Metoo − lamma av skam

KOMMENTAR: Solveig Horne kan bidra til å stoppa seksuell trakassering. Det trengst, for det er for mange tafatte Tarantino-ar blant oss.

Publisert: Publisert:

Både Angelina Jolie og Gwyneth Paltrow er blant kvinnene som klagar film-mogulen Harvey Weinstein for seksuell trakassering. Foto: NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Du veit den der kjensla når du ser på eller høyrer på eller opplever at nokon bryt vanlege sosiale grenser? Det der ugget i magen, det intense ubehaget og den litt numne, tafatte haldninga ein kjenner breia seg i kroppen?

Når ein lar skamma dette mennesket burde krympa seg av, smyga seg lammande inn i eiga handlekraft?

Weinstein og Tarantino

Quentin Tarantino, den verdskjende filmregissøren, veit ein del om det. I årevis visste han om produsenten og film-mogulen Harvey Weinsteins seksuelle trakassering av kvinner, utan å gjera noko som helst. Glenn Close er i same klubb.

Dette veit vi, for 5. oktober avslørte New York Times at Harvey Weinstein gjennom fleire tiår har betalt hundretusenvis av dollar til kvinnelege skodespelarar som ikkje ville tia stille. Nå har over 60 kvinner stått fram med ulike klagar mot han, frå seksuell trakassering til reine overgrep og valdtekt. Blant dei er både Angelina Jolie og Gwyneth Paltrow.

Les også

Weinstein etterforskes i London og New York

Makt

Felles for opplevingane er at kvinnene har vore unge, og Weinstein i ein posisjon der han kunne stoppa ei vidare karriere for dei. I tillegg regisserte han ein situasjon dei vanskeleg kunne koma seg ut av. Eit jobbmøte blei flytta frå møterommet og inn på hotellsuita hans. Og plutseleg var dei aleine med han. Som ville dusja med dei, kyssa, massera, ja, du veit.

I kjølvatnet av dette har tusenvis av kvinner - og nokre menn - retta opp handa i sosiale medier verda over under emneknaggen «Me too». Og fortalt om seksuell trakassering.

Les også

Frykter gapestokk-kultur etter #metoo-avsløringene

Eg tvilar på at eg kjenner særleg mange kvinner som ikkje har kjent tafset på kroppen.

Det er ho som er på jobb som servitør på ein betre restaurant, og får ei mannehand opp mellom beina mens ho serverer pinnekjøt til firmaet han jobbar i. Det er ho som blir stille når kafeeigaren og sjefen hennar klemmer seg inntil henne og tar for seg.Det er ho som akkurat har blitt atten og fått sin første deltidsjobb, og kjenner den litt eldre kollegaen stryka henne over baken når han går forbi. Neste gong kjem ein arm rundt livet, så ei hand i skrittet. Sånn i forbifarten.

Det er historier på historier om menn i posisjon som utnyttar den på grisete vis med å ta for seg av andres kropp og intimitet.

Og det er historier på historier om tilfeldige menn som utnyttar ein gitt situasjon - ei ukjent hand på eit lår i kinomørket, eit finurleg utført kroppstafs på ein overfylt buss.

Motbydeleg

Eg tvilar på at menn som har kjent dette, ville fortalt meg det. Kor vanleg det er at menn trakasserer veldig mange kvinner og ein del andre menn, har vore kjent lenge. Kor mange kvinner som trakasserer menn, er uvisst.

Det er motbydelege handlingar, utført på motbydeleg vis, og i motbydeleg stort omfang.

Denne greia her, i alle sine avskuggingar og tarvelege handlingar, den stoppar vi ikkje.

Les også

Norske skuespillere forteller om omfattende seksuell trakassering

Og for kvar gong vi i skam lar vera å stoppa tafsesnakk og rumpetafsing, eller reagera når vi får vita om anna tarveleg tafs i ettertid, gir vi tafsarane signal om at dette er greit. Det er legitimt.

Det går jo ikkje. Sjølv om det er vanskeleg å gripa inn når nokon tråkkar over alle akseptable grenser, utan å kjenna seg smitta av skam.

Ta ein Takvam

Magnus Takvam i NRK lar seg ikkje smitta. I Sigrid Sollunds bok om hersketeknikkar fortel ho om ein episode under eit radiointervju, der ein stortingsrepresentant føreslo at journalist Lilla Sølhusvik kunne sitja på fanget hans. Han blei kontant irettesatt av Magnus Takvam.

Det minste #metoo-kampanjen burde føra til, er at vi alle tar ein runde med oss sjølv for å sjekka at vi er klare til å ta ein Takvam når det trengst, ikkje ein Tarantino.

Men det trengst meir. Det trengst stødige rammer å lena seg på. Eit språk ein kan klara å bruka, eit system ein kan ta i bruk.

For viss vi går tilbake til henne som nettopp hadde fått sin første deltidsjobb, viss ho skal gå til sjefen sin, som er minst tjue år eldre, som har kjent henne mykje kortare enn han har kjent tafsaren, som ikkje anar om ho står der for å spørja om å bytta ei vakt, eller for å fortelja om trakassering i hans bedrift. Korleis skal ho få dette sagt?

Det er ikkje sikkert det hjelper nok at Gwyneth Paltrow og dei har sagt det høgt før henne.

Vi treng hjelp frå Horne

Marie Simonsen i Dagbladet meiner Solveig Horne (Frp) kan hjelpa. Stortinget har bedt statsråd Horne utreia eit lågterskeltilbod i den nye likestillings- og diskrimineringsnemnda. Slik at nemnda får mandat til å gi erstatning og oppreising i saker under diskriminiseringslova. Det kan gjelda diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet eller funksjonshemming. Men i høyringsnotatet er seksuell trakassering halde unna denne ordninga. Fordi stigmatiseringa er sterk og bevisføringa vanskeleg. Simonsen påpeikar at det verkeleg også gjeld dei andre, nemnde felta.

Ta inn seksuell trakassering også, Horne. Vi treng rammer, stolpar og språk å festa dette til.

Elles blir det liggjande som klam, lam skam på altfor mange av oss. Det er lite ærerikt, men alt tyder på at vi ikkje alle er ein Takvam. Du må rett og slett gjera det litt lettare for Tarantinoane blant oss å handla.

For lammande skam skal høyra tafsarane til.

Publisert:

Les også

  1. Sandelson: Meir enn kyllingpølsetoleranse

  2. Sandelson: Gud er ingen garantist for det gode

  3. Sandelson: Ja, eg veit det singlar i glashus nå. Men likevel

  1. Seksuell trakassering
  2. Gwyneth Paltrow
  3. Quentin Tarantino
  4. Solveig Horne