspørsmål på det, kunne vera å spørja seg om det vil tena partiet, ikkje skada det.
Ein kunne tenkja seg at det kan vera viktig for Ap å framstå som eit parti som i fellesskap tar vare på dei som har minst makt. Og på kvinnene. Ein kunne tenkja seg at viss partiet har tenkt å køyra fram abortlova som ein kamp for kvinners fridom og rettar igjen, går det dårleg saman med eit inntrykk av at dei ikkje tar sine eigne kvinners fridom og rettar så veldig alvorleg. Men eg er ikkje sikker på om det er slik.
Kvinneledere i Ap mener Giske skader partiet
Ansvaret
Andre, heilt grunnleggjande kontrollspørsmål finn vi i kjerna av heile #metoo: Når er det soleklart for alle i partiet, og alle som kunne tenkja seg å stemma på partiet, at ansvaret for seksuell trakassering ligg hos den som trakasserer, og aldri, aldri hos den som blir utsett for det? At makt, posisjon og alder ikkje gir tilgang til andres kropp? Og at den som har makt, posisjon og alder må forstå at det gir deg eit ekstra ansvar, og faktisk set grenser for kva måte du kan ha omgang med dei du står i eit slikt maktforhold til?
Og veit dei minst mektige, at dersom noko slikt skulle skje, er det ikkje deira ansvar å handtera følgjene av det? Og at det ansvaret vil bli tatt av leiarane i organisasjonen, som også vil leggja følgjene av det på den som trakasserte?
Viss ikkje dette er soleklart på plass, for eksempel i Arbeidarpartiet, så vil ubehaget ved seksuell trakassering i neste sving trilla tilbake i fanget på dei som opplever det. Slik det har vore før. Der kvinner - i Ap har vi berre høyrt om kvinner som varslar - deler ubehaget mellom seg. Passar på kvarandre, hjelper til, beskyttar, og driv brannslokking. Eller i verste fall ber på ubehaget, skaden eller andre følgjer, heilt aleine.
Ansvaret for å unngå seksuell trakassering, og for å bera ubehaget av det, vil alltid liggja hos nokon. Det forsvinn ikkje. Så - rett tid for Giske å kunna koma tilbake i posisjon, måtte vera når det ikkje rokkar det aller minste ved kor det ansvaret ligg.
Men det er berre viss vi nå skulle finna på å forventa av Ap at dei faktisk ville stå fast på noko slikt, og bry seg med å gjera det tydeleg også for dei som kanskje vil stemma på dei.
Det trur eg ikkje vi kan forventa.
Eg forventar det i grunnen ikkje frå noko politisk parti. Denne vinteren har meir enn andre vintrar lært oss at det er makta som rår i norsk politikk. Utsikten til å få fleirtal, til å gå i regjering, til å få makt nok til å få gjennom ei hjartesak, trumfar fort slikt som tillit og vilje til å stå for noko, berre fordi det er rett. Eller berre fordi du har lova nokon å stå for det.
Heller ikkje Giske treng bry seg med å byggja ein slik tillit for å koma i posisjon. Han treng berre at mange nok av hans eigne trur han kan føra dei til meir makt og større gjennomslag. Uavhengig av #metoo-sakene.
Men kva veljarane etterkvart skal ha tillit til? Neimen om eg veit.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
– Søkja vidaregåande skule denne helga? Ta gjerne eit råd frå Erna Solberg: Ikkje tenk så langt fram!
– Bønn til Stortinget: Vedta rusreforma!
«Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»
Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?
«Styringsiveren til Høgre kan stykka eit barn opp i småbitar»
«Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.
Mest lest akkurat nå
Stig Løset og naboene går glipp av hundretusener i støtte
Ett kritisk hensyn stopper Iselin Nybø fra å flytte 140 statlige arbeidsplasser fra Oslo til Rogaland
Legger opp: - Jeg klarte nesten alle målene jeg har satt meg
Ny Bryne-elev koronasmittet - to skoleklasser i karantene
Kapteinen døde - skip til kai i Randaberg med sju koronasmittede om bord
Navalnyj sendt i arbeidsleir