Den vanskelege religionskritikken

I dei seinare åra har kritikk av religion auka, spesielt i vestlege samfunn. Men ein informert religionskritikk er krevjande.

Sola kirke. Foto: Jarle Aasland

  • Jørg Arne Jørgensen
    Jørg Arne Jørgensen
    Lektor og religionshistoriker
Publisert: Publisert:

For det første — kva meinar me med omgrepet «religion»? Det er ein svært uklår storleik. Til dømes er begrepet som nyttast innan hinduismen, dharma, langt vidare enn vårt begrep religion. Slik me nyttar omgrepet, er det nært knytta til vestleg og europeisk kultur, og farga av dei store bokreligionane jødedom, kristendom og islam. Mange tenkjer automatisk at religion handler om å «tru» på noko, og at den trua er basert på ei bok. Protestantisk kristendom blir det ein målar det opp mot.

Kor grensene går mellom religion, ideologi, filosofi og etikk, og grensa mellom religiøse og meir filosofiske verdsbilete, er heller ikkje klar. For å seia noko opplagt: Religion finst aldri i rein form. Det går ikkje an å isolera religion, leggja han under mikroskopet, dissekera og analysera han i og for seg. Religion er konsekvent og kategorisk innblanda i alt det menneskelege, i samfunn, politikk, kultur, maktstrukturar, i estetikk og etikk, i personlegdommen og kjenslelivet, og ein må alltid sjå han i samanheng med slike ting.

Mangfaldig studium

Studiet av religion er difor svært mangfaldig. Teologane har sine spesifikke disiplinar, kompliserte tanketradisjonar med lange historiske linjer. Innan det akademiske fagfeltet «religionsvitskap» kan religion studerast som eit idésystem, som sosialt og kulturelt fenomen, som psykologisk fenomen, som historisk størrelse, som symbolske verder, eller ein kan studera det som litteratur – for å nemna noko.

Religionsstudiet har difor delt seg i ein rekkje underdisiplinar, kvar med sine felt og sine perspektiv. Religionshistorie undersøker religionane si utvikling i eit historisk og delvis samanliknande perspektiv. Religionsantropologi ser i hovudsak religion som eit kulturfenomen og trekkjer veksler på sosialantropologiske teoriar. Religionspsykologi studerer religiøse erfaringar, og støtter seg på psykologiske teoriar. Religionssosiologien studerer religion som eit samfunnsfenomen, ofte med eit maktperspektiv. Religionsfenomenologien vil koma til botn i dei ulike religiøse fenomena. For å nemna nokon disiplinar.

Det seier seg sjølv at ein velinformert og heilhetlig religionskritikk er noko av det mest krevjande ein kan gje seg ut på. Då skal ein ideelt sett ha grundig kjennskap til alle religionar til alle tider, ein skal forstå samfunna og kulturane og kunna vurdera religionen si kompliserte rolle i desse. Ein skal vidare kjenna til vitskaplege teoriar om kosmologi, biologi osb., om ein bruker desse som brekkstang for å velta religionane sine forklaringar. Då må ein òg vera vel bevandra i filosofi og vitskapsteori. I tillegg bør ein kjenna til og spela ball med religionskritikk som allereie er framført.

Kritikk på ulike område

Ingen kan oppfylla desse krava til fulle. Og ofte fokuserer då også religionskritikk på meir spesifikke område. Nokre legg til grunn ein kritikk basert på kva naturvitskapen «vei» om verda. Ofte vil kritikk av mytologiske skapelsesberetningar stå sentralt her. Men då må ein også vera klar over at det finst ulike syn på mytar. Det er ei utbredt misforståing at religiøse mytar alltid blir tolka «bokstaveleg» – og om ein ikkje gjer det, er det eit bedragersk forsøk på å bortforklara dei. Sanninga er jo at det har vore allegoriske myteforståingar heilt sidan antikken, og dei er vanlege i dag òg. Ein må vokta seg for å sjå t.d. skapingsmytar som mislukka forsøk på å driva vitskap, og kritisera dei på det premisset.

Andre kritiserer religionane si rolle som maktmiddel og undertrykkingsmekanismar. Gudane skal vita at her er det mykje å ta for seg. Men om ein berre rettar skytset mot religion i sin mest banale, undertrykkjande og valdelege form gjer ein det litt for lett seg sjølv. For religion er jo alltid innvevd i maktstrukturar og alt det menneskelege. Å sabla ned religion på dette grunnlaget blir som å seia at «politikk» er noko faenskap på bakgrunn av Nazi-Tyskland og diktaturstatar.

Blikk mot seg sjølv

Ein truverdig religionskritikk er òg nøydd til å venda blikket mot seg sjølv. Kritikken må alltid formulerast ut frå ein ståstad, og denne ståstaden er ikkje gitt. På kva slags grunnlag kritiserer ein religion? Om kritikken er eksistensiell og går på sanningsverdien i religionane, må ein òg kunna drøfta grensene for kva vitskapen kan seia noko om, og kor sterkt dei ulike vitskaplege teoriane står. Ein kritikk basert på banal «snusfornuft» er av liten verdi.

Når alt dette er sagt, er det klart at me alle kan ha gode og interessante moment og perspektiv til ein religionskritikk. Når det gjeld store felt som dette, kor ingen kan ha full oversikt og kunnskap, må kvar og ein av oss kunna tenkja sjølv og leggja fram tankane sine. Når det gjeld spørsmålet om det finst ein overordna meining med tilværet er me alle like store ekspertar.

Publisert:
  1. Jørg Arne Jørgensen
  2. Religion
  3. Gjestekommentar
  4. Livssyn
  5. Filosofi

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger