Ta plass i verda, skriv eit lesarbrev!

KOMMENTAR: Som ung jente sende eg ofte inn lesarbrev. Eg gjorde det ikkje for lodda eg fekk i premie. Å sjå meininga mi i avisa var drivkrafta.

Å skriva eit lesarbrev kan gi deg utestemme i heile landet. Det opplevde forfattaren av innlegget om Hadia Tajiks bokomslag. Foto: Frå Aftenbladet 26. oktober 2020

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Lesarbreva gjorde at eg følte meg litt viktig. Eg trur mange som skriv lesarbrev, føler det slik. Å bli vald ut og løfta fram fordi nokon andre tykkjer det du har skrive er verd å lese, er gjævare enn å spreie meiningane sine på sosiale medium. Du treng ikkje vera professor eller politikar for å få meint noko i eit lesarbrev. Husmor, bonde, elev eller trygda, lesarbreva er for alle.

Lesarbreva lever

Å lessa meiningane sine inn i eit lesarbrev er ikkje den raskaste måten å få meint noko på i vår tid, men eg vil påstå at eit lesarinnlegg med eit enkelt og klart språk gir deg større gjennomslag enn mange ord i eit kommentarfelt. Å skriva ein tekst som andre skal redigera før publisering, kan samanliknast med å gå til frisør i staden for å klippa seg sjølv.

Den siste tida har eg vikariert som portvakt for lesarbreva til Aftenbladet, på papir og nett. Eg har til tider hogge ned språkkratt, knipe av villvekstar og grave etter gull inne i ordrøysa. Dette har gjort meg meir medviten om språket og lesarbrevets potensielle kraft.

Desse breva lever eit godt liv også i vår tid. Å kome på trykk gir deg gjennomslag og tyngde, og det er kanskje puffet som skal til for at den etaten du vender deg til endeleg svarar på det du har lurt på lenge. Stundom følger også avisa opp tema frå lesarbrev i eigne reportasjar.

Den nye og den gamle tida

Å arbeida med lesarbrev er som stå i eit vegkryss mellom den gamle og den nye tida. Her møter du 80-åringen som kremtar forsiktig i døra og startar lesarbrevet sitt med eit maskinskrive «Herr redaktør», og ho som har dandert meiningane sine i sirleg handskrift på vakkert brevpapir.

På den andre sida av krysset står dei som dagleg skriv så tastaturet knatrar. Desse vil på nett så fort som råd. Eller jenta som blei mobba, og som våga å setje ord på si største sorg i eit nydeleg innlegg. Først ville ho vere anonym, men i møte med sine eigne ord på aftenbladet.no blei ho så stolt av seg sjølv at ho fekk styrke til å stå fram med fullt namn. Det er jo ikkje eg som skal skamme meg, konkluderte ho.

Avisas redigerarar skal ta imot alle orda og meiningane frå så mange ulike menneske, pussa litt på nokre formuleringar, og friska opp overskrifta for å hjelpa skribenten til å få bodskapen klart fram. Dette arbeidet er meiningsfullt og handlar om ytringsfridom. Det er ikkje berre dei som er flinke til å skriva og har fine posisjonar, som skal få lov til å meina. Aftenbladet vil gjerne ha meiningar frå alle typar menneske.

Ikkje gyt ord

Men då må ein våga å ta pc-tastaturet, skrivemaskinen eller pennen fatt, og sleppa fri dei 29 disiplane me alle har til rådvelde for vår skrivne bodskap.

Å skriva gode lesarbrev handlar om gjera det enkelt. Skriving er ikkje komplisert, hevda olje- og energiminister Tina Bru i eit lesarbrev, då ein kar mistenkte henne for å ikkje ha skrive lesarinnlegga sine sjølv. Jo, skriving kan vera vanskeleg, Tina Bru. Underteikna har ei høne å plukke med deg der.

Dette lesarbrevet stod berre i papiravisa, aldri på Aftenbladet.no/meninger, men var like feil for det. Foto: Skjermdump frå NRK

Les også

Arve B. Nyland: «Har dere virkeleg skrevet dette innlegget selv?»

Les også

Tina Bru: «Negativt tunnelsyn om Høyres visjoner»

Det er ikkje enkelt å skriva godt, men det er ikkje særs vanskeleg heller. Å skriva bra blir lettare av å gjere det enkelt. Ha ein klar tanke om kva du vil seie. Start der, og ikkje med alt mogleg anna. Ikkje gyt ord når alt du treng er ti effektive ord for å spikra bodskapen din til setninga. Språk er først og fremst eit framkomstmiddel. I lesarbrevet bør det vera lettfatteleg og effektivt.

Sjansen for å døy

Sjansen for å få eit lesarbrev publisert aukar monaleg om du skriv «pengar» i staden for «midlar». Skriv «risiko» i staden for «sjanse» om du siktar til noko fælt, la folk «seie» ting i staden for å «uttale». Bruk maks eit utropsteikn per tekst! La heller orda dine ropa, sky ord som «imidlertid», «parameter», «fokus» og «i forhold til»! Aldri «adresser» eit problem, «skriv» om det.

Er du i tillegg kvinne eller ung, har du store sjansar for å bli publisert i avisas debattkanalar. Eit godt lesarbrev må ikkje handle om noko veldig viktig. Eit kort innlegg om kva side ein skal gå langs turvegar, kan skape meir røre enn eit langt innlegg om kor viktig det er å bruka midlar på å implementere skrivekunsten.

Av og til kjem gullgode tekstar som skyt fart og set fyr i meinarar landet rundt. Debatten om bokomslaget til Hadia Tajik starta med eit lesarbrev i Aftenbladet. Det viser kva sprengkraft det kan ha å skriva og meina noko i det offentlege rom. Avsendaren starta ein debatt som kanskje har gjort oss meir medvitne om iscenesettinga av bokomslag og magasinframsider.

Les også

Karoline Holmboe Høibo: «Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget»

Ironien som ikkje blei oppfatta, gjorde at Aftenbladet måtte gå ut med ei retting. Foto: Skjermdump frå NRK

Den skumle ironien

Eit anna lesarbrev enda på Dagsrevyen fordi underteikna, på ein svært dårleg dag, gløymde eit viktig språkleg verkemiddel. I fjor haust kom det eit innlegg frå ein vindkraftmotstandar som hevda at Tina Bru hadde arbeidd som frivillig for Donald Trump i valkampen i 2016. Det låg ved eit bilde av Bru med raud Trump-skuggelue, og dessutan eit Twitter-sitat der ho skreiv at ho hadde sans for Trump sin bodskap. Det gjekk meg hus forbi at det finst noko som heiter ironi.

Ironi er farleg, men eg har lært leksa mi, Tina Bru, og eg legg meg paddeflat. Ikkje bruk ironi i lesarbrev. Eg gjorde det sjølv ein gong, og fekk illsinte svar frå menneske som trudde eg var heilt sprø.

Les også

  1. 12.000 kroner i premiepotten

Publisert:
  1. Tina Bru
  2. Hadia Tajik
  3. Skriver
  4. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Dette skjer i OL søndag 1. august: Warholm løper for finale

  2. Anklagene har rystet USAs OL-lag. Munnbindene tolkes som en skjult beskjed.

  3. Sola-mannens bilkamera filmet da en stein smadret en bil i tunnel

  4. – Nå kan jeg gå i bryllup, men ikke begge veier rundt Hafrsfjord

  5. Kvinne falt 15–20 meter ved Kjerag - fløyet til sykehus

  6. Badeland rykker nærmere – dette er de fire tomtealternativene