Éin europeisk nasjon? Kvifor ikkje?

GJESTEKOMMENTAR: I 1814 var Noreg ein fornuftig storleik på ein nasjonal fellesskap. Kanskje er Europa den fornuftige eininga i det 21. hundreåret?

Publisert: Publisert:
  • Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar

Den greske myten om oksen Taurus (Zevs omskapt) si bortføring av prinsessa Europa var utgangspunktet for namnet til verdsdelen vår. Utsnitt av måleri fra år 1716 av Jean-François de Troy (1679–1752). Foto: National Art Gallery (Washington)/Wikimedia Commons

  1. Leserne mener

Artisten Bono frå U2 har nyleg meint at ein må ta attende ein sunn patriotisme for å redda EU-prosjektet. Kommentator Fareed Zakaria slutta opp om dette her i Aftenbladet for nokre veker sidan. Kva er eigentleg Europa? Og kan Europa verta ein nasjon?

Då den vakre prinsessa Europa plukka blomar i enga, vart ho var ein særs rolig, kvit, fin okse. Ho nærma seg den og kjælte den ved øyro, og så sette ho seg oppå ryggen på den. Då sette oksen i galopp mot havet, sumde uti med Europa framleis på ryggen. Då dei nådde land att, viste det seg at det var guden Zevs som hadde forvandla seg til ein okse for å kidnappa Europa. Zevs sette deretter tre barn på Europa og gjorde henne til dronning av Kreta. Slik er Europa for første gong nemnt i kjeldene frå den greske mytologien. Det er herfrå verdsdelen vår har fått namnet sitt.

Aldri ei samla sentralmakt

Europa er ei sterk kvinne, ho har ikkje late seg styra av nokon herskar. Til motsetnad frå andre liknande geografiske område som har vore under same kultursfære, slik som Kina, India og USA, har Europa aldri vore samla under ei sentral styresmakt.

Det er i grunnen litt rart at Europa aldri vart samla politisk. Korte geografiske avstandar, gode transportvegar og stort sett sams kultur og religion gjer område eigna til dette. Ikkje minst det siste er slåande – kristendommen var ein sterk felles både identitets- og institusjonsskapar gjennom store delar av europeisk historie. Pavekyrkja og det latinske språket utgjorde eit administrativt og åndeleg nettverk som batt Roma saman med Trondheim i Noreg i nord og Sevilla i Spania i sør.

Det tysk-romerske riket (843–1806) cirka år 1630. Foto: Wikimedia Commons

Nett dette vart då også forsøkt brukt som grunnlag for ei europeisk statsdanning av Det tysk-romerske riket, som vart skipa i år 843, og som bestod formelt heilt til Napoleon oppløyste det i 1806. Sjølv om keisaren av dette riket vart krona av paven i Roma, og vart peika ut som den rette etterfølgjaren etter dei romerske keisarane, vart dette aldri i nærleiken av å bli eit heileuropeisk keisardøme. Det var for mange sterke regionale maktsentrum til at dette kunne gå.

Både den engelske, den franske og den spanske kongen, saman med den tyske keisaren og den russiske tsaren, hevda alle å vera dei rette leiarane av det kristne Europa. Mykje takka være det særeigne jordeigedom-systemet som utvikla seg i Europa, som juridisk delvis var arva frå romarane, delvis frå den germanske tradisjonen, utvikla det seg sterke, men relativt små kongedøme basert på privat eigarskap av jord.

Desse kongedøma vart ofte basis for dei nasjonalstatane som Europa er delt inn i no. Men ein skal hugsa på at desse for det første er historisk sett nye (ofte svært nye). Mange av nasjonalstatane vart ikkje forma før på starten av 1900-talet, og berre etter mange lokale krigar og to verdskrigar har det europeiske statssystemet fått forma det har i dag. Dette er ein orden som er mindre enn 80 år gamal. EU er snart like gamal.

Medlemsstatane i EU i dag, før Storbritannia går ut av unionen, etter planen i 2019.

For det andre er det ingenting skjebnebestemt i at Europa kom til å bestå nett av desse statane, med nett desse grensene – sjølv om mange nasjonale forteljingar liker å framstilla det som om dei statsgrensene som no finst, er ei realisering av ein historisk lagnad.

Det er sant at dei europeiske nasjonalstatane er resultat av langvarige historiske prosessar. Desse er både tilfeldige og styrde, men ikkje forutbestemde. Grovt sett var det som skjedde at det ein kan kalla nasjonale strategar gjennom dei siste to hundreåra gjorde seg nytte av dei historiske prosessane som råstoff i ein nasjonsbyggingsprosess.

Mindre skilnader no

Spørsmålet må så vera, kvifor kan ein ikkje starta eit nasjonsbyggingsprosjekt der nasjonen Europa er målet? Alle føresetnader er på plass: Mange meiner at etableringa av felles marknad, utdanningssystem og kommunikasjonssystem var viktig som grunnlag for dei europeiske nasjonane. Alt dette har ein på plass i EU.

Mange vil meina at det er store interne forskjellar i EU i dag, men desse er truleg mindre enn dei interne forskjellane i til dømes Frankrike for 100 år sidan, som Eugene Weber viste i boka «Peasants into Frenschmen» frå 1976. Dei franske bøndene i provinsane forstod knapt språket til dei styrande i Paris, og dei hadde inga førestilling om kven som styrde dei og kva det ville seie å vere fransk heller en tysk.

Slik også i Noreg. Bøndene ute i bygdene levde på mange vis i ei radikalt anna verd enn det embetseliten i Oslo gjorde. Ganske forskjellige talemål snakka dei også – og avstandane mellom folk i utkanten og folk i sentrum var nok opplevd som minst like store som avstanden til Brussel i dag.

Europearar kjem neppe nokon gong til å tala same språk, men det er heller ikkje naudsynt for å verta ein nasjon. Belgia, Sveits, Spania og Canada er alle nasjonar med fleire offisielle språk. Det som på den andre sida er naudsynt, i tillegg til alle dei institusjonelle og økonomiske rammene som alt er på plass, er ei sams forståing av ei sams europeisk historie, og at denne kan skapa eit suverent europeisk folk.

Kanskje det fornuftige?

Me er nok lang frå eit sameint, suverent europeisk folk ennå. Poenget er at det ikkje treng vera nokon motsetnad mellom nasjonal suverenitet og eit suverent EU. Kva er ein nasjon, om ikkje eit lagnadsfelleskap? I 1814 var Noreg ein fornuftig storleik på ein slik fellesskap. Kanskje er det Europa som er den fornuftige eininga for eit slikt nasjonalt fellesskap i det 21. hundreåret? Kanskje handlar det ikkje så mykje om å ta patriotismen tilbake frå nasjonalistane, men om å gjera EU til eit nasjonalt prosjekt?

Kanskje vart Europa aldri eigentleg kidnappa av den kvite oksen. Kanskje går ho framleis muntert i den europeiske blomsterenga og ventar på at europearane skal ta henne til dronning av ein demokratisk, europeisk nasjon. Det kunne vore ein mytologi, det. Dersom det er Europa ein vil ha. Uansett bør me alle passa på at ho ikkje vert kidnappa av folk med dårlege siktemål.

Publisert: