FUCK! FUCK! FUCK! FUCK!

GJESTEKOMMENTAR: FUCK hat! FUCK rasisme! FUCK nettavisa Resett som opnar opp for brungrums og tillèt at kommentarfelta blir ein søppelplass! FUCK Helge Lurås, redaktøren som tykkjer at ei som er saftig i språket, må tåle å bli drapstrua og hetsa på det mest groteske! − Sånn. Då er det sagt.

Publisert:
Jarl Wåge
Lærar og skribent

Sumaya Jirde Ali, prisløna for sin innsats som samfunnsdebattant, får skrekkeleg medfart frå ytre-høgre-sida av landet vårt. Bakom høyrer vi rytmen av noko vi trudde var historie. Vegard Ruud, NTB Scanpix

I heile min lange karriere som lærar jobba eg for at klasseromma eg var i skulle vere bannfri sone. Eg sa alltid til elevane at dei i staden fekk skaffe seg eit ordforråd. Dei slutta heilt sikkert ikkje å banne av den grunn, men eg slapp å høyre på det. Hadde samfunnsdebattant og forfattar Sumaya Jirde Ali med somalisk bakgrunn gått i klassen min, hadde heller ikkje ho fått lov å banne i mine timar.

Og no bannar altså denne gamle mannen − eg − i rein solidaritet med henne. I Resett sitt kommentarfelt har folk gått fullstendig av skaftet fordi den 20 år gamle jenta, dumt nok, har sagt «fuck» både den eine og andre.

Ikkje bare har ho sagt «fuck». Ho er svart, muslim og går med hijab.

Såkalla «kristne, norske verdiar»

Men kommentariatet tar ikkje til motmæle. Dei rettleiar ikkje. Dei argumenterer ikkje. Nei, dei lirar av seg hatske og rasistiske utsegner. Skjermdumpar viser at det på fjesboksida til Resett (ikke kommentarfeltet, red anm) dukka opp følgjande utsegn (som forståeleg nok blei fjerna): «Slå ring rundt henne, søl bensin og tenn fakler.» Dette fordi ho er ei ung, heilt feil slags kvinne som stikk hovudet fram. Og når ho er så dum, høgg dei gjerne hovudet av henne.

Ikkje bare har ho sagt «fuck». Ho er svart, muslim og går med hijab. Alt saman trugsmål mot desse menneska sine kristne, norske verdiar. De veit, sånne som tillèt rasisme og hets. Det skulle ikkje forundre meg om dei òg av og til tar «fuck» i sin munn.

Les også

Jarl Wåge: «Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, Sylvi Listhaug er den store frelsaren»

Bestemors- og bestefarsrasismen

For mange år sidan lanserte ein av dei mest markante biskopane vi har hatt, Gunnar Stålsett, omgrepet bestemorsrasisime. Denne rasismen som ikkje var ute i det offentlege rom, men fanst innanfor husets fire veggar. Ein rasisme som kanskje var ein av ingrediensane i søndagsmiddagen bestemor serverte barnebarna.

Noko seinare morgonkåserte eg om bestefarsrasisme etter å ha hamna i ein brudulje av eit munnhoggeri med nokre gamlingar (omtrent like gamle som eg er no) i badstua på Tøyenbadet i Oslo. Dei snakka om svartingar som tok damene våre, om araberpikkar som valdtok døtrene våre og pakkisar som stal lommebøkene våre. Det heile tok skikkeleg av då eg tordna: «Om Hitler høyrer dykk no, ligg han heilt sikkert i grava og klappar!» Nokre av dei var bestefedrar som kanskje putta slike haldningar i bagasjen til barnebarna, på tur til for eksempel Legoland.

Les også

Jarl Wåge: «Ei sjokkerande oppleving av bestefarsrasisme»

Dette var før internett. Før avisene fekk kommentarfelt. Før det poppa opp «lukka» fjesbokgrupper med tusenvis av medlemmar. Desse «gæmlisane» hadde ikkje, som folk kan få no, eit stort publikum for brunbeisinga. Då fenomenet nett-troll dukka opp, var dei til å byrje med anonyme når dei spreidde rasismen sin. I det siste har dette endra seg. Plutseleg er det bestemødrer, med fullt namn og bilde av seg sjølv, som lirar av seg hatefulle ytringar. Eller bestefedrar. I tillegg til all slags andre folk.

Og dei gjer det ikkje berre innanfor lukka fjesbokgrupper sine trygge veggar. Dei treng ikkje lenger tryggleiken desse veggane gjev. Det har blitt trygt å komme ut i det offentlege rom med styggedomen. Til dømes i kommentarfelt der dei kan utfalde seg og vere meir og meir synlege.

Justisministeren må på banen.

Vi må seie ifrå – alle!

Dette må vi ikkje finne oss i. Vi kan ikkje trekkje på skuldrene av ei slik utvikling og tenkje at det går vekk av seg sjølv. Brunflekkane blir større og større. Spreier seg som råte i samfunnet. Difor må vi enkeltmenneskje som trur på demokrati og likeverd, komme oss opp frå sofaane, ut av komfortsonen og seie frå at denne driten vil vi ikkje ha.

Og politikarane våre må ta skikkeleg tak. Erna Solberg var nyleg på Twitter og sa i frå om at hetsen mot Sumaya Jirde Ali − i år vinnar av Årets Bodøværing og Osloprisen Årets Stemme − ikkje er akseptabel. Det er flott. Men dei som vaker i grumsete fjesbokgrupper og kommentarfelt, er truleg ikkje på Twitter. Solberg kan få tilgang til kvar einaste mikrofon her i landet. Ho må nytte seg av det, og seie så høgt at ho er sikker på at alle høyrer det, at rasisme og drapstrugsmål er forkasteleg og øydeleggjande.

Justisministeren må på banen. Ho får òg låne dei mikrofonane ho vil, og kan rope ut at rasisme og drapstrugsmål er straffbart.

Kvar einaste stortingsrepresentant må ut på Løvebakken og unisont seie i frå om at kvinner og menn uansett farge og fasong har rett til å ytre seg offentleg utan at nokon skal prøve å strype dei, jage dei under jorda eller, i verste fall, drepe dei.

Svakt enno, men høyr marsjen!

Her om dagen skreiv ein til meg på Twitter: «På tide at gamle, blendakvite menn (!) sluttar å ta plass i media. No er det på tide at (blendakvit) ungdom får sleppe til.» Eg er så einig. Ungdommen må på banen meir enn nokon gong. Men jammen skal vi gamlingane ta plass òg. I alle fall så lenge det finst rasisme som må nedkjempast.

Otto Nielsen song «He is dead, but he won’t lie down» i sin nydelege versjon av ein internasjonal, antifascistisk låt. Eg vil tillate meg å seie omtrent det same, men med litt andre ord: Legg øyret til jorda, kameratar! Høyrer de ikkje at dei marsjerer igjen med sine blankpolerte støvlar og nystiva uniformer? Svakt, rett nok, men taktfast. Og dei nærmar seg.

«Eitt−to, eitt−to...»


Les også

Jarl Wåge: «Når ytre høgre marsjerer»

Les også

Namra Saleem: «Alle burde være antirasister!»

Les også

Namra Saleem: «Nå er jeg redd»

Publisert: