Trumps siste fase

KOMMENTAR: Hadde nokon funne på karakteren Donald Trump til ein roman eller ein film, ville manus blitt avvist som «for urealistisk».

Publisert: Publisert:

«Stand back and stand by!» (Trekk tilbake, stå klare!) var Donald Trumps beskjed til den høgreradikale, væpna gruppa Proud Boys med flagget og sin eigen vimpel. Der har du USA hausten 2020. Foto: John Locher, AP/NTB

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Våren 2016 las eg ei elendig bok. Rettare sagt: På side 268 i det 641 sider lange manuset, orka eg ikkje meir.

«Washingtondekretet» er skriven av Jussi Adler-Olsen og gitt ut på dansk i 2006. Trass toar på terningen i VG og karakteren 1 i Aftenbladet, var dette den mestseljande krimmen i Norge i mars 2016.

Eg las ikkje boka fordi eg hadde lyst, men fordi eg måtte. Eg skulle vera med i ein kritikarsalong på Kåkå – og kritisera gjorde me. Eg – statsvitaren – slakta blant anna plottet i boka som komplett urealistisk og utan truverd.

«Washingtondekretet» handlar om ein amerikansk president som blir heilt ko-ko, som set i gang ei rekke tiltak «som truer demokratiet og ytringsfriheten, suspenderer lover og rettigheter og utløser en karusell av vold og mot-vold. Det er duket for politisk unntakstilstand, terror og opptøyer, og USA beveger seg sakte men sikkert mot sammenbrudd og total katastrofe», for å sitera frå VGs melding.

Ifølgje New York Times, planla Trump på sjukehuset å koma tilbake til Det kvite hus, gå ut på balkongen, riva opp skjorta – og avsløra ei Supermann-drakt under. I staden blei det balkong, riva av maska, militær helsing – og masse kritikk frå helsefaglege ekspertar. Foto: Erin Scott, Reuters/NTB

Les også

Bokmelding: «Rænd mig i røven»

Tidene skifter

Våren 2016 var dette så urealistisk at det ikkje ein gong var mogleg å tru på i ein krimroman, i ein fiksjon.

I oktober 2020 er eg i ferd med å møta meg sjølv i døra. Adler-Olsens plott var ikkje så urealistisk likevel. Den verkelege verda har på mange måtar henta igjen den danske forfattarens røvarhistorie.

Nesten fire år ut i Donald Trumps presidentskap er det lett å gløyma kor fullstendig normale politiske mekanismar i USA er snudde opp ned. Fire år med Trump har flytta så mange grenser for kva ein politikar kan seia, gjera og bli avslørt for – og framleis vera president – at me nesten er i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er.

Trugar demokratiet

Debatten mellom Donald Trump og Joe Biden er karakterisert som den verste presidentduellen gjennom tidene. Foto: Morry Gash, Pool/AP/NTB

I Trumps siste fase har det blitt endå tydelegare at han representerer ein direkte trussel mot det amerikanske demokratiet. Kanskje er det eit logisk klimaks etter fire år med å fjerna alle som ikkje lover full lojalitet til Trump frå regjering og byråkrati, distansera seg frå demokratiske statsleiarar og i staden flørta med diktatorar, gå til åtak på pressa, avvisa vitskapleg kunnskap, erstatta fakta med løgn.

Men dei siste vekene har det teke fullstendig av:

I presidentdebatten med Joe Biden braut Trump alle reglane hans eigen kampanje hadde skrive under på. I staden for å la Biden snakka, braut han av og viste for heile verda at han ikkje er med på sivilisert, politisk debatt.

I den same debatten nekta han å fordøma den høgreradikale, væpna og valdelege gruppa Proud Boys, men bad dei i staden stå klar. Klare for kva? Proud Boys sjølv tok signalet. Dei står klare med våpena sine lada.

Både før og etter han blei koronasjuk har Trump systematisk brote dei faglege råda frå amerikanske helsestyresmakter. Gjennom liv og lære oppfordrar han folk til ikkje å høyra på styresmaktene. Så langt er 215.000 amerikanarar døde av covid-19.

Mens han rasar på gallupen, har Trump pressa på justisminister William Barr for å «arrestera nokon». Nærmare bestemt Joe Biden, Barack Obama og Hillary Clinton. Kva kallar me regime der den politiske toppleiaren vil arrestera sine politiske motstandarar?

Les også

Arild I. Olsson: «Ikke helt Texas»

Diskrediterer valet

Det skal ikkje vere lett å få stemt, spesielt for dei med minst midlar – der Demokratane står sterkt. I førehandsstemminga er det to og tre timars køar over heile landet. I Texas har den republikanske makta bestemt at det berre skal vera eit vallokale til førehandsstemming per fylke (county). I Harris County, der storbyen Houston ligg, bur det 4,7 milllionar menneske. Nokre må reisa 150 km tur/retur for å få førehandsstemma. I dei verste tilfella tek det i alt 8–10 timar å få stemt. Foto: Elijah Nouvelage, Reuters/NTB

Trump har systematisk prøvd å diskreditera poststemmer, og har – utan dokumentasjon – hevda at dette fører til valfusk. Trump vil gjera det så vanskeleg som råd for folk å stemma via posten – samtidig som republikanarane denne veka sette ut eigne stemmeurner i California. Målet er å diskreditera valet – og resultatet.

Sist, men ikkje minst: Trump har ikkje villa forplikta seg til å gå av om han taper valet. Han er innstilt på å protestera på resultatet – og la det bli avgjort av Høgsterett. Der blir Trumps tredje handplukka dommar denne veka ekspedert gjennom Senatet i rekordfart for å sikra at landets høgaste rettsinstans har solid, konservativt fleirtal den neste generasjonen.

Hadde Jussi Adler-Olsen skrive ein krimroman med dette plottet, ville eg avvist det som komplett urealistisk. Ingen amerikansk president ville nokon gong bidra til å riva ned demokratiske institusjonar, diskreditera demokratiske val, gi blaffen i lover og reglar, prøva å hindra meiningsmotstandarar i å ytra seg eller nekta å gå av etter eit valnederlag.

Les også

Gunnar Grendstad: «Valgmedarbeiderens bønn i USA: ’Kjære Gud, gi oss et valgskred!’»

«The Plot Against America»

«The Plot Against America» sluttar med at folket går ut for å stemma ut den fascistiske presidenten. Men lukkast dei? Foto: HBO

La oss venda tilbake til fiksjonen. Tidlegare i år såg eg HBO-miniserien «The Plot Against America», basert på Philip Roths roman. Serien baserer seg på eit kontrafaktisk, historisk premiss, nemleg at flygarhelten Charles Lindbergh vinn presidentvalet i 1941 – og så tek USA i fascistisk retning.

For den jødiske arbeidarfamilien me følgjer, er den gradvise ferda mot fascisme, utstøyting og vald sjølvsagt dramatisk og ille. Men ting ser lysare ut fram mot nytt presidentval i 1945, der den demokratiske kandidaten ser ut til å vinna.

Avslutninga? Folk strøymer til vallokala. Folk vil ha Lindbergh ut. Så dukkar plutseleg lastebilar opp, hentar med seg urnene, køyrer dei av garde. Det siste me ser er at urnene med stemmene blir tømde på eit stort, flammande bål.

Bra det berre er fiksjon.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  2. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  3. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  4. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

  5. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  6. Viking må bytta navn!

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Donald Trump
  3. USA
  4. Demokrati
  5. Joe Biden