Kan skarpe bilete redde verda?

GJESTEKOMMENTAR: Det ikoniske første satellittbiletet av jordkloden gjorde sterkt inntrykk, sjølv om det var grått og utydeleg. Seinare har vi sett mange skarpe og fargesterke bilete av den vakre, blå planeten vår.

Eit av verdas mest avskoga område, i delstaten Rondônia vest i Brasil, sett frå 400 kilometers høgde. Gardar og beitemarker skjer seg inn i det klimatisk sett viktige tropiske skogområdet. Foto: KSAT/Planet Labs

  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad
Publisert: Publisert:

Det er fleire tiår sidan. No vert satellittbilete brukte til så mangt. Til å avdekke ulovleg bygging i strandsona, til krigføring, spionasje, vêrmelding, naturforvalting og ikkje minst i innsatsen mot miljøkriminalitet.

Til det siste høyrer avskoging og nedbrenning av regnskogen. Nettopp der kan skarpe, detaljerte bilete med stor detaljrikdom vere med i den dramatiske kampen for å ta vare på verdas regnskogar.

Til venstre det aller første biletet av Jorda frå ein satellitt i jordbane, teke frå Explorer 6 den 14. august 1959. Til høgre Apollo 8-astronauten William «Bill» Anders sitt ikoniske bilete av jordoppgangen over Månen julaftan 1968, altså berre ni og eit halvt år etter det aller første satellittbiletet av Jorda. Foto: NASA

Regnskogane

Det er godt kjent kvifor det er så viktig å ta vare på regnskogane. Litt upresist er dei blitt kalla for «jordas lunger». Dei er mykje meir enn det. Regnskogane er verdas mest avanserte reinseanlegg for klimagassar. Regnskogane i Amazonas, Asia og Afrika tek opp enorme mengder karbon frå atmosfæren. Det store artsmangfaldet i regnskogen er livsviktig for oss menneske. Ikkje berre har eit stort tal medisinar utgangspunkt i regnskogen – urørt natur er også viktig for å avgrensa smittsame sjukdomar.

Regnskogen er heim for millionar av menneske som lever av og med skogen. Urfolk er ein viktig del av regnskogarbeidet.

Den internasjonale klima- og skogsatsinga, NICFI, er Noregs viktigaste internasjonale klimatiltak. Norad forvaltar halvannan milliard kroner på vegner av Klima- og miljødepartementet i denne satsinga. Vår jobb er å setje pengane i arbeid på den beste, mest effektive og resultatgivande måten.

Les også

Forrige Norad-direktør: «Regnskogene er ikke «verdens lunger», de er viktigere enn som så»

Dokumentasjon

I kvar einaste kamp for eller mot noko, er fakta og bevis svært viktig. Satellittbilete er eit kraftfullt verktøy for innhenting av data og informasjon. Detaljnivået bileta gir er fabelaktig. Innanfor ramma av nokre meter kan ein sjå stubbane av tre som er blitt hogde ulovleg. Problemet har vore at satellittbilete er kostbare og langt utanfor rekkevidde for mange av regnskogens brukarar og vaktarar.

Den 23. september i år gjekk Klima- og miljødepartementet inn ein kontrakt på inntil 400 millionar kroner med Kongsberg Satellite Services (KSAT, som er eigd av statlege Space Norway AS og Kongsberg Defence & Aerospace AS med ein halvpart kvar). Målet er å gjere detaljerte satellittbilete gratis og tilgjengeleg for alle i løpet av hausten 2020.

Kva er så den praktiske nytta og bruken av desse bileta?

Politi og styresmakter kan følgje med, og det tett på. Sivilsamfunnsorganisasjonane og urfolk sjølv som arbeider med bevaring av skogen får pålitelege og gratis data. Bønder kan få nyttig informasjon om vekst, tørke og tid for innhausting.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Dei glade 20-åra – tiåret for løysingar»

Blodig alvor

Skogkriminalitet, ulovleg hogst og brannar er fleire sider av same sak.

Mellom 2004 og 2012 gjekk avskoginga i Amazonas ned. Det var ei optimistisk tone blant landa som støtta arbeidet med å ta vare på regnskogen. Denne trenden snudde drastisk i 2015. Øydeleggingane i Amazonas held fram, trass i internasjonale protestar. Koronapandemien har ramma Brasil hardt og fleire sivilsamfunnsorganisasjonar er uroa for at han vert brukt til å dekke over realitetane i Amazonas. Det dreier seg ført og fremst om «land grabbing», eller ran av land på norsk. I praksis betyr det at ein tenner på eit område, og etter at det er brent ned, blir det rydda for dyrking og beitemark i stor skala. Brasils romforskingsinstitutt (INPE) registrerte 7600 brannar i delstaten Amazonas åleine i august i år. Det er det høgaste talet sidan 1998 og nesten 1000 fleire brannar enn i fjor.

Skogkriminalitet er eit litt uvant ord på norsk, men i Amazonas er det blodig alvor. Store velorganiserte bandar høgg tømmer 24 timar i døgnet. Dei er væpna og nøler ikkje med å bruke vald. Det føderale politiet i Brasil reknar med at 90 prosent av trevirke som kjem frå Amazonas stammar frå ulovleg hogst.

Bandane har store ressursar og gode kontaktar, slik at dei kan skaffe seg sertifikat og lisensar som gjer tømmeret salbart på marknaden.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Amazonas brennes, – og Norge svarer med mer handel med Brasil»

Norske «våpen»

Dette kan verke som ein Davids kamp mot Goliat, men desto større grunn til å vere godt «væpna». Skarpe, detaljerte og fritt tilgjengelege satellittbilete som gir informasjon på ein augeblink, er eit slikt våpen. Her kjem Noreg inn i biletet.

Amazonas er langt borte. Men pandemien vi no handterer har meir enn noko anna lært oss at det som skjer langt borte, kan ha stor og direkte innverknad på oss. Det som skjedde på ein ulovleg dyremarknad i ein by i Kina få hadde høyrt om, er no ein del av dagleglivet vårt.

Reddar vi ikkje regnskogen, vil konsekvensane bli del av dagleglivet vårt som meir flaum, ekstremvêr og skred og ulukker – nokre av klimaendringane sine konsekvensar her i Noreg.

Twitter: @bardvegar

Sjå òg: For 61 år sidan såg vi for første gong Jorda frå rommet – og her er korleis vi kan sjå planeten vår no (video i artikkel på engelsk)

Les også

  1. Ingenting var viktigere enn å slå russerne i rommet

Publisert:
  1. Regnskog
  2. Gjestekommentar
  3. Bård Vegar Solhjell
  4. Satellitt
  5. Klima

Mest lest akkurat nå

  1. Butikken har vært en del av Stavanger sentrum i 110 år. Nå legges den ned

  2. Økende smittetrend, men flere bedrifter åpner for å jobbe på kontoret

  3. Slik så det ut i Ålsheia i Sirdal i dag

  4. Elev på Lundehaugen smittet

  5. Senterleder avkrefter rykter som går på sosiale medier

  6. Ulovlig å konkurrere - arrangerte «trening med tidtaking» for 40 løpere