Kan kjendisane redda politikken?

KOMMENTAR: Så skal Tore Renberg, Kristoffer Joner, Bjarne Berntsen og Tommy Fredvang ta seg av detaljregulering, implementering av strategiplanar og interpellasjonar i bystyret. Blir lokalpolitikken meir sexy då?

Publisert: Publisert:

Tommy Fredvang er Stavangerkameraten som stiller til val for MDG i Stavanger. Vil det få fleire til å stemma på MDG − og sikra Fredvang fire år med sakspapir og lange møte? Foto: Jarle Aasland

  1. Leserne mener
Denne artikkelen er over ett år gammel

Tommy Fredvang er sistemann ut. Den syngjande Stavangerkameraten avslørte denne veka at han er naturfyren og tre-elskaren i bandet. Nå tek han konsekvensen av engasjementet sitt for miljøet − og stiller til val for MDG i Stavanger.

Fredvang er siste mann ut i ei ny, lita rekke av lokale kjendisar som har sagt ja til å stå på partilistene til kommunevalet neste haust. Forfattar Tore Renberg stiller til val for Arbeidarpartiet, som allereie hadde Kristoffer Joner både på lista og i bystyret i Stavanger. Og i Sandnes har Viking-trenar Bjarne Berntsen sagt ja til å stå på Arbeidarpartiets liste.

Berntsen ser på seg sjølv som listefyll, men det kan han fort bli blå for. Det skal ikkje mange kryss til ved Berntsens namn på 27.-plass på lista før han hamnar i bystyret i Sandnes. Omtrent slik Alf Inge Håland suste inn i kommunestyret i Time ved sist val, sjølv om han stod på 22.-plass på Høgres liste.

I den andre enden har bystyrets einaste profesjonelle klovn, Per Inge Torkelsen, gitt beskjed om at han ikkje stiller til val for Venstre neste haust, etter å ha engasjert seg politisk sidan 1979.

Kjendis på lista

Eg syns det er strålande at folk engasjerer seg i samfunn og politikk. Langt fleire burde gjera det, enten dei er røyrleggjarar, skodespelarar, lærarar, forfattarar, sjukepleiarar, songarar eller næringslivstoppar.

Likevel blir det ikkje store oppslag av at ingeniørar, bibliotekarar eller butikkmedarbeidarar står på partilistene. Slik bidreg partia, pressa og kjendisane i fellesskap til idolifiseringa av politikken; til å gjera politikk til endå meir av eit reality show. Er politikken − og dermed me − tente med det?

Tore Renberg har sagt ja til Kari Nessa Nordtun og Arbeidarpartiet. Blir forfattaren bystyrepolitikar neste haust? Foto: Kristian Jacobsen

Når partia løftar fram at dei har fått ein kjendis på lista si, meiner dei tydelegvis at dette skal gi partia fleire stemmer. For å bli litt valforskaraktig, så har det skjedd store endringar i korleis folk stemmer ved val dei siste par generasjonane. Ein gong i tida kunne du stort sett finna ut kva folk stemte ved å sjå på kva foreldra deira jobba med og stemte. Lenge var klassetilhøyrsle det avgjerande. Sidan blei det meir komplisert. Velgarane begynte å vandra over dei tidlegare så fastlagde partilinjene, ulike faktorar påverka valet, som økonomi, verdiar, psykologi, trynefaktor. Har me nå nådd punktet i vår politiske historie der me vel parti basert på kva kjendisar som støttar dei?

Politisk realityshow

Det største politiske realityshowet i verda foregår for tida i USA − og antyder både at kjendisstatus har ein politisk verdi, og at det ikkje har det. Ved presidentvalet i 2016 stilte heile A-kjendislaget opp for Hillary Clinton. Ho blei støtta av folk som Oprah Winfrey, Beyoncé, Lady Gaga, Meryl Streep, Robert De Niro, Lena Dunham, Justin Timberlake, Katy Perry. Kjendisane som støtta Trump, såg mest ut som eit freak show: Hulk Hogan, Dennis Rodman, Mike Tyson, Kanye West og Ted Nugent.

Men sjølv med eit langt svakare kjendislag i ryggen, vann altså den største kjendisen av dei alle: reality- og eigedomskongen Donald Trump.

Moralen? At det tydelegvis både hjelper og ikkje hjelper med kjendisstatus i politikken.

Sjølv håper og trur eg ikkje kjendisstatus avgjer kva politisk parti folk stemmer på. Det ville i så fall vera trist. Men det er flott om kjendisars politiske engasjement bidreg til å auka veljaranes politiske interesse og engasjement, slik at fleire sette seg betre inn i politikken − og sidan baserte sine partival på djupare kunnskap om politikk og ideologi, prioriteringar og konsekvensar.

Les også

Venstre om i kulturbudsjettet

Betre politikarar?

Det er stor forskjell på å seia høgt at du støttar eit bestemt parti og å bli folkevald politikar, slik særleg Renberg og Berntsen nå risikerer å bli. Men vil kjendisstatusen deira bidra til at dei blir betre politikarar i kommunale styre og råd enn ein vaktmeister eller ein lege? Sannsynlegvis ikkje. Du blir ikkje nødvendigvis dyktigare i oppfølging av selskapskontroll med forvaltningsrevisjon i IVAR IKS (bystyresak 86/18 i Stavanger bystyre) av å ha skrive romanar. Du er ingen kløppar på kostnadsoverslag 2 (K2) for Iglemyr svømmehall pnr 60008 (bystyresak 13/18 i Sandnes) bare fordi du har trent eit fotballag.

Men her ligg også noko av det vakre i det norske demokratiet. Me vel våre likemenn til å styra oss. Dei treng ikkje vera ekspertar eller profesjonelle politikarar, men småbrukarar, poetar, sekretærar og andre kvardagsfolk som tek på seg å bruka kveldar og helger på sakspapir og møte. Dei blir ikkje rikt løna, verken i makt eller pengar. Sannsynlegvis får dei minst like mykje kjeft som ros. Det er ikkje særleg sexy. Men likevel er dei engasjerte nok til å stilla opp for fellesskapet.

Det er noko vakkert over dette biletet: Av superkjendisskodespelar og første vararepresentant i kommunalstyret for levekår i Stavanger, Kristoffer Joner, der han sit i sitt lønkammer, bøygd over ei tjukk bunke papir. Nei, det er ikkje manuset til den neste store katastrofefilmen. Det er sak 85/18 i Stavanger bystyre: Status for implementering av Strategiplan for folkehelse 2013–2029.

Les også

Valgforsker: − Politiske saker betyr mer for velgerne enn personer

Les også

Politisk trynefaktor betyr nesten dobbelt så mye på bygda som i byen


Les også

Tore Renberg stiller til valg for Ap

Les også

Bjarne Berntsen kan bli bystyrepolitiker i Sandnes

Les også

MDG har fått med seg tre-elskeren i Stavangerkameratene


Publisert: